Sitat

«Et hav av minner» av Alyson Richman

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Et hav av minner

Eg var ikkje førebudd på kva denne boka var, eller kva den ville gjere med meg. Eg har lest dei andre bøkene til Richman (i alle fall dei norske utgivelsane), og det er i stor grad kjærleikshistorier med modige karakterer knytt til andre verdskrig. Denne boka har for så vidt litt bakgrunn i andre verdskrig, men det er ein heilt annan «krig» som er hovudfokuset. Dette er ikkje ein typisk romantisk dameroman, sjølv om omslaget kanskje kan lure deg litt.

Størsteparten av perspektivet i boka ligg hos Salomé, og alle dei andre historiene i boka er knytt til hennar, gjennom ett eller to eller tre ledd. Under Pinochet sitt kupp i Chile, vart Salomé kidnappa to gonger og mishandla sterkt fordi hennar berømte ektemann var kritisk til kuppet. Og sjølv om Salomé reiste med han og barna sine til Sverige som politiske flyktningar, går det ikkje lang tid før ho og Octavio går frå einannan, for Salomé kan ikkje tilgi. Ho går i terapi, og vi vert og kjend med psykiateren Samuel, hans fortid, og hans kones fortid.

Dette er ikkje ei historie der alle ledda fra fortida møtast i notida og plutselig var alle i slekt, men ein roman som rett og slett knyt saman eit hendelsesforløp. Den er original, sterk og ja, annleis. Det er faktisk ein knusande roman, og ikkje ei bok ein kan pløye raskt gjennom som underhaldning. Det tok meg heile fire dager å lese ut denne boka, for skildringane og historia er så utruleg sterkt. Språket er velskrive og kapitla korte, så boka er i grunnen lettlest; men tru meg, denne boka vil du bruke tid på å kome gjennom (og nyte!).

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016 (2004)

Fleire bøker av Alyson Richman finn du HER.

Sitat

«Café Estrella» av Linda Ask-Knutsen

Boka er sponsa av forfattaren

Café Estrella

Då har eg lest oppfølgjaren til Orkanen. Igjen møter vi Mira Cara Rodriguez, og fortsetter historia på minuttet, der den forrige boka slutta.

Mira har ei krevjande framtid i møte: ho skal bli kjend med den nye familien sin, sette seg inn i rolla som hovudaksjonær i farens rederi, og avstand skaper problemer i forholdet mellom henne og Levi. I tillegg har ho fleire draumar enn før, og vert autorisert til å besøke limbus (tilstanda mellom levande og døde), men valet ho tek der skaper store fysiske og psykiske problem for Mira.

Boka går ikkje like raskt framover som forgjengeren, men den går endå djupare. Det byggjer seg opp eit drama i boka, men som aldri blir heilt forløyst eller avslørt (skriv ferdig den tredje boka, Linda!). Vi går inn på Mira på eit meir personleg nivå, og mykje meir av hennar indre liv, noko som er veldig interessant, då Orkanen tok meir for seg alt som skjedde rundt Mira. Du må for øvrig definitivt lese den fyrste boka før du starter på denne, elles kjem du ikkje til å forstå 1/10 av handlinga. Så… no skal eg liksom sitte her og vente eit år på avslutninga?!

Forlag: Kolofon
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Linda Ask-Knutsen finn du HER.

Sitat

«Orkanen» av Linda Ask-Knutsen

Boka er sponsa av forfattaren

Orkanen

No la eg nettopp ned den 409 sider lange romanen du ser på biletet ovanfor. Og eg sit litt i sjokk, for dramatikken økte dramatisk (hihi) på slutten, og fy søren for ein cliff hanger som avslutta boka! Takk gud for at eg har oppfølgjaren liggande på vent.

Mira Cara Rodriguez er hovudpersonen i denne boka. Ho har spesielle evner som ho ikkje heilt klarer å forklare, ikkje for seg sjølv ein gong. No skal ho reise til Brasil for eit år for å utvide firmaet sitt, men rundt Mira skjer det alltid noko. Det er ikkje ho som viklar seg inn i ting, det er livet som viklar henne inn. Og i Brasil går det slag i slag. For byen ho skal etablere ein ny filial i, er ein by ho besøkte med faren som barn. Ho hugser ingenting av opphaldet, og bestemmer seg for å endeleg takle tapet av faren, som forliste for 20 år sidan. Ho graver i fortida, og det viser seg å utvikle seg i rasande fart.

Når Linda fortalte meg om boka si, vart eg interessert i å lese henne på flekken! Og det var eit sabla godt val, for denne boka oser av kvalitet, og Linda viser at ho veit verkeleg kva ho snakkar om, og i sin tur skildrar. Historia flyt lett, og har ein spanande driv, med både tilbakeblikk og andre sine perspektiv. Det er ei verkeleg unik bok. Det er ikkje fyllstoff for ein pendlar, men ei bok ein verkeleg set seg ned med og nyt. Så enjoy!

Forlag: Kolofon
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Linda Ask-Knutsen finn du HER.

Sitat

«Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant» av Jonas Jonasson

Hundreåringen

La oss berre snakke litt om den tittelen. Jonassons titlar er jo dei mest ekstreme tilfella, haha! Det er jo litt av sjarmen, då. Allan Karlsson er resten av han.

Allan Karlsson har levd eit langt liv. Faktisk heile 100 år, på dagen. Men han er ikkje interessert i døy på ein gamleheim, så medan personalet og bebuarar arrangerer selskap med bløtkake, snik Allan seg ut av vindauget og stikk av. På Allans reise, lærer vi mykje nytt om han. Han har opplevd mykje i løpet av sine 100 år, og deltatt (og forårsaka) mange av 1900-talets store hendingar. Så å no bli forfulgt av ein motorsykkelbande og politiet, er småtteri – Allan har jo tross alt vore i Nord-Korea og er venn med Winston Churchill.

Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at denne boka er hysterisk morsom, og ei bok ein vemodig pløyer igjennom (ein vil jo at den skal vare for alltid). Og berre så det er sagt: alle som synest denne er dårleg, har elendig smak i litteratur og humor. Punktum.

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2010

Fleire bøker av Jonas Jonasson finn du HER.