Sitat

«En eventyrlig julereise» av Corina Bomann

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

En eventyrlig julereise

Superpopulære Corina Bomann har no rett før jul kome ut med ei smal julehistorie (i eit nydeleg omslag). Den er som sagt smal, i tydinga tynn, og er berre ei kort historie om eit par ulike juleopplevingar.

22-årige Anna Wagner hater jula. Ho orker ikkje stresset, og reiser heller til Syden. Men i år har lillebroren på 9 år bedt henne kome heim til jul, og ho klarer ikkje seie nei. Lille julaften setter ho seg på toget til Berlin, men sovner. Når ho vakner, har ho hamna i Binz, 200 kilometer unna hovudstaden. Det er seint på kvelden, ingen mobildekning og rådyre hotell. Anna har flaks og får skyss med ein brøytebilsjåfør, og slik startar hennar tur heim; hennar eventyrlige julereise. Vel, eigentleg er den ganske jævlig. Og overalt kor ho ender opp, er ho omringa av Last Christmas

Boka er ikkje like god som Sommerfugløya og Måneskinnshagen, men så er den òg mykje tynnare med eit mykje mindre eksotisk tema. Den tar derimot opp alle forventningane og stresset rundt juletida, som mange kjenner på. Ei bok til ettertanke, og koseleg julelesning. Ei deilig bok å slappe av med no i romjula.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Corina Bomann finn du HER.

Sitat

«Spionen» av Paulo Coelho

Boka er sponsa av Bazar forlag

Spionen

Spionen er ein ganske annleis roman enn dei andre Coelho har skrive, men den typiske poetiske skrivemåten og dei djupe refleksjonane manglar ikkje i denne boka heller. Romanen er skriven i brevform, med unntak av prolog og epilog. Det meste er «skrive» av Mata Hari, eller Margaretha Zelles. Eg hadde jo høyrt namnet Mata Hari før eg starta på boka, men eg ante jo eigentleg ikkje kven ho faktisk var (eller at det var ei ho i det heile tatt). Ho vert rekna som ein av verdas fyrste feministar, og vart tilsynelatande uskuldig henretta for å beskytte mange mektige menn ho hadde kjennskap til.

Mata Hari var altså ei nederlandsk kvinne som, etter å ha rømt frå eit grusomt ekteskap med ein militær i Indonesia, reiste til Paris for å leve eit fritt liv. Ho gjenskapte stripteasen frå noko tarveleg til noko sensuelt og kunstnerisk, og levde som eit sosialt midtpunkt. Strengt tatt var ho prostituert, og levde eit ganske utsvevande liv. Ein kan kanskje samanlikne ho med dagens Kim Kardashian, som til trass for manglande talent har ei evne til å begeistre menn og kvinner, og halde seg i rampelyset?

Uansett, fyrste verdskrig kjem snikande samstundes som Mata Hari aldres og utsjånaden hennar falmar, og ho vert lokka til å reise til Berlin for å opptre der. Etter mykje att og fram vert ho bedt om å fungere som spion for tyskerane, og går rett til franskmenna for å melde seg som dobbeltspion. Til trass for å aldri ha rapportert noko som helst, kun brukt tyskerane som ein minibank, vert ho dømd for spionasje på eit latterleg tynt bevisgrunnlag (eigentleg ikkje-eksisterande). Ho vert deretter henretta ved gevær- og pistolskudd, og begravd i ei anonym massegrav.

Dette er ikkje meint til å fungere som ein slags utdjupande biografi om Mata Hari, og er berre kort oppsummert (med bittelitt kunstnerisk fridom). Det er ei ganske kort bok, på knappe 180 sider med brei marg og stor skrift, så den er raskt utlest. Det er ikkje ein direkte spenningsroman (vi veit jo allereie frå starten at ho døyr), men hennar syn på verda og sitt liv (med litt hjelp frå Coelho) er uhyre interessant lesning. Og om du har lest og likt dei andre bøkene hans, er det ingen grunn til å stoppe her.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Paulo Coelho finn du HER.

Sitat

«Rein natur» av Maria Tryti Vennerød

Rein natur

Denne forteljinga er inspirert av verkelege hendingar og personar, ikkje minst den verste og mest frykta av nazidoktorane under andre verdskrigen, Doktor Josef Mengele, som jobba i Auschwitz og som hadde tilnamnet «Dødens engel». Dette er ein del av forordet til stykket. Resten av forordet presiserer at sjølve stykket er oppdikta og ikkje historisk etterretteleg. Det er skrive for eit prosjekt om andre verdskrig av Det Norske Teatret.

Dette er eit intenst lite stykke, der vi følgjer Josef Mengele i ulike aldrar. Det er tre periodar av livet hans, delt opp av eit kor og Hippokrates. Det er eit dykk inn i menneskelegheit, grusame handlingar, naturens eigen natur og om å ville det beste. Det handlar om vitskap, legekunst, forsking og ikkje minst – målet med forskinga. (Og det fungerer skikkeleg godt på nynorsk! Eigentleg gjer vel det meste drama det?)

Det vil ta deg ein halvtime å lese ut denne tynne boka, men bruk litt ekstra tid og nyt den! Det gjorde i alle fall eg.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Hitler – min nabo» av Edgar Feuchtwanger og Bertil Scali

Hitler - min nabo

Kor skal eg begynne?? Edgar Feuchtwanger er fødd i 1924 og er historikar. Som 87-åring skreiv han denne boka saman med Bertil Scali. Historia han alltid sa han skulle fortelle andre om, nemleg barndomen sin. For i ti år, før familien klarte å kome seg ut av Tyskland, budde Hitler i huset over gata.

Boka skildrar korleis Edgar veks opp under oppseilinga til krigen, som jøde. Det vil seie, Edgar blir stempla som jøde. Ingen i hans familie er religiøse, men det spelar ingen rolle. Litt etter litt forsvinn alle vennane, familien, rettigheitane. Og alt er på grunn av Adolf Hitler, han som Edgar ser på gjennom vinduet sitt om kvelden, den bittelisje mannen med den enda mindre barten.

Dette er ei vanvittig sterk bok. Eg sat med tårer i auga fleire gonger, for det er ikkje meininga at eit barn skal oppleve slikt. Eller nokon, eigentleg. Det er mykje historie stappa inn i voksne samtaler, og det er lærerik lesning. Og vanvittig skummelt, for dette er det mest redselsfulle kapitlet i verdshistoria som «sanne historier» baserer seg på. Ikkje bry deg om hermetegna, for dette er faktisk ei sann historie. Og no har eg berre lyst å gråte.

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: 2013

Sitat

«Sommerfugløya» av Corina Bomann

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Sommerfugløya

Det er så deilig med slike bøker som bare fanger deg frå første side! Akkurat som Måneskinnshagen av Bomann, tar boka deg rett inn i ein avgjerande augneblink i ei kvinnes liv. Og igjen vert vi sendt på tur til eksotiske sydhavsøyer. Denne boka var rett og slett ei fryd å lese!

Boka handler om Dianas jakt på familiens store, mørke hemmelegheit. Etter at grandtanta døyr, er ho nemleg den siste slektningen i live, og grandtanta har sørga for at ho vert satt på sporet av skandalen ingen ville eller lenger kunne snakke om. Skandalen ramma Grace, Dianas tippoldemor, då ho budde med foreldra og systra på teplantasjen deira på Sri Lanka. Handlinga vekslar mellom Graces opphold på plantasjen, og Dianas jakt på kva som skjedde. (Personlig synest eg at Graces historie var den verkeleg interessante, men det synest vel strengt tatt Diana òg?) Og slutten tok meg verkeleg på senga!

Handlinga suser av gårde, og du har knapt tid til å puste! Eg var litt redd for at enkelte tråder ville forbli knytte (slik som i Måneskinnshagen), men alle spørsmål vart heldigvis svart på. Boka er òg pendlervennlig som få, då kapitla er ca 15 sider lange, og avsnitta 2-3 sider. Så du har alltid tid til eitt kapittel til, noko som går skummelt mykje ut over matlaging, eksamenslesing og husarbeid! (Men er det ikkje berre verdt det?)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Corina Bomann finn du HER.

Sitat

«Instituttet for de siste ønsker» av Antonia Michaelis

Forhåndseksemplar fra Cappelen Damm

Instituttet for de siste ønsker

Dette er ei underfundig, fin og verkeleg spesiell bok. Den tok si tid å lese ut, og historia snirkla seg rundt sving etter sving – og overraskingane ville ingen ende ta. Når du trudde du hadde forstått alt saman, dukka noko heilt uventa opp og forandra alt. Og så skjedde det igjen.

Boka følger Mathilda, som i rundt eitt år har arbeidd på Instituttet for de siste ønsker. Ho og Ingeborg arbeider døgnet rundt med å oppfylle døyande menneskes siste ynskjer. Folk kjem med alle slags ynskjer, som å få feire jul (sjølv om det er sommar) eller reise i luftballong. Nokon vil høyre ein avdøydd songer synge live éin gong til, og alt går an med litt triksing. Men Mathilda sitt liv blir snudd opp ned når Birger Raavenstein dukker opp og vil finne kjærasten som stakk av for femten år sidan med deira ufødte barn. Det blir ei altoppslukande jakt for Mathilda, som ikkje ender slik ho (eller vi som lesarar) kunne trudd. Ganske raskt får Mathilda ei kjensle av at noko ikkje stemmer, og at noko stemmer alt for godt, og ho klarer ikkje sleppe taket.

Ein kan verkeleg føle humøret sitt stige og synke i takt med Mathildas. Eg fann meg sjølv både smilande og med ei bekymra rynke mellom bryna. Det kjennes litt som om Jojo Moyes og Gert Nygårdshaug har fått eit kjærleiksbarn. Og det fungerer eigentleg ganske godt.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Måneskinnshagen» av Corina Bomann

Forhåndseksemplar fra Cappelen Damm

Måneskinnshagen

Det gjekk ikkje i nokon fei å lese denne boka (for meg betyr det at det tok meir enn to dager), for kapitla er ganske lange og utfyllande, så eg måtte setje meg ned når eg skulle lese. Dette var mitt første møte med Corina Bomann, og no har eg absolutt tenkt å skaffe meg Sommerfugløya av same forfatter!

Lilly Kaiser er hovudpersonen i denne boka. Lilly er ei ung enke og driv ein antikvitetsbutikk. Ein dag kjem det ein framand mann inn i butikken, gir ho ein fiolin og erklærer at den tilhøyrer henne. Lilly kan ikkje forstå noko som helst, då ho ikkje speler fiolin eller har familie som gjer det. Forundra ringer ho venninna Ellen, som er ekspert i å restaurere gamle instrument. Spontant reiser ho frå Berlin til London, der venninna bur, for å finne ut meir om fiolinen. Når ho oppdager at den har tilhørt ikkje berre éin, men heile to verdskjende fiolinistar, vert ho fascinert. Og når det viser seg at ingen aner korleis fiolinen vandra frå den eine fiolinisten til den andre, klarer ikkje Lilly å stoppe gravinga. Leitinga på svar sender henne til Italia og Indonesia, men ingenting kunne førebudd henne på svara ho ville finne.

Boka var veldig lik Sarah Jio sine med ei naturleg veksling mellom nåtida og fortida. Det einaste eg ikkje likte noko særleg var ein laus tråd i enden – som med letthet kunne vore nøsta opp i – så eg skulder på at Bomann må ha vore litt lat på slutten. Opne sluttar er jo ikkje heilt uvanleg heller, men for min del liker eg at historia er slutt når boka er det (med mindre det kjem ein oppfølger, så klart, men det er nok ikkje tilfellet her).

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Carina Bomann finn du HER.