Sitat

«Den engelske piken» av Katherine Webb

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Eg har venta med å lese denne boka til den kom i pocket, for å fullføre samlinga mi. No skulle eg ynskje eg ikkje hadde bygd opp forventingar i eit år, for eg er bittelitt skuffa over denne boka. Eg har absolutt elska dei andre bøkene eg har lest av Katherine Webb, men denne nådde ikkje heilt opp hos meg.

La meg berre byrje med å seie at bakteppet og atmosfæren i denne boka er fantastisk. Det er nok det beste med heile greia, i tillegg til dei sterke kvinnene, då. Ørkenen og femtitallet er verkeleg vidunderleg skildra, og det er som ein film. Likevel manglar det noko, ein slags driv. Eg klarer ikkje engasjere meg heilt i historia, og det irriterte meg litt. Og så er kapitla alt for lange.

Dei sterke kvinnene eg nevnte ovenfor, er Joan og Maude. Mesteparten av handlinga er lagt til Joan si reise til Oman i 1958, då ho som nyutdanna arkeolog reiser dit i håp om å få grave litt rundt og sightsee. Det er dessverre ikkje like lett i eit konservativt muslimsk land, og Joan vert skuffa. Men alt er ikkje forgjeves, for ho får møte Maude Vickery, det store førebilete hennar. Ho har heile livet sett opp til denne eventyrlege føregangskvinna, og klarer med litt om og men å utvikle eit vennskap med den gamle kvinna. Men Maude er ei ganske bitter gamal dame, og har heilt andre planar for den unge venninna si enn Joan forstår.

Det tek litt for lang tid før det faktisk skjer noko dramatisk (bortsett frå det Joan finn ut om forloveden sin, det var ein god – om enn liten – twist!), men som ein enkel historisk roman er boka kjempefin. Den kan minne litt om bøkene til Erica James, der vennskapet mellom unge og eldre er sentralt.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Katherine Webb finn du HER.