Sitat

«Idioten» av Elif Batuman

Boka er sponsa av Solum Bokvennen

Idioten er ein litt annleis coming of age novel (dannelsesroman, sjølv om det høyrest meir pretensiøst ut på norsk). Det er ein ganske kompleks roman, som har fokus på så utruleg mykje forskjellig; utdanning, vennskap, (ubesvart) kjærleik, det første møtet med moderne teknologi, språk og litteratur, kultur, og så er her bokstavelig talt ei dannelsesreise.

Denne romanen handlar altså om tyrkisk-amerikanske Selin, som går førsteåret på Harvard. Selin er ei ganske så enkel, uskyldig og gjennomsnittleg jente. Likevel har ho ein tendens til å hamne i dei merkelegaste situasjoner. Ho er ikkje spesielt sosialt oppegåande, kan man vel seie. Å vere litt usikker på korleis ein forholder seg til folk ein er litt interessert i, vert ikkje enklare når ho byrjar å maile med medstudenten Ivan. Ivan er ungarsk og utruleg sær, men Selin fell for han – av ein eller annan grunn. Epostane deira vert ei stund det einaste kommunikasjonsmiddelet dei har, og etter kvart blir det rart å møtast i verkelegheita. For Selin blir Ivan eit slags idealmenneske. (Eigentleg er han ein skikkeleg arrogant dritt, synest eg.)

Vi følger Selin frå hausten fyrste semester, til vårsemesteret og så sommaren etter, då Ivan har lokka henne til å undervise i engelsk i ein liten ungarsk landsby. I løpet av desse tolv månadane reflekterer Selin mykje over dei underlege situasjonane ho hamnar i, livet, seg sjølv, språk, kultur, og tja, det meste. Kanskje spesielt det ujamne forholdet mellom henne og Ivan. Her er mange morsomme scener og betrakningar!

Batuman er tydeleg ein forfatter som skriv om det ho kan. Når ho skildrar utsjånaden til Selin, er det vanskeleg å ikkje sjå på forfatterportettet av Batuman på omslaget. Ho har og den tyrkiske bakgrunnen til Selin, og Selin drøymer jo om å bli forfatter – noko det er openbert at Batuman er. For språket er heilt fantastisk godt, sidene vender omtrent seg sjølv. Ho har skapt ein ganske sympatisk og sårbar karakter, som ein gjerne følgjer vidare. Så, kan eg få ein roman med skuleår nummer to??

Forlag: Solum Bokvennen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«OG» av Veronica Salinas

Dette er ei ganske spesiell ungdomsbok. Den handlar om ei ung jente som reiser til Noreg frå Argentina for å vere au pair i Fredrikstad. I Fredrikstad blir ho sendt på norskkurs og lærer seg.. vel, å snakke norsk. Ho trives ikkje hos familien ho bur hos, og sakner heimlandet sitt sårt. Boka veksler mellom å vise oss korleis ho har det i Noreg og korleis ho opplever kulturen, og minner frå barndommen i Argentina. Eg-personen ynskte nemleg ikkje å flytte, men det politiske klimaet i Argentina gjorde det umogleg å bli der.

Det er ei lettlest bok som gir eit fint perspektiv på korleis det er for immigrantane som skal tilpasse seg kulturen og språket vårt. (Og det kan eg skjøne at ikkje alltid er like lett, vi nordmenn kan vere ganske sære.) Det eg ikkje skjøner, er kvifor dette er ei ungdomsbok? Den kan då vitterleg bli lest av både unge og gamle! Ta det som ei oppfordring.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Den lille kjærligheten» av Francesc Miralles

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Den lille kjærligheten

Denne boka er ei merkeleg lita greie. Eigentleg er den ikkje så lita heller, med sine 286 sider. Den handler om Samuel de Juan, ein professor i tysk ved universitetet i Barcelona. Samuel er ein ganske einsom ungkar, og ein intellektuell type som frustrerer seg over studentar som ikkje har peiling på Goethe og Brecht (enkelte elevar lar han stå i faget så han skal slippe dei neste år igjen – praktisk). Ein dag dukkar ein katt opp på døra hans, og nektar å gå sin vei. Og sjølv når han går, dukkar han snart opp att, tilsynelatande ut i frå intet. Gjennom katten kjem Samuel i kontakt med mange nye menneske, og finn slik att barndomsforelskelsen si – som ikkje hugsar han i det heile.

Heilt ærleg. så traff ikkje boka meg heilt. Objektivt sett var den ganske god – både handlinga, karakterane og ikkje minst språket var finspissa og utruleg levande og humoristisk. For min del vart handlinga litt for platt, og dialogane tok litt for mykje plass. Det er ikkje ei bok ein les for plottet sin skuld. Men om du liker bøkene om katten Bob (men kanskje vil ha det litt meir intellektuelle med i miksen), trur eg gjerne at du vil like denne boka òg. Elles er boka litt filosofisk av seg, så om det er noko du liker, er den verdt å teste ut (den er uansett lettlest til det ekstreme, og ein kan lett pløye gjennom den for underhaldinga si skuld).

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015