Sitat

«Tjenestepiken til Omicunlé» av Rita Indiana

Eg veit ikkje heilt kor eg skal starte med å fortelje om denne boka. Eg var ikkje noko fan. Vanligvis er eg veldig glad i slik «sær» litteratur, men dette blei for rart, sjølv for meg. Kor mykje eg faktisk kan fortelje om den, er eg òg litt usikker på, for eg veit ikkje heilt kor mykje eg sjølv forsto … Her må eg faktisk lene meg til vaskelappen bakpå (noko eg sjeldan gjer) og anmeldelsane på omslaget (noko eg omtrent ALDRI gjer), for det var stort sett det eg sjølv fekk med meg.

Vi er i Den dominikanske republikk i 2034, og vi møter Acilde. Ho er no hushjelp for Esther «Omicunlé» Escudero, rådgiver for presidenten. Acilde er ei ung jente som har brukt livet sitt på å prostituere seg for å tene penger til eit kjønnsskifte. No har ho endeleg moglegheita til å tene penger nok, for det finnest ei sprøyte med noko kalla «rainbow bright», som fikser biffen.

Dette dekker ca første halvdel av boka. Resten av boka er litt meir uklar. Tida og dei ulike plotta blir miksa saman, og det er så vanvittig mange namn (og det er ekstra vanskeleg når det er namn ein er ukjend med), og vi raser gjennom handlingane. Det er mykje om naturkatastrofer og politikk, kunst og rasisme. Sånn sett har Jon Rognlien i Dagbladet eit poeng når han kaller romanen «en karibisk storm av ord», for det var litt som ein vill storm: overveldande, overraskande og fullstendig kaotisk.

Forlag: Solum Bokvennen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Jeg er ikke …» av Martina Gaux

Leseeksemplar

Oooh, dette er ei bok eg ikkje veit korleis eg kan fortelje så mykje om utan å spoile. Så eg skal halvvegs spoile litt. (Sjølv om eg ikkje synest det er spoiling når det er veldig openbert for alle unntatt hovudpersonen.)

Norske Ryan vakner opp på gata i New York etter å ha blitt påkjørt og mista hukommelsen. Ho er vilt forvirra og prøver å hugse, så ho kan passe inn i livet sitt. Men noko er gale med måten folk snakker til henne, noko er gale med kroppen hennar, noko er gale med leiligheta hennar. Kvifor sender mora brev om at faren sakner sonen sin? Kvar er broren hennar blitt av? Kvifor har ho desse klumpane i skrittet etter påkjørselen, og galast av alt: kvifor vil ingen fortelje henne om denne broren hennar og kvar han er blitt av?

No har eg avslørt så lite eg kan, men om du er oppegåande har du kanskje gjetta deg fram til kvar broren hennar er blitt av allereie. Eg synest i alle fall det var innlysande frå første kapittel. Det er alltid litt kjedeleg når det er slik, men det kan forsvaras med at det er ei lærerik bok. Det var òg ei ganske god bok, sjølv om hovudpersonen verka litt dummare enn ho burde vere for alderen, og det er sånne ting som irriterer meg. Så ikkje toppkarakter altså, men litt meir enn midt på treet.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Gleden med skjeden» av Nina Brochmann & Ellen Støkken Dahl

Boka er sponsa  av Aschehoug forlag

Gleden med skjeden

Det er så vanvittig kult – og ikkje minst viktig – at denne boka eksisterer. Eg har eigentleg alltid vore interessert i det faglege rundt sex (kven av oss er vel ikkje det??), og eg opplevde i alle fall at seksualundervisninga vi fekk på barne- og ungdomsskulen var dårleg, på grensa til latterleg. Og eg kan ikkje ein gong hugse at vi hadde undervisning om det på vidaregåande. Trinnet mitt var nok ikkje det einaste som opplevde dette, eg trur det er ganske typisk for det norske samfunnet. Det er jo så vanvittig kleint og pinleg å snakke om sex, i alle fall om du er ein mann i førtiåra som skal undervise femtenåringar i temaet. Og det er jo forståeleg, det kan vere litt flautt, eg ser den. Men det er så utruleg viktig! Derfor ropar eg hurra for denne boka; det er jo mykje glede å finne i skjede!

Om du ikkje forstår innholdet ut i frå tittelen, er du kanskje litt ung til å lese denne boka. Du burde helst vite kva illustrasjonen på utsida skal forestille: underliv, fitte, mus, vagina, whatever. Boka – som er skriven av to legestudentar – tek for seg alt du treng å vite om underlivet. Anatomien, det reint medisinske, det seksuelle, mytar, prevensjon og problemer med underlivet. Igjen, alt du treng å vite. Treng eg eigentleg seie så mykje meir om innhaldet?

Vel, ja. Eg er jo ei «ung kvinne», og følgeleg har eg ei slik ei som er på omslaget, ei fitte, flaggermushole, dåse (kjært barn har mange namn). Noko anna ville vore rart. Og det er jo mykje man lurer på! Slik som det med at jomfruhinna er ei myte (for det er det), skulle eg ynskje eg hadde visst tidlegare. Då hadde eg kanskje ikkje gått i nokon år og lurt på kvifor eg ikkje blødde då eg mista jomfrudommen min. Hadde vore fint om seksualundervisninga på skulen hadde nemnt det i forbifarta, liksom. Her vert det snakka om mensen, seksualliv og eigentleg det meste folk har lurt på og spurt desse damene om (for dei har ein blogg, Underlivet). Språket er lettlest, ungdommeleg og friskt. Noko det burde vere, for boka er retta mot ungdommar (men bør lesast av alle). Du vil lære mykje! Eg føler meg i alle fall klar for ein eksamen i underlivet.

Og så er det utruleg kult at forfattarane legg til grunn ei vitskapleg forklaring for kvifor og korleis enkelte vert fødde som feil kjønn. Og det var uhyre interessant, og veldig greit å vite. Så det er jo eit lite slag i trynet til alle som seier at transkjønna «berre er mentalt sjuke menneske» (seriøst, fuck you).

Vart dette innlegget litt for personleg for deg? Då trur eg kanskje du faktisk treng å lese denne boka. Kropp er berre kropp.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Boka er illustrert av Hanne «Tegnehanne» Sigbjørnsen. Du finn fleire bøker av ho HER.

Sitat

«Kunsten å være normal» av Lisa Williamson

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Kunsten å være normal

Denne boka MÅ du lese. Det er ein ungdomsroman, men den bør verkeleg lesast av alle vaksne. Dersom nokon har lest I en og samme person av John Irving, så kan du sjå på denne boka som ein light versjon av den. Den er opplysende, personleg og viktig.

Boka handlar om David. David vil vere jente, eller David er jente. Berre at han er biologisk gut. Han held på å gå inn i ein vekstspurt og veit at han snart må seie det til foreldra; det er kun dei to bestevennane som veit det. Når skulen startar etter sommarferien er det ein ny gut på Eden Park, nemleg Leo. Leo vil helst vere for seg sjølv, vere usynleg og berre bli ferdig med skulen. Men både Alicia Baker og David og hans venner har bestemt seg for å bli venn med Leo. Leo viker unna, heilt til han i eit raserianfall slår ned David si bølle. Leo forbanner seg sjølv for å gitt seg sjølv så mykje merksemd, for han har ein hemmelegheit som han ikkje vil dele med nokon. Noko som kan bli problematisk når han forelsker seg i Alicia.

Det er altså to parallelle historier (eller, dei er jo vikla nøye inn i kvarandre), fortalt av to unge gutar med mykje på hjartet. Dei er veldig ulike, kjem frå ulike heimar og er flinke til heilt ulike ting. Det som er så utrulig bra med denne boka er at den ikkje prøvar å normalisere transkjønn, for det er berre gitt at det er heilt normalt; sjølv om det er vanskeleg for folk rundt dei å akseptere til tider.

Boka prøver heller ikkje å overforklare temaet og proppe lesaren full i informasjon. Det er rett og slett ei vellykka bok. Og så trur eg det er ei bok vi treng i samfunnet. For éin ting er kva vi kan lære av sakprosa og dokumentarar, eg trur skjønnlitteraturen alltid vil spele ein viktig rolle i å få folk til å forstå denne typen tema.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Lisa Williamson finn du HER.

Sitat

«I en og samme person» av John Irving

Boka er sponsa av BOKeksperten.no

I en og samme person

Eg har no lest denne boka to gonger, og dei siste åra er ikkje det noko eg gjer ofte. Fyrste gang eg las den var eg 17 år, og no er eg (som dei fleste veit) 20. Og helt ærleg, boka var enda betre no enn forrige gong, og ein rein nytelse å lese.

Boka handler om Bill – Billy, William. Han veks opp i Vermont på sekstitalet. Når han fortel historia si, er han om lag 70 år gamal, og fortel heile livshistoria si. I alle fall dei delane som har forma han som menneske. Og livet til Bill har vore litt av ei reise – frå ein 13 årig gut som var usikker på seksualiteten sin frå augneblinken han forelska seg i den transseksuelle, 40 år gamle bibliotekaren, og til ein velkjend forfatter.

Boka har ein fantastisk flyt, og er lettlest som få. NB! Ikkje for dei pripne. Om du ikkje takler detaljar om homsesex, aids, og litt vel sjuke historier, så bør du absolutt ikkje lese denne boka. Det er ei fantastisk god bok, men om du er eit trangsynt dyr, bør du ikkje kaste vekk tida di.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2012