Sitat

«Algoritmeanekdoter» av Karoline Hjorth

Skrive for framtida.no

Denne boka er mykje rikare enn eg forventa den skulle vere då eg starta å lese. Eg trudde det hovudsakleg kom til å vere ganske triste historier om nettdating, for ingen av portretta på omslaget ser spesielt glade ut. Boka appellerte til meg fordi eg har mi eiga historie rundt å finne kjærleik på nettet; ikkje via datingsider, men eg fann min kjærleik på Twitter. Hjorth fann òg sinn kjærleik på nettet, og det er utgangspunktet for denne boka. Og i sin tur for mi lesing og tolking av den.

Dette er ei samling anekdoter/portrettintervju frå mange ulike menneske; unge, gamle, evig single, skilte, kvinner, menn. Dei får alle kvar si stemme, til og med i skriftspråk. Dei bruker ulike typer sosiale medier og datingforum, på heilt forskjellige måter, og ikkje nødvendigvis til dei same formåla. Nokre fortel om vonde eller gode minner, og nokre reflekterer i hovudsak rundt konseptet. Her er kjærleikshistorier som har endt godt, her er kjærleikshistorier undervegs og kjærleikshistorier som har gått rett i dass.

Ein av dei raude trådane (bortsett frå internettperspektivet) er at alle intervjuobjekta fortel om korleis nettdating har påverka (og fortsatt påverker) livet deira, og vice versa. Portretta er velbalanserte og velkomponerte, og heile kjensleregisteret vert engasjert hos lesaren. Sjølv om her er mange knusande og deprimerande historier, sit eg igjen med ei slags glede likevel. Eg skulle gjerne presentert alle menneskene, men eg trur eg skal la deg få gleda av å møte dei sjølv når du plukker opp denne vesle innertieren av ei bok.

Hjorth er fotograf, og i tillegg til portretter av intervjuobjektene, er det snapshots av heimane deira, både i større perspektiv og detaljer. Som om Hjorth berre har vandra inn i heimane til desse folka som var totalt ubudde, knipsa eit bilete av dei akkurat då ho vekker dei og så berre vandrer rundt og tar seg til rette. Det er rått, sårbart og så lite skjønnmåla som ein kan tenke seg. Det synest eg er ein fin touch, og kanskje det er det som utgjer det vesle ekstra som gjer denne boka heilt, heilt spesiell. Boka er fin, original, aktuell, interessant. Kva meir kan du eigentleg kreve av ei utgjeving?

Forlag: Press
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«Tinderella» av Heidi Nathalie Hovland

Boka er sponsa av Juritzen forlag

Tinderella

Eg har litt vondt inne i meg. Sorry not sorry, men dette er ikkje særleg bra. Boka skal liksom passe for dei som likar SKAM, men eg ser absolutt ingen likskapar mellom serien og boka, på noko nivå. For å ikkje snakke om karakteren Sofie! Ho er nitten, men oppførselen er meir som tretten. Intelligensen og normal folkeskikk er kanskje lågare. Det står bakpå at Sofie er sjølvutleverande og ironisk. I call bullshit. Sofie framstår berre som smådum, barnsleg (ho snakkar seriøst berre dritt om foreldra sine, som ikkje eigentleg gjer noko gale) og overflatisk. Det vert ikkje oppfatta som sarkasme eller satire frå mi side, berre kleint.

Sjølve boka handler berre om alle dei forskjellige gutane som Sofie møter, som alle er dumme, kjedelege, sjølvopptatte, overflatiske, frekke eller stygge. Vel, shocker, Sofie er ikkje noko catch sjølv. Ho er ferdig på vidaregåande, jobbar på kafé og bur fortsatt heime, noko ho surmular over konstant. Ho leiter berre etter kjekke, rike, vestkantgutar, men ingen er bra nok når det kjem til stykket (til trass for kor smålubben, lite pen, lat og kjedeleg Sofie sjølv veit ho er). Ho sveipar og sveipar. Ho vil så gjerne ha kjæreste, men ingen er bra nok. Ho klager over alle som dumpar ho etter ein date, men gjer akkurat det same sjølv. Forfattaren har jo uttalt at mykje er basert på eigne erfaringar, og dersom det stemmer synest eg eigentleg litt synd på ho.

UNNSKYLD for at eg verkar så sur og negativ. Eg prøver alltid å vere positiv når eg omtaler bøker, for vanlegvis vil bøker passe for ein eller annan. Eg ser derimot ikkje heilt kven som vil like denne boka. Vaksne kjem nok til å tenke det same som meg (auch, er eg så gamal allereie??), unge vil nok oppfatte det som ganske merkeleg opplegg. Eller, opplegget og ideen er ikkje så dum, utførelsen er berre mislukka. Språket er dårleg (show, don’t tell gjekk forfattar og redaktør hus forbi), det skjer ikkje så mykje som ikkje involverer alkohol og sex av typen why not? Uff, nei, det funker ikkje. Eg føler eg burde vere ung og kul og like denne boka (eg er yngre enn forfattaren), men det gjer eg dessverre ikkje.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2017