Sitat

«History Is All You Left Me» av Adam Silvera

Gi meg litt YA satt til New York med unge, homofile gutter og mama is happy. Når ein seier det slik, høyrest det kjemperart ut, men den typen romantisk feelgood er blitt ei skikkelig favorittnisje hos meg det siste året. Dette er bøker ein kan forsvinne inn i i fleire timar – for er det noko som ikkje minner meg om meg sjølv, så er det homofile tenåringsgutter.

Livet til Griffin vert snudd på hovudet når hans store kjærleik og første kjæraste Theo døyr. Theo og Griffin slo opp då Theo flytta fra New York til California for å starte tidleg på college. Og der drukner Theo. Griffin er knust, og for å gjere saka endå verre er det kun eitt menneske som veit nøyaktig korleis han har det: Theos nye kjæraste, Jackson. Eit ganske uventa vennskap (eller band) oppstår mellom dei to gutane, men kan dei faktisk hjelpe kvarandre vidare i livet, eller vil dei berre gjere alt verre for einannan?

Dette er ein nydeleg og velskriven roman om forelskelse, djup kjærleik, sorg, sjalusi og skuldkjensle. Boka gir eit fint innblikk i dei komplekse kjenslene rundt ungdomforelskelse; kjem ein nokon sinne over sin første kjærleik?

Eg blei ganske overraska over historia Silvera hadde pønska ut, for eg følte alt var ganske rett fram, men i siste halvdel berre kom den einaste tvisten etter den andre. Og eg er spesielt glad for at Silvera aldri går for den enkle utvegen med den klassiske happily ever after-en, men bygger litt meir komplekse forhold og historier. I tillegg tek Silvera opp tvangstanker, på ein mykje betre måte enn John Green gjer i Turtles All the Way Down. Boka kan absolutt anbefalast!

Forlag: Simon & Schuster
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Adam Silvera finn du HER.

Sitat

«Kvinner og barn først» av Gill Paul

Leseeksemplar

Eg absolutt elska den første boka eg las av Gill Paul, I gode og onde dager. Gi meg ein skikkeleg god, tjukk, historisk roman og eg kan kople av i timevis. Den første handla om fallet til Romanov-dynastiet, og denne handler om Titanic. (Og finnest det nokon som ikkje er vilt fascinert og rørt av Titanic?)

Hovudpersonen er (overraskande nok, men kult) ein ung mann som heiter Reg. Han jobber ombord på skipet, og er ein av dei få som overlever. Han er ein fattig fyr frå England, og prøver å spare opp penger så han kan gifte seg med kjærasten og kjøpe eit hus til dei. Men ja, så synk jo skipet, og planane må endrast. Vi møter også småbarnsmora Annie og den unge sosietetsjenta Juliette, som alle prøver å kome vidare med liva sine og sine eigne utfordringar.

Eg trudde boka skulle handle mykje meir om kva som skjedde på skipet, men Titanic begynner på gå ned allerede sånn ein femtedel inne i boka, og held vel på til omtrent ein tredjedel uti. (Litt vel langdrygt?) Resten handler om kva som skjer i desse personane sine liv etterpå. Og sjølv om ikkje alt akkurat var truverdig, så var boka veldig spennande og vanskeleg å legge frå seg. For Gill Paul kan verkeleg skrive, og eg gler meg allereie til å lese boka som kjem ut i vår og handler om den britiske kongefamilien.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Gill Paul finn du HER.

Sitat

«The Rules Do Not Apply» av Ariel Levy

The Rules Do Not Apply (eller Når reglene ikke gjelder på norsk) er kanskje den mest personlege boka eg nokon sinne har lest. Det er ein memoar, ein sjanger nordmenn sjeldan er borti. Vi er liksom ikkje vande med å lese sanne historier om mennesker vi ikkje veit kven er. Eg visste i alle fall ikkje kven Ariel Levy er, og før denne boka gjorde nok ikkje mange her til lands det heller. (Amerikanar ville kanskje visst at ho er ein journalist for The New Yorker.)

Boka starter med slutten. Ariel får besøk av naboane, og aner ikkje korleis ho skal fortelle dei at ho har mista babyen, forholdet er slutt (etter at kona er innlagt på rehab endå ein gong) og at ho må flytte ut av det flotte huset sitt. Ariel fortel om barndommen sin, studietida, starten av karrieren, forholdet til kona Lucy, å bli gravid og å miste barnet. Og mest om det å ha vore mor i tjue minutter, og korleis det endra livet hennar totalt.

For er du ei mor utan barn? Korleis kan du kalle deg ei mor, når alle då spør om babyen din? Babyen din som døde, etter ei dramatisk fødsel i femte månad i Mongolia? (Det er faktisk sjukt dramatisk, og du bør absolutt ikkje gå glipp av denne boka.) Ei heilt vanleg dame, eigentleg. Med ei ekstremt vond historie, velskildra og reflektert.

Forlag: Fleet
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Arthur Peppers makeløse reise» av Phaedra Patrick

Boka er sponsa av Bazar forlag

Før du starter på denne boka, må du tenke litt på forventingane dine; om du forventer deg noko som Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant så vil du bli litt skuffa. Det er ikkje noko satirisk eller hysterisk morsomt med denne boka. Den er derimot lettlest, koselig og sjarmerande. Eg synest kanskje «uforglemmelig fortelling» er å ta litt vel i, men det er definitivt ei herlig bok. Og så vil eg berre legge til at originaltittelen matcher innhaldet betre, The curious charms of Arthur Pepper, men det er jo ein tittel som vanskeleg lar seg oversette.

Arthur Pepper er sekstini år gamal, og for eitt år sidan vart han enkemann. No skal han rydde i kona, Miriam, sine eigendelar og kome seg vidare. I den eine støvelen finn han eit charmsarmbånd han aldri kan hugse å ha sett kona gå med. Han vert nysgjerrig, og kikker litt på dei ulike anhenga. På eit anheng av ein elefant finn han eit telefonnummer, som han bestemmer seg for å ringe. Arthur vert heller forvirra når nummeret høyrer til ein indisk lege, som seier at Miriam var barnepiken hans på Goa. Arthur skjøner ikkje bæret, for kona hans var ei roleg dame som ikkje likte luksus, kledde seg i grått og marineblått og var ikkje noko eventyrlysten av seg. Vel, nysgjerrigheta tek over og han bestemmer seg for å finne ut historia bak kvar charm, noko som sender han ut på ei (nesten) «makeløs reise».

Boka er som sagt søt og fin, men det er ikkje stor litteratur. (Eg gjorde den tabba å starte på East of Eden av John Steinbeck før eg leste denne ferdig, og då var det nesten litt kjedeleg å starte på denne igjen). Smett den gjerne ned i kofferten når du skal på sommerferie og vil ha noko lettlest og underhaldande. Og hvis du liker bøker om charms, så kan eg anbefale For alltid i ditt hjerte av Viola Shipman (i tillegg til denne boka her, så klart!).

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Svikne dagar» av Elena Ferrante

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Svikne dagar

Dette var faktisk det første møtet mitt med Elena Ferrante. (Eg har jo så klart Napolikvartetten, men den skal sparast til eg har ei veke å pløye gjennom alle på rad.) Og eg kan jo starte med å nevne det alle enten elskar eller hatar ved bøkene hennar generelt: NYNORSKEN. Åååå, så kjekt eg synest det er at nynorsken har fått ein større plass i populærlitteraturen!

Det neste eg vil nevne er råskapen i boka. Både skrivestilen (veldig lik Arv og miljø av Vigdis Hjorth), og det brutale språket. Det er banning, obskøne seksuelle skildringer (vel, ikkje av faktisk sex), vilt raseri, ærlege bekymringer og mykje desperasjon.

Historia dreier seg om Olga, som etter femten års ekteskap vert forlatt av mannen sin. Dei har to barn, og ho har brukt heile livet på å støtte han, flytte dit han måtte flytte, teke seg av heimen. Og no har han gått frå henne for ei anna. Olga vert øydelagt; ho klarer korkje ta vare på seg sjølv, hunden eller barna sine. Ho er konstant rasande, og ho veit ikkje korleis ho skal kome seg vidare. Frustrasjonen vert teke ut over naboar, kundebehandlarar og tilfeldige menneske ho kjem over. Betre vert det ikkje når ho møter på ektemannen med den nye dama – eller, jenta.

Boka er ei driven stream of consciousness med raseri, sorg, panikk og fantasier Olga ikkje vil ha i hovudet. Det er ei fantastisk fordjuping i det primitive i oss, korleis vi kan miste all kontroll når vi mister nokon vi elsker. Det er gripande, sårt og rått – og anbefalast å lese i ein stor jafs.

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2017 (2002)

Sitat

«Milk and Honey» av Rupi Kaur

Milk and honey

Er det lov å seie at ein sluker ei diktsamling?? Eg veit at dikt skal nytast og alt det der, men denne diktsamlinga er skapt for å slukast. Inndelt kronologisk i the hurting, the loving, the breaking og the healing, er det nesten som å lese ein veldig poetisk roman. Perspektivet er ei ung jentes forhold til ein gut, og det er jo vanskeleg å la vere å tenkje på diktsamlinga som sjølvbiografisk.

Dikta handlar som sagt om kjærleik, om eit brot og å kome over det. Det er varme, sex, sakn, sorg og glede. Dikta er sensuelle, med mykje seksuelle skildringar (utan at det vert vulgært). Det er vondt, nesten fysisk ubehageleg å lese enkelte delar. Det provoserar, det får deg til å føle – det er ekte kunst. Men ja, i tillegg til alt det såre og vakre rundt kjærleiken og det som kjem etter den, er feminismen som skin igjennom. Dikta har eit håp i seg, eit ynskje om likskap mellom kvinner. Dei handler blant anna om å vere den du er, gjere det du vil og sørge for å ha det bra. I dikta ligg det ein beskjed om å ta vare på seg sjølv, og skilje behova sine frå einannan. Ein kan ville ha menneske som øydelegg deg, men det er langt i frå det same som å trenge dei.

Det er rett og slett vakker poesi. Diktaren sjølv er ung, og boka passer perfekt for unge menneske. Det er lettlest, ærleg og gjennkjenneleg. Og eg kan love deg, at denne diktsamlinga vil passe for deg som kanskje ikkje trur du likar dikt. Åja, og så er den kun utgitt på engelsk. Så langt.

Forlag: Andrews McMeel Publishing
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Rupi Kaur finn du HER.

Sitat

«Hatet mitt får dere ikke» av Antoine Leiris

Boka er sponsa av Solum forlag

Hatet mitt får dere ikke

For litt over eit år sidan vart Paris utsett for eit terrorangrep. I dette angrepet døydde Hélène, kone til Antoine og mor til 17 månader gamle Melvil. I fortvilelsen etter konas død, skriv journalisten Antoine eit ope brev på Facebook med tittelen Hatet mitt får dere ikke, som vert utgangspunktet for denne sjølvbiografiske romanen.

Antoine uttrykker sorg over å miste sin store kjærleik, frustrasjonen over alt han som nybakt aleinepappa ikkje kan, fortvilelse over at sonen ikkje vil huske den fantastiske mora han hadde. Boka tek for seg dei to veke etter terroraksjonen, stort sett dagleglivet til Antoine og Melvil og korleis dette likevel må gå vidare.

Ei lettlest bok om eit tungt tema, som til trass sin tjukkelse (eller mangelen på sådan) er vond å svelge. Det er ei rørande og enkel bok som får fram essensen i korleis ein skal vinne over terroristane; Ein skal ikkje hate dei, ein skal ikkje vere redd dei, ein skal gå vidare og ignorere dei.

Forlag: Solum
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Din, alltid» av Gøhril Gabrielsen

Din, alltid

Okei, dette var faktisk ikkje ei bok eg hadde tenkt å blogge om, eg tenkte eigentleg berre å bruke den for å ha noko kort og lett å lese på for å kople litt av innimellom eksamenslesinga. Men eg oppdaga ganske raskt at eg må jo faktisk berre fortelle dykk om denne boka, for den er sterk.

«Jeg» starter som ei tolvårig jente i boka, og lev eit lykkelig familieliv, med foreldre som elskar kvarandre; Faktisk er dei så glade i kvarandre, at jenta av og til føler dei helst ville vore aleine og utan henne. Alt dette endrast når veslebroren blir fødd, mora vert sliten, faren flørtar med andre og eit enormt sjalusidrama utspiller seg. Men det som verkeleg gjer at livet deira fell i grus, er døden til babyen – og skuldkjensla jenta sit att med. For kva er det meininga ein skal gjere når man med eit uhell har drept den vesle babybroren sin?

Sjølv tiår etter, definerer ho livet sitt som «tida etter ulukka», og slit enno med skuld. Ho er klar over at ho etter kvart vil ende opp hos mora (det skulder ho henne, ikkje sant?), så ho slår opp med sambuaren og byrjar etter kvart hatar ho livet som slave for mora (som rett nok har hatt slag). På ei rydderunde i huset ti år seinare, finn ho nokre papir som beviser at ho kanskje ikkje er skuldig i brorens død likevel, og at mora visste det. Og ho vert rasande.

Romanen handler om skuldkjensle, usunne familieforhold, manipulasjon, valg, å ønske seg tilgjeving og å ikkje ville gi det. Eg synest ikkje fortellermåten er heilt konsekvent i del éin; av og til kjennest det ut som om det er ei tolvårig jente som snakkar, av og til som ei dame som ser tilbake på hendingane. Boka er veldig lettlest, med 3 delar, delt inn i delar, delt inn i delar. Og ja, som dokker veit, så elskar eg jo slike bøker med mange, mange små delar inni, så eg kan lese på korte bussturar og slikt, dei blir så … tilgjengelige. Hashtag pendlerbok? Ja. #pendlerbok.

Åh, forresten! Kan anbefalast til alle som likte Hålke av Helene Uri.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Jane Ashlands gradvise forsvinning» av Nicolai Houm

Jane Ashlands gradvise forsvinning

«Menn som skriv om kvinner», det var det dette «fenomenet» denne boka vart karakterisert under. No er det jo ikkje så veldig uvanleg at menn skriv om kvinner, men det er nok flest kvinner som skriv om menn enn vice versa. Og sjeldan eller ikkje, bra utført er den i alle fall. Denne romanen, altså.

Boka handlar om Jane Ashland, som er i djup sorg. Når Diazepamen sluttar å verke som ynskja, må ho gjere noko anna. Ho må fokusere, og det ender med at ho vert besett av slektsgransking, og ender opp i Noreg. Ho flyr, og på flyet møter ho Ulf («Er det et ekte navn?»). Når ho møter dei fjerne slektningane sine i Oslo, går omtrent ingenting glatt eller etter nokon plan, og ho reiser brått. Ho kontaktar Ulf, og vert med han på fjelltur, sjølv om ho synest Ulf er i overkant interessert i moskusbæsj.

Dette er ei bok om sorg, og korleis takle den. Eller ikkje takle den, og konstant bli fortalt at det no burde gått betre, her ta denne pilla, det går fint, korleis har du det, det er ikkje for seint å finne ein ny, her burde vore teikn til forbetring. Den handlar om å unngå å gå vidare, klamre seg til minner og ikkje byrje å gløyme. Det er rett og slett ei treffande, fin og velskriven bok om sorg og sakn. (Og så er omslaget kjempefint!)

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«En liste for livet» av Lori Nelson Spielman

Boka er sponsa av Cappelen Damm

En liste for livet

Herregud, for ein nydeleg roman! Eg vil berre kaste seksarar etter han! Sjølv om det er klisjéaktig å seie at ein ikkje klarte å leggje ned ei bok, så var det tilfelle her. Eg satt heile dagen i strekk og berre las og las (og som eit kvalitetsstempel: eg ser for tida Downton Abbey på nytt, så det at eg ikkje tok ei lesepause for å sjå ein episode var ganske nytt!).

Brett Bohlinger lev eit ganske priviligert liv. Ho har nok av pengar, stor familie, ein kjærast, fin leilighet og skal straks arve mora sin posisisjon som administrerande direktør i kosmetikkfirmaet. Det einaste som er vondt i Brett sitt liv er grunnen til at ho skal arve ein tittel – mora har nyleg dødd av kreft. Men det varer berre ei lita stund. Ved testamentopplesinga får ho beskjed om at ho ikkje får ei krone av arven før ho fullfører ønskelista si frå då ho var 14. Som inkluderer blant anna å skaffe seg hest (midt i byen?), skaffe seg eit godt forhold til faren sin (som er død?) og få barn (med ein kjærast som ikkje vil ha barn). Og alt dette med meir må gjerast i løpet av eitt år. Bretts liv blir totalt snudd på hovudet.

Denne boka tar for seg vennskap, familieband, å oppdage nye (eller gamle og no gløymde) sider ved sitt eige liv, og å gjere det som kjennest rett, same kor vanskeleg det kan vere. Og er det ein ting ein aldri skal gå på akkord med her i livet, så er det kjærleiken! Eg elska denne boka, og gler meg til å gje meg i kast med den nyaste romanen hennar, Tilgi meg!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Lori Nelson Spielman finn du HER.

Sitat

«Morgengry» av Sarah Jio

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Morgengry

Denne boka var mitt første møte med Sarah Jio. Og kort sagt: det blir ikkje det siste. Dette er god litteratur. Det fengjer, gir leseglede, medkjensle, smil, tårer og du vil berre lese ut boka raskt – for så å ynskje du hadde 300 sider til.

Boka skifter perspektiv mellom notida og femtitalet. Vi følgjer Ada, som i djup sorg leiger ein husbåt for å kome seg litt vekk frå seg sjølv og situasjonen sin. I husbåten finn ho ei gamal kiste, som inneheld personlege eigendelar av ei kvinne ved namn Penny. Ada vert raskt nysgjerrig på kven Penny var, og kvifor alle naboane nektar å snakke om henne eller korleis ho på mystisk vis forsvann. Vi følgjer òg Penny sjølv på husbåten på slutten av femtitalet, og får ta del i alle dei fine og grusomme opplevingane hennar – og vi ser kor nært knytte Ada er til Penny, utan å ane noko.

At den blir kalt «en spennende pageturner» på omslaget, er så utruleg spot on. Historia verkeleg trakk meg inn, og eg følte verkeleg at eg levde i ein husbåt i Seattle på 1950-talet. Jio-bøker er absolutt bøker for dei som kanskje ikkje er like glad i å lese som underteikna, men ynskjer seg noko lettlest og spanande som ikkje er alt for langt. Og ei generell oppfordring til alle der ute: det er berre å byrje å handle inn Jio sine bøker. I går, helst.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Sarah Jio finn du HER.