Sitat

«Animals» av Emma Jane Unsworth

Denne boka vart langlista til Man Booker i år, men kom ikkje med på kortlista. Det skulle då bare mangle, for eg forstår ikkje korleis den er nominert til, eller har vunne, prisar i det heile. Kva er det med denne romanen engelskmenn elskar, som eg ikkje fattar i det heile??

Laura og Tyler er bestevenninner, og har budd saman i årevis. Dei er veldig nære, sjølv om det kan virke som om alt dei gjer er å drikke seg dritings og dope seg saman. Men livet kjem til å endre seg ganske snart, for Laura er blitt forlova med Jim, ein fyr Tyler ikkje kan utstå. Vennskapet byrjar å slå sprekker, og det same gjer forholdet mellom Laura og Jim.

Eg klarer ikkje å like hovudpersonane, spesielt ikkje Laura. Å ha usympatiske karakterar kan jo fungere bra, men då må handlinga og språket veie opp for det – og det skjer ikkje her. Eg synest ikkje boka var så hysterisk morsom som omtalene påstår, for eg blir berre flau på Laura sine vegne, og ikkje på ein god måte. Det er altså på grensa til ukomfortabelt kor irritert og klein eg blir av å lese om kor dumt ho oppfører seg (spesielt når ho veit kor dum ho er, men ikkje tar tak i det).

Unsworth skviser inn nokre god sitat og passasjer mot slutten, som denne: Those drunken indiscretions, how often we mistake them for intimacies. Men så kjem ho drassande med klisjeen om at det vi forelsker oss i hos ein person, er det vi ender opp med å mislike, og det er så uoriginalt. Og då tviler eg; har ho også raska med seg den gode setninga over frå nokon andre? Den passer ikkje veldig naturlig inn. (Ikkje at eg skal skulde ho for plagiat eller noko, men slikt får ein jo til å tvile.) Og mangelen på research irriterer meg. Kor vanskeleg er det å google om dei bruker euro i Sverige eller ikkje? (Det tar deg to sekund, Unsworth, og svaret er nei.)

Alt i alt byr ikkje boka på noko nytt. Ingen nye tema, ingen nye problemstillingar. Og utan språket, karakterer eller handling til å halde boka flytande, veit eg ikkje heilt kva som står igjen?

Forlag: Canongate
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Kinderwhore» av Maria Kjos Fonn

Leseeksemplar

Kinderwhore er så himla vond lesning. Og vond lesning er viktig, eg trur det er ganske naudsynt å lese god litteratur om grusomme ting i blant. Det er viktig at vi får pirka borti fordommene våre og ideane vi har om andre menneskes liv. Historia Kjos Fonn legg fram her er ikkje banebrytande – voldtekt er vel noko av det vanlegaste og eldste som eksisterer – men konteksten gjer det ekstra fælt. Vi har ein seksualisert kultur, og barn veks opp så mykje raskare, alle ser alt vi gjer, vi har tilgang til heile verden med eit klikk. Å navigere seg fram her åleine, det er omtrent umogleg. Å lese denne boka bør definitivt sette i gang nokre tanker hos leseren, og du bør bli sint.

Charlotte har ein ganske vond barndom. Ho bur åleine med mora si, men lærer raskt å ta vare på seg sjølv og bli sterk. «Sterk» for Charlotte er å slå først. Plage dei andre ungane før dei plager henne. For Charlotte er angrep det beste forsvar – spesielt sidan det ikkje er nokon andre som forsvarer henne. Ho kler av seg før ho blir avkledd, sprer beina før dei blir skilt med makt, ruser seg før ho blir dopa ned, øydelegg seg sjølv før nokon andre får moglegheita. Ho veks opp seksualisert, voldtatt, rusa, avskilt frå kroppen sin, tom i kropp og tom i hovud. Ho veks opp åleine.

Perspektivet i boka er som hever den over all liknande litteratur. Sjølv om boka er skriven i fortidsform, så møter vi barnet Charlotte som eit barn. Vi møter tolvåringen, som ikkje vil (eller kan) innsjå at ho blir misbrukt og voldtatt. Forsvarsmekanismene er skrudd på, og vi møter ei ufyselig og ubehagelig jente som legg seg etter kjærasten til mora, og deretter går på skulen og skryt av at ho har hatt sex med ein eldre mann. Etter kvart som ho veks til og livet endrer seg, endrer synsvinkelen seg òg. Ein misliker henne, synes synd på henne, er sint på henne, tilgir henne og heier på henne. Det er som å vere inn i eit eige univers når ein les denne boka, ein blir nesten Charlotte. Og det er faen så vondt.

Alle bør lese denne boka. ALLE. I tillegg til å vere ei god og veldig lesbar bok med sterkt innhald, seier den så utruleg mykje om dagens samfunn. Ein kan lære så enormt mykje frå denne boka, kanskje litt om andre, men mest om seg sjølv. Du som les dette: er det du som eig kroppen din?

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Hun ba om det» av Louise O’Neill

Leseeksemplar

Okei, eg er faen så sint no. (Kva er infuriating på norsk?) Denne boka har frustrert meg til tårer. Eg blir litt kvalm av heile greia, mest fordi dette er realiteten for mange, mange jenter. (Og gutter.) LES.

Emma O’Donovan er eit ganske kjipt menneske. Ho er tvers igjennom ei bitch. Ho er kjip mot vennene sine (sånn faktisk kjip, typ seier ting ho veit vil såre dei), flørter med kjærastane deira og trur absolutt alle synes ho er dritdeilig. Det er ganske vanskeleg å like henne. Og når det kjem til stykket – når det skjer, når bildene vert spreidde, når ho berre er ei skamlaus hore – viser det seg at ikkje så mange faktisk liker henne heller. For kven bryr seg om «sluten, bitchen, hora» Emma O’Donovan? Ho ba jo om det.

Eg liker veldig godt at O’Neill gjer hovudpersonen så lite likandes i starten. At man misliker ho, men likevel føler en dyp sympati når det verste skjer. At man synes ho er ein usikker person, ein dårleg venn, et trist menneske, men likevel er på hennar side. (Som man burde.) Dypdykket inn i Emmas sinn er faen så vondt. Måten mora behandler henne både før og etter, korleis faren tek avstand til ho, det faktum er at broren – som absolutt ikkje har eit ansvar – er den einaste som tek det.

OG SLUTTEN. Eg skal ikkje avsløre noko, men eg gråt på slutten. Samfunnet vårt har eit enormt problem med korleis vi ser på kvinners seksualitet, og alle som meiner noko anna er ignorante. Eg vil påstå at denne boka er realistisk, i alt frå handlinga til skrivestilen. (Som alle gjentakelsene, eg vil tru det er slik det kjennest når du kun kan tenke på éin ting.) Fantastisk vond, truverdig og hjerteskjærende.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Louise O’Neill finn du HER.

Sitat

«All Grown Up» av Jami Attenberg

Så mørk, men subtil humor. Så velutforma og godt portrettert. Det er faktisk noko vi nordmenn er helt ræva på når det kjem til bøker: å lage portretter. Norsk litteratur har ei overvekt av veldig konkrete historier og familiesagaer og krim, men veldig lite god litteratur som berre skildrar eit menneske, ei kjensle, ein stad eller ei epoke. (Men klart det er unntak, som Jane Ashlands gradvise forsvinning av Nicolai Houm, det er ei fantastisk portrettering!)

Denne vesle romanen er skildringa av livet til Andrea, ei kvinne som no fyller førti. Ho er singel, bur i New Yorker, ga opp ei karriere som kunstner og har ein kjip jobb. Men ho er på ein måte nøgd med det; ho bur åleine, skulder ingen noko og lev slik ho vil. Ho ynskjer ikkje å gifte seg – sjølv om ho meiner folk ikkje trur henne når ho seier det. Broren hennar har ei dotter som er dødssjuk, og forholdet til mora er turbulent. I tillegg til at livet no ikkje er spesielt konvensjonelt, var barndommen ganske hard òg.

Vinklingane er ulike frå kapittel til kapittel, dei er ikkje kronologiske eller samanhengande. Det er ikkje ein klar start, klar slutt eller klare vendepunkt. Det er rett og slett berre ei velskriven bok om å leve eit liv ein vil ha, og ikkje gjere det for nokon andre enn seg sjølv – uansett kor lite tilpassa det livet er.

Forlag: Sceptre
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«All About Mia» av Lisa Williamson

Når eg les YA er det stort sett fantasy eller bøker om seksualitet. Det var jo slik med den førre boka til Williamson (som eg las på norsk), Kunsten å være normal. (Og den var jo heilt fantastisk!!) Den handla om å vere født i feil kropp, og korleis to ungdommar takler dette. Denne boka pirker derimot ikkje borti så mykje når det kjem til seksualitet (sjølv om her er mykje av den), det er ikkje det som er temaet. Det eg liker med boka, er fokuset den set på korleis ein passer inn i sin eigen familie. Dei fleste ungdomsbøker tek for seg det å passe inn, men som oftast gjeld dette sin eigen kropp eller i samfunnet eller på skulen. Sjeldan har eg lest ei så god skildring av det å ha søstre.

For det er dét som er greia her. I familien til Mia er dei tre søstre: Grace som er eldst, får perfekte karakterer og aldri gjer noko gale; Audrey som er yngst, og kjapt blir sett på som England neste olympiske håp innan svømming; og så er det Mia. Mia har ingen spesielle evner, interesser, talenter. Ho vil berre henge med vennane sine, drikke og flørte. For er det noko Mia kan betre enn søstrene sine, så er det å vere sexy. Og det kjennest fint å bli sett av folk, når du føler at foreldra dine ikkje gjer det.

Eg har òg vokst opp som «dritten i midten», med ei søster på kvar side. (Og fleire halvsøsken, men dei var flytta ut før eg vart tenåring.) Det var underleg autentisk, og eg må innrømme at eg nesten skamma meg enkelte stader eg kjende meg att i teksten litt for godt. For eg har vel kanskje hatt same rolla i min familie.

Aldri har eg lest ei så god ungdomsbok, spesielt når den ikkje tar for seg store kontroversielle tema eller har store vrier. Det er rett og slett berre eit fantastisk godt portrett av ei jente på vei til å bli vaksen. Eg kan absolutt anbefale den for alle som liker Becky Albertalli, John Green, Adam Silvera osv. Eigentleg kan eg anbefale den uansett; ein av vårens beste leseopplevingar.

Forlag: David Fikling Books
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Lisa Williamson finn du HER.

Sitat

«Kvinnen i vinduet» av A.J. Finn

Leseeksemplar

A.J. Finn har jobba i forlag sjølv, og har no gitt ut si første bok. Det er ein mann, om nokon skulle lure på kva som gøymer seg bak dei to bokstavane. Og alle med sosiale medier har vel fått med seg denne boka i januar/februar, eg veit i alle fall at feeden min praktisk talt har vore spamma. Og alle har vore frå seg av begeistring! (Om du har lest bloggen min jamt, veit du at då blir eg veldig skeptisk og redd for å bli skuffa.) Så fekk eg altså tak i eit leseeksemplar, og satte i gong.

Anna Fox lid av agorafobi (frykt for opne rom), og har frivillig sperra seg sjølv inne i eit års tid. Mannen og dottera er ikkje lenger hos henne, og ho drikk tett. Ho tek òg litt av den sterke medisinen psykologen hennar skriv ut til henne, når det passer seg slik. Anna er faktisk psykolog sjølv, og bruker dagane sine på å hjelpe andre med agorafobi. Og så sit ho i vinduet og spionerer (og fotograferer) naboane. Det er berre ei snuskete, lita vane utan poeng, heilt til ho ser den nye dama i nabohuset bli drept. Men ingen trur henne – dei trur ho har dikta opp eller innbilt seg alt. Og det er vel alle dei tomme vinflaskene og tomme pilleeskene bevis nok på?

Eg må berre innrømme det (faen); eg blei skuffa igjen. ÅÅÅÅ, kvifor gjer eg dette mot meg sjølv? Ein kan ikkje benekte at Finn kan skrive, det er vel dette ein kaller «elegant». Men det tek for lang tid før handlinga verkeleg starter. Akkurat litt for lang, og det blir litt for langtekkeleg gjennom heile boka. (Litt som med filmreferansane; god idé, men det blir så altfor mange.) Eg såg fleire av dei store tvistane kome på lang avstand, og blei regelrett sur når eg kom på slutten og oppdaga at det var jo omtrent blåkopi av Frustrerte fruer! (Og sjølv om det kom ein ganske bra tvist etter der igjen, så var eg allerede såpass irritert at den vanlege entusiasmen og sjokket var fråverande.)

Det er ganske mange spennande scener i denne velskrivne boka, men den lev ikkje opp til hypen. Sånn sett misunner eg dei som las boka utan nokon forventingar. For dei vart jo dette sikkert ein skikkeleg opptur; for meg vart det ein ganske … flat tur.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Lollo» av Linna Johansson

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

#rosaprosa er ei seriøs greie for tida. Det florerer av rosa omslag på bøkene, og dei har ein tendens til å vere irriterande gode. (Eg elsker rosa, og det var kun på grunn av fargen at eg ville lese denne boka.) Og altså, jenter, plukk opp denne fantastisk sterke og feministiske romanen! Et must-read?

Då Lollo var tjue år traska ho saman med venninna si Lidija, utan jobb eller skule eller eigentleg noko som helst å finne på. No er Lollo 28 år og fortel om dette året, då ho og Lidija vart dratt inn i ein gjeng der alkohol, narkotika, festing, stripping på internett og prostitusjon er ein del av kvardagen. Avisene lagde ei sak om det, og Lollo fortel oss no si side av saka «alle» har høyrt om.

Boka klarer å veksle mellom å vere sexy og motbydelig, sår og glad, vakker og stygg. Det einaste den konsekvent var, var god. Seriøst, den er knallgod. Eg veit ikkje kor mykje meir eg kan seie uten å spoile boka, så eg trur eg kan nøye meg med å seie at den absolutt bør lesast! Spesielt av kvinner mellom atten og trettifem år? (Men ikkje høyr på meg, les den om du vil, uansett om du er sytti, liksom.)

Det er ganske vanskeleg å ikkje tru at dette er sjølvbiografisk, for det verkar så nært og ekte at det nesten må vere sjølvopplevd. Og så er boka dedisert til Lidija. Likevel kan ikkje internettet gi meg eit positivt svar på dette. Eg fann derimot ut av Linna Johansson er kjent for å eit feministisk litteraturskrift, Bleck, og at dette er debutromanen hennar. Noko som forklarer mykje. Boka er samfunnskritisk, krass og forteljarstemma til Lollo er overbevisande.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Sweetbitter» av Stephanie Danler

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Denne boka er fabelaktig. Kan eg berre seie det? Kan eg seie ordet «leselykke» uten å virke kjempesarkastisk? For dette er (som dei seier på engelsk) a terrific read. Det er ei berusande bok, verkeleg.

Vin, mat, dop, kjærleik. Og å finne seg sjølv, så klart. Det er dette denne boka handler om. Dette er historia til Tess, som flytter til New York som tjuetoåring og får seg jobb på restaurant. Her lærer ho om smakar, vin, mat, og livet sjølv. Jobben som servitør er hard, på heilt andre måter enn ho hadde venta. Ho forelsker seg raskt i bartenderen Jake, og hamner inn eit ganske utmattande trekantdrama.

Eg sitt igjen med kjensla av å ha lest noko verkeleg strålande. Og eg forstår ikkje korleis ei bok om eit år som servitør kan vere så interessant? Men denne boka vekker appetitten for mat og vin (eg må innrømme eg tok et glas kvitvin eller to medan eg las). Eg trur kanskje dei som faktisk likte Det litterære apotek følte det sånn, at boka gjorde dei svoltne. Ikkje berre på mat og god drikke, men òg på livet og meir bøker. Enkelte bøker får deg jo faktisk til å ville lese meir, får deg til å føle at det aldri blir nok. (Og det blir det jo aldri.)

Boka er absolutt å anbefale, spesielt dersom du er glad i vin og god mat!

Forlag: Oneworld
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Dette skjer ikke» av Ida Lórien Ringdal

Boka er sponsa av Tiden forlag

Korleis kan ein ikkje bli nysgjerrig på ei diktsamling skriven av ein debutant, som allereie i sitt første leveår har kome i TRE opplag? (Og som i tillegg er så fin og rosa?) Svar: Ein kan ikkje la vere. Og faktisk skal ein berre vere glad til, for dette er ei bok som er verdt å få med seg, spesielt viss ein er ei ung jente. Denne diktsamlinga imponerte stort.

For det første er den så utruleg lett å kjenne seg att i! Kanskje vaksne ikkje kan relatere til innhaldet like lett som Skam-generasjonen kan, med dagens kjærleiksforhold med hooking og fuckboys. Eller for å sei det enklare: dikta handlar om kjensler som ikkje vert gjengjeldt. (Eller kanskje berre éin forelskelse?) Dei andre dikta handler om psykiske lidingar, og fleire av dikta overlapper desse to temaa.

For det andre er dikta velskrivne, lettleste og ikkje minst enkle å forstå. Med andre ord: perfekt tilpassa målgruppa si. Eg tenkte eg skulle plukke ut nokre gullkorn som døme, men dess fleire dikt eg leste, dess meir skulle eg gjerne gjengitt heile boka. For eksempel:

jeg burde være mer sosial
eller
jeg burde tenkte at
jeg burde være med sosial

Slår det ikkje deg i magen? Eg trur vi er mange som har kjend på den kjensla som er skildra her. Gudane skal vite at eg har. Og det med å vere forelska i nokon som aldri kjem til å bry seg om deg på den same måten? Been there, done that. Derfor var det ein trøyst å lese desse dikta, litt som ein klem, faktisk. Slik som dette:

vi har ingenting
til felles
bortsett fra
at vi ikke elsker
meg

Herregud. Eg skulle ønske at eg hadde skrive denne boka. Faktisk, eg kunne nok ha skrive denne boka, for alle dikta traff meg så altfor presist. Eg gret fleire gonger når eg leste. (Eg trur det er fyrste gong eg har grått av ei diktsamling!) Eller kanskje er det slik at den ikkje traff meg, men eit «oss»? Det er fint å vite at ein ikkje er åleine. Og det er endå finare når lyrikk kan få fram denne kjensla.

Dette er vakker lyrikk om ulukkeleg kjærleik, depresjon og andre psykiske lidingar, å vekse opp og å vekse i frå. Og ikkje minst om å sitte fast. Eg veit allereie at eg vil nappe denne ut av hylla fleire gonger i framtida. Dette er ei av dei mest rørande leseopplevingane eg har hatt på veldig lenge, og eg kan trygt anbefale boka.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Tinderella» av Heidi Nathalie Hovland

Boka er sponsa av Juritzen forlag

Tinderella

Eg har litt vondt inne i meg. Sorry not sorry, men dette er ikkje særleg bra. Boka skal liksom passe for dei som likar SKAM, men eg ser absolutt ingen likskapar mellom serien og boka, på noko nivå. For å ikkje snakke om karakteren Sofie! Ho er nitten, men oppførselen er meir som tretten. Intelligensen og normal folkeskikk er kanskje lågare. Det står bakpå at Sofie er sjølvutleverande og ironisk. I call bullshit. Sofie framstår berre som smådum, barnsleg (ho snakkar seriøst berre dritt om foreldra sine, som ikkje eigentleg gjer noko gale) og overflatisk. Det vert ikkje oppfatta som sarkasme eller satire frå mi side, berre kleint.

Sjølve boka handler berre om alle dei forskjellige gutane som Sofie møter, som alle er dumme, kjedelege, sjølvopptatte, overflatiske, frekke eller stygge. Vel, shocker, Sofie er ikkje noko catch sjølv. Ho er ferdig på vidaregåande, jobbar på kafé og bur fortsatt heime, noko ho surmular over konstant. Ho leiter berre etter kjekke, rike, vestkantgutar, men ingen er bra nok når det kjem til stykket (til trass for kor smålubben, lite pen, lat og kjedeleg Sofie sjølv veit ho er). Ho sveipar og sveipar. Ho vil så gjerne ha kjæreste, men ingen er bra nok. Ho klager over alle som dumpar ho etter ein date, men gjer akkurat det same sjølv. Forfattaren har jo uttalt at mykje er basert på eigne erfaringar, og dersom det stemmer synest eg eigentleg litt synd på ho.

UNNSKYLD for at eg verkar så sur og negativ. Eg prøver alltid å vere positiv når eg omtaler bøker, for vanlegvis vil bøker passe for ein eller annan. Eg ser derimot ikkje heilt kven som vil like denne boka. Vaksne kjem nok til å tenke det same som meg (auch, er eg så gamal allereie??), unge vil nok oppfatte det som ganske merkeleg opplegg. Eller, opplegget og ideen er ikkje så dum, utførelsen er berre mislukka. Språket er dårleg (show, don’t tell gjekk forfattar og redaktør hus forbi), det skjer ikkje så mykje som ikkje involverer alkohol og sex av typen why not? Uff, nei, det funker ikkje. Eg føler eg burde vere ung og kul og like denne boka (eg er yngre enn forfattaren), men det gjer eg dessverre ikkje.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Forbilde» av Sophie Elise

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Forbilde

I dag er det nøyaktig seks år sidan Sophie Elise Isachsen starta ein av Noregs mest leste bloggar, og starta reisa si som kanskje den mest omtale bloggaren. Ei reise som har krevd mykje. Og Sophie kan skrive, skikkelig godt faktisk.

Sophie var ikkje den mest populære jenta i Harstad. Ho vart mobba, sleit med sjølvskading og dårleg sjølvbilete. Sjølv etter at ho starta bloggen sin og vart populær i Noreg, vart ikkje livet i Harstad betre. Ho brukte mykje tid på bloggen, som ho såg på som ein billett bort i frå heimbyen, og på seg sjølv. Silikon vart tatt, nasa vart fiksa på, extensions var alltid på plass. Slekt braut kontakta med familien, folka på vidaregåande vart ikkje noko hyggelegare. Og om ho no kom seg til Oslo, ville alt bli betre? Ville rosabobla la vere å sprekke? Vel…

Det er vel to typar menneske her i landet; dei som likar Sophie Elise og dei som ikkje gjer det. Begge desse typane bør eigentleg lese denne sjølvbiografien: anten vil du begynne å like Sophie, eller så vil du like ho enda bedre. Det er ei sterk historie, og det er eigentleg ein ganske viktig refleksjon over dagens samfunn. Og om du les dette, Sophie, så vil eg berre seie ein ting: du kan vere stolt av denne boka. Den er god.

(Eg må berre legge til at eg ikkje forstår kvifor VG har gitt boka terningkast fire, eller kvifor Dagbladet kaller det «først og fremst deprimerende lesing» og «skrivefør, men selvopptatt». Det er en sjølvbiografi, så klart handler den om ho sjølv. Det er liksom eit sjangerkrav. Dust.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Sophie Elise finn du HER.