Sitat

«Isla Bonita» av Terje Torkildsen

Skrive for framtida.no

Isla Bonita er ein spenningsroman om ein ferietur til Kanariøyene som ikkje gjekk heilt som planlagt. (Og eg kan stadfeste at det er San Pedro frå Madonna sin hit «La Isla Bonita» dei er i. Søk opp songen om du ikkje kjenner til han!) Romanen passer godt for deg mellom fjorten og atten, spesielt om du er ein gut. Vi treng fleire gode bøker innan same sjanger, og med Isla Bonitakjem vi langt på veg.

Det er november, og Carlo er nettopp komen til den vesle byen San Pedro på ferieøya Isla Bonita saman med mor si. Carlo skulle gjerne ha reist på eit meir normalt tidspunkt for ein sydentur, men mora er kunstar og ei veldig fri sjel. Så no er dei her for ei lita veke. For Carlo sin del, har han ikkje trua på at turen skal bli spesielt spennande; så ser han ei blond jente danse til bongotrommer på strandpromenaden og veit at han må finne henne att. Men når han møter Julieta, viser det seg raskt at ho ikkje er så søt og engleaktig som ein skulle tru, og Carlo hamnar mellom politiet, ein danske med pistol og ein daud flyktning. Korleis heng dette saman, og kven er eigentleg Julieta?

Boka opner med at Carlo ser Julieta, og stemninga for resten av boka er satt. Det er ei dramatisk historie som tek føre seg båe flyktningskrisa, narkotikasmugling, sex og barnevern. Dette er rett nok ganske store og tunge tema, men Torkildsen sper i med ungdomsforelsking, humoristiske scener og ei komisk mor. Vi får skildra Carlo sine første møter med sex og alkohol, men på ein velbalansert måte. Språket er heller ikkje så verst. Det er rett fram, med ein del vittige observasjonar og refleksjonar undervegs.

Boka er ganske spennande og dramatisk, men utan å overdrive. I tillegg er slutten ganske open, så her er det gode moglegheiter for ein oppfølgjar. Om det er noko som manglar, så er det litt stramare redigering. Tempoet er kanskje hakket for treigt for min smak; kapitla skulle vore litt kortare og hatt fleire cliffhangers, og meir av dramatikken vi blir fortalt om skulle vore utspelen. (Det er jo ikkje ein gresk tragedie, det her.) Alt i alt er dette ein god spenningsroman, og eg kan trygt anbefale boka!

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«De tapte barna» av Rosanna Ley

Leseeksemplar

Ley er så flink til å skape stemninger og inspirere. (Så flink faktisk, at to år etter å ha lest Safranhuset, skal eg endeleg reise til Marokko. Og eg gler meg heilt vilt.) Og for ei evne til å formidle! Den sanne historia denne boka er basert på, rysta meg verkeleg. Faktisk slik at eg måtte fortelle alle i nærheten om det; «VISSTE DU AT…!?».

Boka (som så mange andre for tida) fokuserer på ei fortidshistorie og ei notidshistorie som blir fletta saman. Den eine historia foregår i Spania under borgerkrigen, der unge Julia blir sendt i kloster for å vere trygg (men eigentleg fordi foreldra vil sleppe å betale for maten hennar). Medan ho er i klosteret blir ho sendt til fødeklinikken til dr. Lopez, ein respektert, kristen mann som hjelper «falne kvinner». Men Julia synes noko ikkje stemmer; er det ikkje alt for mange babyer som dør på klinikken?

I vår tid har den unge journalisten Ruby endeleg klart å ta skrittet å gå ut av eit dødt forhold, og prøver å gå vidare frå foreldras død eit halvt år etter motorsykkelulykka dei var i. Men når ho rydder ut av familieheimen, oppdager ho ei skoeske med bilder av ei ukjent ung kvinne, med ein ukjent baby på ei ukjent strand. Kven var denne kvinna og babyen som foreldra har gøymt bilder av i skapet sitt?

Eg kan ikkje sei noko anna enn at eg verkeleg koste meg med boka. Det er ei velskildra historia med truverdige karakterer. Men så har jo eg ein forkjærlighet for historiske romaner basert på ekte historier. Om du liker den type bøker, så er Ley ein av dei beste i sjangeren.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Rosanna Ley finn du HER.

Sitat

«Varm melk» av Deborah Levy

Boka er sponsa av Solum forlag

SOMMERBOKA, SOMMERBOKA! (Rop det med meg.) Eg las denne boka ut på toget på siste etappen heim frå ferie, og kjende berre korleis eg vart dratt tilbake til sørlige Spania. Miljøet i boka er så utruleg godt skildra, det er nesten som å sitte i sanden ved Middelhavet innimellom.

Romanen handler om tjuefemårige Sofia som reiser til ein svindyr privatklinikk i Spania med si mykje eldre mor, Rose. Rose har nemleg slitt med beina sine i årevis, og Sofia har praktisk talt tatt vare på mora sidan ho var fem. Etter å ha tatt opp lån, har dei råd til å få konsultasjon hos den berømte doktor Gómez i Almería i Andalucía. Ingen har klart å diagnostisere kvifor Rose ikkje kan gå, og behandlinga til denne nye legen er høgst merkeleg. Rose sine symptom utvikler seg merkeleg, og legen hinter til Sofia om at det ikkje er mykje fysisk feil med mora. Medan Rose får behandling, oppdager Sofia livet på strendene og nye sider ved seksualiteten sin.

Språket var heilt fantastisk! Lettlest, ærlig, full av sårbarhet og svart humor. Den er utruleg god, så du bør berre springe og kjøpe! (Eller låne, men ikkje stjele. Om du vil lese på originalspråket, er den engelske tittelen Hot Milk). Eg trur at eg elles berre avsluttar med og seier meg enig i den siste delen av «vaskelappen» bakpå boka: Varm melk er en hypnotisk og særdeles velkomponert fortelling om kvinnelig raseri og seksualitet, om myter og tidløse monstre – og som et bakteppe til det skjøre forholdet mellom mor og datter, ligger et like sårbart Europa som fortsatt strever med å finne en vei opp av ruinene etter finanskrisen.

Forlag: Solum
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Gåten» av Jessie Burton

Boka er sponsa av Font forlag

Det hender eg av og til får meg nokre overraskingar. Ofte kjem dei i form av bøker i postkassa, noko som var tilfellet her. Allereie i mars dukka den opp, men med eksamen og skule hamna den i ein haug med andre bøker på den alltid like lange leselista. Eg plukka den ganske tilfeldig ut av bunken fordi eg lengta etter ein roman – ein med litt lengde og god handling, utan for mykje kjærleiksdrama i. Etter at eg plukka boka opp, har eg knapt lagt ho i frå meg. Ordet «oppslukt» er faktisk for svakt å bruke.

Historia startar i London i 1967. Odelle, ei eksotisk mørk og karibisk jente, er lei av den intetsigende jobben på skobutikken ho arbeider på. Ho vert letta og lukkeleg når ho vert ansett på The Skelton, eit kunstgalleri. Ho vert fascinert av sjefen sin, Marjorie Quick, ei ganske unik karrierekvinne av si tid. (Dersom du har likar Mad Men, trur eg du òg vil like denne delen av boka, den er så godt skildra!) I eit bryllup møter ho Lawrie, ein kvit overklassegut. Han viser henne eit maleri han har arva av mora, og ho tek det med for å vise det til sjefane sine. Det viser seg ganske raskt at maleriet er heilt spesielt, og har ei ganske myteomspunnen og godt skjult fortid – og korleis kan det ha seg at mora til Lawrie eigde eit slik mesterverk?

I 1936 møter vi Olive som bur i Spania med si engelske, mentalt sjuke mor og sin tyske far. Ho er eit sjeldan stort kunsttalent, men tør ikkje fortelje foreldra at ho er komen inn på kunstskulen Slade. Livet hennar endrar seg likevel brått når søskenparet Isaac og Teresa dukker opp og byrjar å arbeide for den vesle familien hennar. Isaac er ein veldig politisk type med sterke meiningar, og Teresa er ei ganske hard og einsam ung kvinne. Dei tre unge menneska er alle saman gode venner, heilt til Teresa begår eit mislukka forsøk på å hjelpe Olive å få vist fram kunsten sin. Etter det, er det ingenting som vert det same att for nokon av dei.

Språket til Jessie Burton er verkeleg spektakulært godt! Det gnistrar og brenn og er så fantastisk originalt. Det er ei rein glede å lese. Detaljane i språket, i sjølve forteljinga av historia er så… nøyaktige. Dei er noko for seg sjølv, heilt fritt for klisjeer og plattheitar. Eg har eigentleg ikkje ord. (Bortsett frå dei 453 orda dette innlegget består av!)

Dette er kanskje den beste historiske romanen eg har lest nokon gongLes den! For meg var dette ei reise like magisk som det praktfulle omslaget hintar om at det skulle bli.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Mens vi venter på Bojangles» av Olivier Bourdeaut

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Litterære referanser er dei beste referansene, og ein treng vel ikkje ha studert litteraturvitenskap for å dra kjensel på tittelen. Tittelen viser til Mens vi venter på Godot av Samuel Beckett, eit absurd teaterstykke. I starten av boka står det at denne boka er hans sanne historie, full av løgner, «på både retten og vrangen». Så det verker jo ganske så passande! (Og viss du lurer, er det ikkje den ekte historia om livet til Bourdeaut.)

For ein gong skuld skal eg avsløre nesten alt som skjer i boka, av to grunnar: handlinga er ikkje det viktigaste her, men måten den blir fortalt på; og alt eg avslører står uansett på baksida. Boka handler om ei veldig unik kvinne. For sonen hennar verkar ho fantastisk, morsom, vakker og perfekt, der ho gjer akkurat slik ho vil, gir blaffen i konvensjoner og forpliktelser. For mannen hennar, med sin unike humor, trudde lenge at ho berre var like eksentrisk som han. Men når skattevesenet er på døra (etter at han har tatt nokre snarveier for å kunne forsørge og ta vare på kona og sonen), set ho fyr på huset og blir innlagt. Etter ei stund innesperra, arrangerer dei ei falsk kidnapping for å ta henne med til Spania for å fortsette det ville livet deira.

Boka er ei rørande historie, fortalt på ein utruleg unik måte som vekslar mellom naivitet og djup innsikt. Den fremstiller utan tvil temaet rundt mentale sjukdommar på ein ny måte. Det er ei fin, lettlest og kort bok, som utgjer sjarmerande lesing.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Også dette går over» av Milena Busquets

Boka er sponsa av Gyldendal norsk forlag

Også dette går over

Nei, dette var skivebom. Eg forstår ikkje spanjolane sin trang til å skulle skrive romanar om dei store spørsmåla i livet, samtidig som dei er så late at dei ikkje gidd å bake det inn ei skikkelig historie? Det er vel eigentleg ikkje ein roman ein gong, det er berre ei poenglaus forteljing.

Det handlar om Blanca. Mora til Blanca har nettopp døydd, og blir framstilt som eit fantastisk og ondskapsfullt menneske. Blanca er deprimert, umoden og sexavhengig. For i følge Blanca, kan sex fikse alt. Vel, dama har to gutar med to ulike eksmenn og ein gift elskar, som ho alle dreg med seg til moras hus i Cadaqúes, i tillegg til hushjelpa, to venninner (og barna deira). Og så stikk ho eigentleg berre av heile tida og drikk seg full, røyker seg høg og har sex med elskaren sin.

Dette er den typen bok som sikkert kjem til å vinne mange (og har vunne nokre allereie) kritikarprisar, men som omtrent ingen kjem til å gidde å lese. Det er mange fine tanker i boka, men det hadde fungert mykje betre om det var lagt til ei skikkeleg handling. Slik som det var no, var det berre tungt å lese. For spesielt interesserte (og for ein gongs skuld er eg ikkje ein av dei).

Forlag: Gyldendal norsk forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Den lille kjærligheten» av Francesc Miralles

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Den lille kjærligheten

Denne boka er ei merkeleg lita greie. Eigentleg er den ikkje så lita heller, med sine 286 sider. Den handler om Samuel de Juan, ein professor i tysk ved universitetet i Barcelona. Samuel er ein ganske einsom ungkar, og ein intellektuell type som frustrerer seg over studentar som ikkje har peiling på Goethe og Brecht (enkelte elevar lar han stå i faget så han skal slippe dei neste år igjen – praktisk). Ein dag dukkar ein katt opp på døra hans, og nektar å gå sin vei. Og sjølv når han går, dukkar han snart opp att, tilsynelatande ut i frå intet. Gjennom katten kjem Samuel i kontakt med mange nye menneske, og finn slik att barndomsforelskelsen si – som ikkje hugsar han i det heile.

Heilt ærleg. så traff ikkje boka meg heilt. Objektivt sett var den ganske god – både handlinga, karakterane og ikkje minst språket var finspissa og utruleg levande og humoristisk. For min del vart handlinga litt for platt, og dialogane tok litt for mykje plass. Det er ikkje ei bok ein les for plottet sin skuld. Men om du liker bøkene om katten Bob (men kanskje vil ha det litt meir intellektuelle med i miksen), trur eg gjerne at du vil like denne boka òg. Elles er boka litt filosofisk av seg, så om det er noko du liker, er den verdt å teste ut (den er uansett lettlest til det ekstreme, og ein kan lett pløye gjennom den for underhaldinga si skuld).

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Alkymisten» av Paulo Coelho

Alkymisten

Denne boka er 28 år gamal, men den blir nok aldri utgått. Eg veit nesten ikkje kva tags eg skal bruke på dette innlegget, det er liksom alt for mykje å kunne velje mellom. Handlinga starter hos gjetarguten Santiago som reiser gjennom Andalucía med sauene sine, då han drøymer om ein skatt i Egypt. Etter eit møte med ei spåkone og ein konge, sel han sauene og reiser via Marokko. Reisa tar fleire år, og han møter mange interessant menneske i løpet av turen. Han lærer om verdssjela, tankens kraft og mange andre filosofiske emne.

At boka er kalla ein moderne klassiker, er pokker ikkje rart. Boka er vakker, fargerik, djup og spennande. Og til alles glede: lettlest som få. Så denne bør alle lese, herlig underhaldning.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2013 (1988)

Fleire bøker av Paulo Coelho finn du HER.

Sitat

«The Vacationers» av Emma Straub

The vacationers

Kva passer eigentleg bedre som strandbok enn ei bok om andre på ferie? Boka var herleg frå start til slutt, og temmeleg vanskeleg å legge ned. Den er varm, humoristisk og lettlest. Forfattaren har skapt ærlege og menneskelege karakterar, som ein både liker og misliker.

Familien Post skal på ferie til Mallorca. Far Jim og mor Franny har problem i ekteskapet, da Jim (på 60) fant ut at han skulle ha sex med ei 23 år gamal jente som var ansatt i bladet han jobba i. Franny er i tillegg hyperkontrollerande og krev at ferien skal bli perfekt, utan å kanskje vere det sjølv. Sylvia på 17 har planer om å miste jomfrudommen på ferie, etter å ha fått hjertet knust heime i New York, og pinlege bilder lasta opp på Facebook. Bobby på nesten tredve kjem saman med Carmen, hans ti år eldre kjærast som ingen eigentleg liker, og Bobby er på dei fleste nivå ein skikkeleg dritt. I tillegg har Franny invitert med seg sin homofile bestevenn og hans ektemann, som og har litt ekstra bagasje med på turen.

Boka er skriven med kjærleik og brodd. Den minner oss om kor glad vi er i familien vår, men at det kanskje ikkje alltid er ideelt å vere innesperra i eit hus på Mallorca med dei i fjorten dager.

Forlag: Picador
Utgivelsesår: 2014

Norsk tittel: «De ferierende»
Norsk forlag: Bastion