Sitat

«Jeg glemte deg aldri» av Lucy Clarke

Boka er sponsa av Apropos forlag

Jeg glemte deg aldri

Eigentleg synest eg denne boka gjekk litt sakte fram. Eg ville ha meir hint, meir sjokkerande fakta, fleire hemmelegheitar! Eg synest ikkje dei «store svika» var så frykteleg store, sånn eigentleg. Unntatt epilogen, då. Den rysta meg til mergen.

Boka handlar om Lana. Lana har flytta til New Zealand, etter å ha backpacka rundt om i Filippinene med bestevenninna, Kitty. På Filippinene møtte dei ein vennegjeng som seilte rundt med båten «The Blue», og blir med dei. Men turen blir mykje meir dramatisk for Lana enn ho nokon sinne kunne forventa.

Eg veit ikkje om eg er heilt nøgd med omsetjinga til norsk, men historia var fantastisk sår og spennande i seg sjølv. Framdrifta var kanskje litt treig, men bortsett frå det var boka kjempebra!

Forlag: Apropos
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Lucy Clarke finn du HER.

Sitat

«Fuglehjerne» av Johanna Sinisalo

Fuglehjerne

Dette er ikkje ei anbefaling, dette er ein advarsel. For denne boka er bånn i bøtta. Kanskje er denne typen bøker ei finsk greie – ikkje veit eg, men dette blir den fyrste og siste boka eg les av Sinisalo. La meg forklare kvifor denne boka skuffa over alt:

På baksida av boka er det ein ganske spennande «vaskelapp». Boka handlar om ekstrembackpackeren Jyrki og Heidi, som seier opp jobben for å bli med den ferske kjærasten på vandring igjennom Australia og New Zealand, og så står det ei lang tirade om at turen blir eit mareritt, merkelige ting begynner å hende, og dei oppdagar ikkje at dei er i ondskapens hjerte før det er for seint. Bullshit. Altså, dette skjer eigentleg ikkje. Dei mistar litt mat på veien, det blir litt regnvêr og tampongen til Heidi dukkar opp ein stad den ikkje skal vere.

Boka er grusomt kjedeleg. Det er så godt som null handling. Dei første 50 sidene er interessante, møtet mellom Heidi og Jyrki i Finland, og dei siste 50 er ganske ok. Men dei 200 sidene i mellom der, er rett og slett unødvendig lesing. Det er berre «så vandra vi over den vidda, kryssa den bekken, klatra opp den bakken, spiste ei riskake, no skal vi sove og begge skal tenke på ha sex – utan å faktisk ha det». Det er, som sagt, grusomt kjedeleg. Innimellom er kapitla og berre tilfeldige passasjar som skal vere leietrådar til slutten, men dei gav ikkje meining eigentleg.

Ideen bak boka er eigentleg ganske bra, men gjennomføringa av ho er heilt bak mål. Så sjølv om starten og slutten er ganske interessant lesning, sørgjer resten av boka for at det faktisk ikkje er verdt det. Ikkje kast vekk tida di på denne boka. Og det, det er sjeldan eg seier.

Forlag: Vega
Utgivelsesår: 2012