Sitat

«Storebjørn» av Odd Harald Hauge

Leseeksemplar

Svalbard: på ein måte norsk, men på ein måte ikkje. Russland har alltid vore interessert i området, men Noreg sikra seg øyene då Russland var midt oppe i revolusjonane sine. Dette isødet har alltid vore interessant politisk, historisk og militært, og konspirasjonsteoriar (som plottet i denne boka jo på sett og vis er) er nesten alltid god lesning. Ei anna bok med liknande tema (som eg òg likte godt) er Om hundre år er allting gjemt av Per Arne Totland.

Martin Moltzau har pensjonert seg frå livet som eventyrer (vi møter han òg i boka Everest), og jobber no som guide på Svalbard, der han lar styrtrike amerikanarar få oppleve eit glimt av livet i den iskalde villmarka. Denne turens turistar er ein amerikansk familie: mor, far og vaksen datter, som skal bruke turen på å styrke banda seg i mellom. Familien vil veldig gjerne sjå den forlatte russiske gruvebyen, Pyramiden, men dei er ikkje dei einaste med kurs dit. Og når første kapittel blir avslutta med spørsmålet «Hva kan vel gå galt?», så veit ein jo at det aller meste definitivt vil gå galt.

Utan å avsløre så altfor mykje, så vil eg seie at det ikkje er mange av desse menneska som er spesielt flinke i jobben sin. Så nedlatande og arrogant Moltzau er, trur eg ikkje at han burde vere i eit serviceyrke, spesielt ikkje eit med så mykje nærkontakt over lengre tid. Og kven gløymer at dei har ein ekstra pistol når dei vert skutt på og er tomme for ammunisjon? Ingen av karakterane her er spesielt sympatiske (sjølv om dei er velskildra og levande), så det er ikkje heilt lett å heie på nokon av dei. Eg les gjerne bøker med lite likandes hovudpersoner, men eg trur ikkje det er hundre prosent tilsikta her.

Av og til kan det bli litt vel mykje «is og snø, snø og is, is og snø», men elles er språket ganske så godt! (Og det er vel ikkje så mykje anna å skildre i det arktiske landskapet.) Boka er lettlest og spennande, og handlinga skyt fart frå første side. Det er ikkje ofte eg les thrillarar uten ein psykologisk tvist; dette er ei bok med action berre for actionen si skuld. Og sjølv om det er ganske «beint fram»-underhaldning, er det ikkje ei historie ein gløymer med det første. Romanen er full av historie og interessante perspektiv. Veit du for eksempel kvifor Longyearbyen heiter akkurat det? (Eg gjer!)

Eg har alltid hatt lyst til å reise til Svalbard, sjølv om ei relativt detaljert skildring av korleis ein kan bli drept av ein isbjørn kanskje har minska lysta bittelitt. Uansett er boka absolutt å anbefale, uansett om du har lese den første boka om Martin Moltzau eller ikkje! (Eg hadde det ikkje, og følte ikkje at eg gikk glipp av noko vesentleg.)

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«Spionen» av Paulo Coelho

Boka er sponsa av Bazar forlag

Spionen

Spionen er ein ganske annleis roman enn dei andre Coelho har skrive, men den typiske poetiske skrivemåten og dei djupe refleksjonane manglar ikkje i denne boka heller. Romanen er skriven i brevform, med unntak av prolog og epilog. Det meste er «skrive» av Mata Hari, eller Margaretha Zelles. Eg hadde jo høyrt namnet Mata Hari før eg starta på boka, men eg ante jo eigentleg ikkje kven ho faktisk var (eller at det var ei ho i det heile tatt). Ho vert rekna som ein av verdas fyrste feministar, og vart tilsynelatande uskuldig henretta for å beskytte mange mektige menn ho hadde kjennskap til.

Mata Hari var altså ei nederlandsk kvinne som, etter å ha rømt frå eit grusomt ekteskap med ein militær i Indonesia, reiste til Paris for å leve eit fritt liv. Ho gjenskapte stripteasen frå noko tarveleg til noko sensuelt og kunstnerisk, og levde som eit sosialt midtpunkt. Strengt tatt var ho prostituert, og levde eit ganske utsvevande liv. Ein kan kanskje samanlikne ho med dagens Kim Kardashian, som til trass for manglande talent har ei evne til å begeistre menn og kvinner, og halde seg i rampelyset?

Uansett, fyrste verdskrig kjem snikande samstundes som Mata Hari aldres og utsjånaden hennar falmar, og ho vert lokka til å reise til Berlin for å opptre der. Etter mykje att og fram vert ho bedt om å fungere som spion for tyskerane, og går rett til franskmenna for å melde seg som dobbeltspion. Til trass for å aldri ha rapportert noko som helst, kun brukt tyskerane som ein minibank, vert ho dømd for spionasje på eit latterleg tynt bevisgrunnlag (eigentleg ikkje-eksisterande). Ho vert deretter henretta ved gevær- og pistolskudd, og begravd i ei anonym massegrav.

Dette er ikkje meint til å fungere som ein slags utdjupande biografi om Mata Hari, og er berre kort oppsummert (med bittelitt kunstnerisk fridom). Det er ei ganske kort bok, på knappe 180 sider med brei marg og stor skrift, så den er raskt utlest. Det er ikkje ein direkte spenningsroman (vi veit jo allereie frå starten at ho døyr), men hennar syn på verda og sitt liv (med litt hjelp frå Coelho) er uhyre interessant lesning. Og om du har lest og likt dei andre bøkene hans, er det ingen grunn til å stoppe her.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Paulo Coelho finn du HER.

Sitat

«Møtepunkt Paris» av Alan Furst

Boka er sponsa av Bastion forlag

Møtepunkt Paris

Andre verdskrig. Eller rettare sagt, opptakta til andre verdskrig. Vi er i Frankrike i 1938, og vi følgjer filmstjerna Fredric Stahl. Han har reist frå Hollywood til Paris for å spele inn ein film. Han er vand med å vere svært ettertrakta, men hadde ikkje forutsett kven som kunne ynskje seg hans selskap i Paris – tyske (og franske) nazistar. Dei ynskjer å bruke han som ei brikke i sin propaganda. Med truslar og utpresning veit ikkje Stahl korleis han kan sleppe unna, og vert ufrivilleg dratt inn ei verd av spionasje, tyske pengar, fascisme og farlege situasjonar.

Alle elsker vel å lese om krigshistorie? Eg fann denne boka særs interessant, då den setter lys på den franske delen av historien, som eg ikkje kunne spesielt mykje om. Boka var vanskeleg å kome i gang med, for det var mykje fakta og eg hadde lite forkunnskapar, men før den var halvvegs drog den meg inn. Settinga i eit filmstudio i Paris hjalp nok på, og siste halvdel vart slukt i ein omgang – umuleg å leggje ned. Om du likar krigshistorie, spionasje, filmhistorie, Frankrike eller berre godt lesestoff, vil du glede deg over denne boka! Kan og love at du sit med hjartet i halsen til siste side.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2013