Sitat

«Old Filth»-trilogien av Jane Gardam

Den fyrste boka i trilogien, Old Filth, er nyleg omsett til norsk, og komen ut på Gyldendal, under tittelen En ulastelig mann, med eit heilt anna omslag. (Eg absolutt elskar desse grafiske omslaga! Dei er så pene og forlokkande, og skrik liksom «KJØP MEG!»). Eg kjøpte og las bøkene på engelsk, fordi eg ikkje kunne vente med å lese heile trilogien. Kollegaene mine og andre bokbloggarar har anbefalt den fyrste såpass sterkt, at eg berre slo til.

Den fyrste boka om Eddie Feathers, heiter Old Filth og har gitt namn til trilogien. Old Filth er og namnet til Eddie, eller i alle fall kallenamnet hans. Han er no blitt ein gamal mann på cirka 80, og er ei levande legende (sjølv om mange ikkje har fått med seg at han fortsatt er i live). Opphavet til kallenamnet er suksessen han gjorde som advokat i Hong Kong. FILTH står nemleg for Failed In London Try Hong Kong. Sjølv om han er ganske populær, godt likt og velkjent innan jussen, har han få venner og er ganske isolert. Familie har han heller ikkje mykje av, då han er ein «Raj orphan», altså eit barn fødd i utlandet under Emperiets tid, og så sendt til ein fosterfamilie i England, og deretter kostskular (dette er heilt faktiske greier). Etter konas død har han isolert seg ganske kraftig, og er i villreie om veien vidare.

Historia om Eddie Feathers er skildra med ein slik varme, ein slik menneskelig innsikt at det er nesten ikkje til å tru. Skrivestilen er så personleg, men samstundes så objektiv og allvitande, og minna meg svært om korleis John Steinbeck skriv, spesielt i East of Eden. (Eg er heilfrelst på Steinbeck, så frå meg er dette eit stort kompliment!)

Bok nummer to, The Man in the Wooden Hat tar for seg Betty – den avdøde kona til Filth – si side av historia og samlivet deira. Betty har nemleg ei heilt eiga fortid og notid. Ho er som Filth ein «Raj orphan», var kodeknekker under andre verdskrig og forelska seg i ein anna mann eit par timar etter at ho forlova seg med Filth. Eddie Feathers er jo skildra som ein ganske distré, tilbaketrukken og nøktern type – som ser på seg sjølv som emosjonelt skada. Mykje av det han fortel i den fyrste boka, får vi her Bettys perspektiv på desse (og langt i frå alt er heilt slik han framstiller det) og ein heil del nye bitar av samlivet deira.

Historia er rørande, velskriven og direkte menneskeleg. Den tek for seg korleis vi mennesker kjenner begjær for motstridande ting, sårer menneska vi føler lojalitet over og kor vanskeleg det kan vere å gjere det rette.

Boka kjem forresten på norsk i haust. Denne her er meir lettlest på engelsk enn Old Filth var, men dei norske omsetjingane skal visst vere ganske gode, så det er berre å velje heilt fritt kva språk du vil lese dei på.

Den tredje og siste boka i trilogien, Last Friends, tar utgangspunkt i Terry Veneering – Old Filth sin rival på omtrent alle måtar. Vi får jo vite ganske tidlig i dei andre bøkene at Betty Feathers og Terry Veneering har hatt noko på gang for omtrent alltid. I tillegg hadde Terry ein ganske annleis oppvekst enn dei andre karakterane i bøkene, då han vaks opp ganske fattig i nordre del av England.

I denne boka blir alle trådane knytt saman, og du blir òg betre kjend med den litt obskure karakteren Fiscal-Smith. Dette er kanskje den morsomste boka av dei tre, og i alle fall den mest rørande. Eg likte trilogien så godt at eg allereie har bestilt novellesamlinga hennar òg.

Kjapt til slutt: Eg absolutt elska bøkene, og eg spår herved at denne trilogien vil stå att som ein moderne klassiker. Du burde definitivt lese desse bøkene dersom du likar John Steinbeck, Elena Ferrante eller Sophie Starks liv og død av Anna North.

Forlag: Abacus
Utgivelsesår: Old Filth (2004), The Man in the Wooden Hat (2009), Last Friends (2013)