Boka er sponsa av Bazar forlag
Eg las Sapiens i fjor, og det var verkeleg ei av dei beste sakprosabøkene eg har lest! Derfor var eg kjempegira når oppfølgjaren, Homo deus, kom på norsk. Det går ikkje an å legge skjul på at Harari har ei fantastisk formidlingsevne, for ein sit igjen og føler seg latterlig intelligent. (Og det er jo alltid kjekt å føle seg glup.)
Lat oss starte med tittelen. Homo sapiens betyr jo «det tenkende mennesket», og homo deus betyr «det guddommelige menneske». For er det ikkje mini-gudar vi er på veg til å bli? Med all den kunstige intelligensen, designerbabyer, moderne medisin, medikamenter som kan endre kjenslene våre eller halde oss i live – kanskje for alltid?
Boka handler jo om framtida, så naturleg nok snur Harari seg mot fortida for å sjå trender, sannsyn og kome med kalkulerte spådommer, spekulasjoner og moglege løysingar. Men det er pokker så skummelt, denne gongen. Det er i alle fall lett å seie seg einig i det Harari skriv, og det får deg jo til å tenke på framtida. Kor er vi på veg? Han utfordrer tankane rundt økonomi, ideen om et individ, ulike ideologiar, moderne medisin, og ikkje minst teknologi. Blant anna, det er så utrulig mykje meir han klarer å skvise inn.
Avsnitta her er litt lengre enn i Sapiens, så det tek litt lenger tid å lese boka, for ein må faktisk sette seg ned og ta seg god tid til lesinga. Språket er heller ikkje like leikent og skarpt som det var i forgjengeren, men det er vanskeleg å ha skråblikk og harselere med noko som enno ikkje har hendt. Det er uansett lettlest, interessant og forståeleg. Kos deg!
Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017
Fleire bøker av Yuval Noah Harari finn du HER.