Sitat

«Tre ønsker» og «Vanvittig skyldig» av Liane Moriarty

 Begge bøkene er leseeksemplar frå Norli

Tre ønsker kom så seint som i år, men den har blitt litt oversett! Noko som er heller ufortjent, for den er like underhaldande som dei andre bøkene til Moriarty. Ho er tilbake med den typiske filmatiske skrivestilen sin; det er som å berre sjå ei lang romantisk komedie. Kvar gong eg les bøkene hennar, kan eg berre lene meg tilbake og la auga vandre og vips har eg ein film på netthinna.

Denne boka handler om trillingane Cat, Lyn og Gemma. Boka opnar med ein offentlig krangel dei har på ein restaurant, ein ganske høglytt og etter kvart fysisk krangel. Vidare vert historia rulla opp frå starten av; korleis Cat sin ektemann var utro, korleis Lyn slit med å vere perfekt og god i absolutt alt, og korleis Gemma slit med å komme seg vidare i livet. Det vert som vanleg berre meir og meir komplisert, dramatisk, morsomt og herlig etter kvart, utan at eg skal avsløre noko særleg meir.

Igjen tek Moriarty opp store tema som mishandling, sorg, panikkanfall, utroskap, lengsel etter barn og kompliserte familieforhold. Denne gongen synest eg ikkje at ho klarer å avslutte eigentleg nokon av temaa skikkeleg eller kome med ein faktisk konklusjon. Sjølv om boka er lettlest, underhaldande og god, renn litt av bodskapet hennar ut i sanden. Store hvite løgner klarer betre å ramme inn fleire av dei same problema. Boka er absolutt lesverdig, og du bør definitivt vurdere den som neste års strandbok! (Eller er det berre eg som planlegger lesinga mi såpass langt fram?)

Og til slutt, noko som irriterte meg grenseløst!! Kan nokon fortelje omsetjar Einar Blomgren at absolutt ingen skriv/seier «coolt»? Det heiter kult. So aggravated.

Eg har jo likt alle bøkene til Moriarty i varierande grad (sjølv om eg aldri klarer å slutte å snakke om at Store, hvite løgner er det absolutte høgdepunktet!), men denne her er eg ikkje spesielt begeistra for. Det er den same oppskrifta med at noko dramatisk har skjedd, og så blir det nøsta opp i etter kvart. Problemet her er berre at det er tydelegvis noko pinleg, ikkje ulovleg, som har skjedd. Alle er i god behold etter «hagefesten», så eg blir eigentleg aldri nysgjerrig på kva som har skjedd.

Eg kan heller ikkje seie at eg nokon gong liker karakterane i boka noko særleg. Alle er berre dritsure, deprimerte, negative, har hatt dårlege barndommar, misliker ektefellen sin for eit eller anna, eller misliker alt og alle. Sånn på det jamne. Eg ville ikkje akkurat kalla dette feelgood!

Kjapt om handlinga: Clementine og Erika er barndomsvenninner. Det har vore ein hagefest hos Clementines nabo, og eit eller anna kjipt har skjedd på denne festen. Spør du meg, virker det ikkje som om ting var mindre kjipe før festen, for Clementine og Erika har eigentleg aldri likt kvarandre spesielt godt. Rett før festen ber Erika Clementine om ein enorm teneste, som Clementine absolutt ikkje vil gjere for henne. Etter festen er alt ganske kleint mellom dei tre familiane når dei møtest eller snakkar om/med kvarandre. Og spørsmålet som heng i lufta er jo, kva har skjedd på denne berykta hagefesten??

Eg skulle ønske eg kunne seie at eit fantastisk plott veide opp for ei treig forteljing, men nei. «Det som skjedde» vert bygd opp som noko spennande og dramatisk, men eigentleg er det berre like trist som resten av boka, og eit skikkeleg antiklimaks. Moriarty sine bøker er slukbøker for min del, men denne gikk det ufatteleg trått med. Eg klarte berre ikkje engasjere meg i noko eller nokon i boka. Den er ikkje morsom ein gong! Berre «dramatisk». (Legg merke til hermeteikna.)

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: Tre ønsker (2017), Vanvittig skyldig (2017)

Fleire bøker av Liane Moriarty finn du HER.

Advertisements
Sitat

«Store hvite løgner» og «Den siste festen» av Liane Moriarty

Okei, denne boka imponerte stort! Eg valgte den fra den enorme haugen av bøker fordi eg måtte ha noko lett, noko som ikkje krevde at eg tenkte, noko som ikkje var krim… Og der låg den, ei rosa bok med søtt cover som skulle vere sånn litt spennande. Eg forventa eigentleg noko halvgodt med mykje billige triks for å drive historia framover. Vel, shame on me. Dette er nemleg chick-lit på sitt beste.

På overflata kan alt virke ganske kjedeleg i den vesle australske byen Pirriwee. Og dei få problema ein kan sjå, verkar så banale. Foreldre som blåser opp dei minste hendingar, litt utroskap her og der, dei typiske tinga. Når aleinemora Jane flytter til området, skiftar dynamikken. Madeline og Celeste tek Jane under vingane sine, og foreldra for førsteklassingane vert splitta opp. Det kjem anklager om mobbing, overfall og konspirasjonar. Men det er ikkje dette som er sjølve drivkrafta i historia. Vi oppdager raskt at fleire av hovudpersonane skjuler litt av kvart, og at det er ei mordetterforskning som pågår. Vi veit berre ikkje kven som er død, eller kven som drepte vedkommande. Kommentarane frå andre foreldre i skuledistriktet som gjerne avsluttar kvart kapittel, fungerer som ein slags voiceover og er kanskje det som lagar mesteparten av spenninga.

Sjølv om omslaga er ganske ulike, er dette temmeleg likt i stil og innhald som Piken på toget, Bak lukkede dører, Naboparet og Flink pike. Seriøst, ikkje la deg lure av den sukkersøte rosa bakgrunnen, dei manikyrerte negla og timeglasset. Dette er utruleg spennande! Og ikkje berre spennande: det er lettlest, underhaldande og tek opp seriøse tema. Måten historia vert fortalt på, gjer det lett for meg å forstå at det er laga serie basert på boka (Big Little Lies på HBO), for det er som å sjå ein film når du les. Det er satirisk og morsomt, og eg lo høgt fleire gonger! (Og måtte reflektere ein gong eller to over det eg las.) Kan verkeleg anbefalast!

Den siste festen er eit leseeksemplar frå Norli

Den siste festen (som er litt feiltitulert, det burde vore Den siste årsdagen) er den fjerde i rekka av Moriarty-bøker omsett til norsk. Den er som dei andre bøkene; lettlest underhaldning. Men den kan ikkje måle seg med Store, hvite løgner, på langt nær. Til det er handlinga litt for platt og lite spennande, sjølv om det verkeleg verdt drama på «den siste festen», på slutten av boka.

Sophie har alltid vore interessert i Munro-mysteriet; For over sytti år sidan forsvant Alice og Jack Munro sporlaust, og alt systrene i nabohuset, Connie og Rose, kunne finne var den forlatte babyen til ekteparet Munro. Dei oppfostra babyen, Enigma, og gjorde den vesle øya dei budde på om til eit museum. Som barn var Sophie besatt av dette uløste mysteriet, og drog jamnleg til øya for å delta på omvisninga, kjøpe scones og gå turar. Som vaksen møter ho tilfeldigvis barnebarnet til Enigma, Thomas, og er saman med han i eitt år. Fleire år etter at Sophie og Thomas har gjort det slutt, kontakter han henne for å fortelje at Connie er død, og at ho har testamentert huset sitt til Sophie. Sophie, som enno ikkje har mann eller barn, takker etter kvart ja, og flytter ut til øya. Men etter matriarken Connies død, er det ikkje mykje på øya som forblir det samme. Blant anna Munro-mysteriet.

I tillegg til handlinga rundt Sophie og hennar ynskje om å finne ein mann og få ungar, er det òg fokus på Thomas» søskenbarn Grace, som lid av fødselsdepresjon. Som nevnt i omtala ovenfor, er det klassisk Moriarty å dra inn litt alvorlege tema i dei morsomme og lettbeinte romanane hennar. Boka var god den, men avsløringane rundt Munro-mysteriet var litt for openbare frå starten av. Den heilt, heilt siste twisten i historia var derimot uventa, og hysterisk morsom! Alt i alt hadde eg ei veldig fin lesestund, for boka er jo sjarmerande! Så sjølv om dette absolutt ikkje var den beste boka til Moriarty, gler eg meg veldig til å starte på Vanvittig skyldig.

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: Store hvite løgner (2016), Den siste festen (2016)

Fleire bøker av Liane Moriarty finn du HER.

Sitat

«The Dry» av Jane Harper

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Dette var ei bok eg hadde gleda meg stort til. Det har jo vore vårens snakkis på krimfronten (i tillegg til Størst av alt), kanskje litt overraskande? For det første er det ein heilt ukjend forfatter si debutbok, og handlinga skiljer seg ikkje ut på noko stort vis. Krim er ikkje den sjangeren eg les mest av, og når eg først les krim treng eg at den er skrytt skikkeleg masse av. For eksempel vart Beathe Solberg veldig imponert. Så eg kasta meg uti det… og vart kjempeskuffa.

Who really killed the Hadler family? Det er det store spørsmålet. Adrian Falk kjem tilbake til byen han vart jaga ut av for å delta i begravelsen til barndomsvennen Luke Hadler. Begravelsen er trist på ein ganske anna måte enn forventa, for Luke er mistenkt for å ha drept kona og det eine barnet sitt før han tok sitt eige liv. Falk jobber eigentleg med økokrim, men lar seg overtale av Lukes foreldre og den lokale politimannen Raco til å hjelpe til med ei uoffisiell etterforskning – for kva kan ha fått Luke til å gjere dette? Eller kva kan Luke ha gjort for å framprovosere dette mordet? Og kan det ha tilknytning til Ellie Deacon, jenta dei var så nære med i ungdommen, som døde brått og la igjen ein lapp som kasta mistanke på Falk?

No skal det seiast at dei som har skrytt av den (som eg har sett) har lest den norske omsetjinga, så det kan jo vere ein faktor? Eg likte tittelen så godt, og såg for meg å kunne skrive noko artig om at «tittelen var så passande, fordi skildringane var så gode at eg vart støvete og tørr i munnen», men nei. Eg kan ikkje seie at eg følte meg spesielt inne i boka på noko som helst tidspunkt. Historia fanga meg berre ikkje. Krimplottet var sånn sett ganske bra, uforutsigbart og truverdig, men eg vart ikkje engasjert verken eine eller andre veien. Så ja, dette er eigentleg ikkje ei krimbok eg ville anbefalt personleg, men ein som stort sett berre les krim ville nok sette meir pris på den.

Forlag: Little, Brown
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Ektemannens hemmelighet» og «Det Alice glemte» av Liane Moriarty

Så var det på tide å lese denne chick-lit-klassikaren. Eg las eigentleg Store hvite løgner før denne, og må innrømme at den var betre. Men det beviser berre at forfattarskapet til Moriarty går éin veg – oppover – så det er vel ein god ting?

Når Cecilia med eit uhell velter ei av mannens esker på loftet, finn ho eit brev adressert til seg sjølv. Som skal opnast ved ektemannens død. Cecilia vert heilt satt ut, men opner ikkje brevet før ho oppdager at mannen hennar verkeleg ikkje vil at ho skal opne det (og at han lyg om det). Når ho opner dette brevet fell livet hennar saman. Og sjølv om ho ikkje veit det enno, vil innhaldet i dette brevet påverke både Rachel – ei enke med ei trist fortid – og Tess – ei ung mor som nettopp har forlatt mannen sin.

Boka er lettlest og utruleg spennande! Sidene blar om av seg sjølv, og du blir engasjert. Moriarty skriv verkeleg godt, og klarer å treffe enkelte poeng så utruleg presist. Sjølv om mange av temaa i boka er kjipe og såre, vert dei skildra med ei blanding av varme og humor, sarkasme og djup menneskeleg innsikt, som eg trur berre Moriarty kan klare å mestre perfekt.

I skrivande stund er eg litt hekta på denne sjangeren! Desse bøkene er så lettleste, så skildrande at det nesten er som å sjå ein film. Ein slepp liksom å tenkje, og kan berre la seg flyte med. Det er så deilig med slike bøker innimellom! Både bøkene til Moriarty og Jane Corry har gått ned på høgkant (hennar bøker kan òg anbefalast!), og eg gler meg (vanvittig) til Vanvittig skyldig kjem ut i haust!

Det er mykje som endrar seg på ti år. Kanskje spesielt mellom 29 og 39. Men kva om du plutseleg har gløymd alt som har skjedd i mellom desse åra? Kven er du då? Kven var du? Alice vakner opp etter å ha slått hovudet hardt. Det er 1998, ho er nygift og forelska og gravid for fyrste gong. Livet er fantastisk! Bortsett frå at det i virkeligheten er 2008, ho er separert frå mannen sin, har tre barn ho ikkje hugser og er distansert frå den øvrige familien sin. Alice aner ikkje korleis ho skal fungere i kvardagen, og sjokka er ikkje få. Kvifor er ho ikkje nær med syster si lenger? Kven er denne Gina? Ho må lære seg å navigere livet sitt på nytt, og bli kjend med barna sine. Og ho er fast bestemt på å vinne mannen sin tilbake.

Dette er den andre boka til Moriarty (i alle fall på norsk), og har ikkje det krim-elementet dei fleste av bøkene hennar har. Likevel klarer Moriarty også her å skape mykje drama, mange overraskande vendingar og så klart litt djupare og større tema godt miksa inn i herlig chick-lit. Eg er heilt frelst; desse bøkene er så herlige! Dei bør definitivt pakkas ned i strandbagen, kofferten eller kva du no drassar rundt på sommar.

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: Ektemannens hemmelighet (2014), Det Alice glemte (2015)

Fleire bøker av Liane Moriarty finn du HER.

Sitat

«Slottet i regnskogen» av Elise McCune

Boka er sponsa av Bazar forlag

Okei, til informasjon: det er regnskog i Australia, og det er den regnskogen vi snakker om (what?). Og du må nesten ha tunga beint i munnen og hugse på at det er her vi befinn oss, når dei snakkar om at mars er ein haustmånad og det er kaldare lenger sør. (Kjempeforvirrande, haha!). Eg har ikkje lest så mange bøker med handling i Oseania, så det krevde litt tilpasning. (Ikkje misforstå, det var ikkje vanskeleg å setje seg inn i, berre noko å vere klar over.)

Stella er vaksen, singel og reiser verda rundt som fotograf. Ho har ikkje den største omgangskretsen, og ein ganske avgrensa familie med visse spente familieband. På rommet til bestemora finn ho eit fotografi av ein soldat, og blir nysgjerrig når bestemora fortel at kaptein Robert Shine var hennar fyrste kjærleik. Ho klarer ikkje la vere å leite etter svar på spørsmåla sine, medan det enno er personar i live som kan svare på dei. Hennar eiga mor manglar nemleg sjølv fleire brikker om sin eigen barndom.

Men vi følger òg Rose si syster Vivien under andre verdskrig – forelska i den same kaptein Robert Shine. Kvinnenes kjensler for kapteinen øydelegg forholdet deira, og får konsekvenser for begge.

Historia er heilt fantastisk fin, og boka er så godt skriven! Skildringane av eit varmt og vakkert Australia er så verkelege og skaper eit deilig bakteppe. Romanen er like god og medrivande som bøkene til Kristin Harmel og Sarah Jio, så her er det berre å glede seg! Ta den med på ferie, eller lev ferien din gjennom den deilige, eksotiske stemninga i boka – den er herleg! Eg vil dra det så langt som å kalle boka ein rein fryd å lese.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«The Rosie Project» av Graeme Simsion

The Rosie Project

Dette var ei tilfeldig bok eg kjøpte på ferietur i mangel på lesestoff (kan du tru det?). Og eg vart tatt med storm. Denne boka er i ei klasse for seg sjølv.

Don er ein litt spesiell type (tenk Sheldon Cooper-ish), med rutiner så strenge at det nærmar seg sjukt. Han er forsker, og dei sosiale ferdighetene hans er ikkje akkurat på topp. Men Don har funne ut at han vil gifte seg, og har laga ei laaaaaang liste med kriterier for denne kvinna. Problemet er at han ikkje eigentleg veit korleis han skal finne henne. Vennen Gene (som verkeleg er noko for seg sjølv med sitt «åpne» ekteskap for «forskning») prøver å hjelpe han. Som ein spøk (når Don viser seg å vere litt vel kritisk), fiksar han Don ein date med ein student av seg – Rosie. Rosie er så langt frå lista som ein kan kome, men kanskje er det akkurat det Don treng?

Boka er så latterleg morsom, med sarkasme og komiske situasjonar. Eg har ikkje lest den norske omsettinga, men kan i alle fall anbefale originalen varmt. Og gjere alle lykkelege ved å informere om at det finst ein oppfølgjar, The Rosie Effect.

Forlag: Penguin Books Limited
Utgivelsesår: 2014

Norsk tittel: «Prosjekt Rosie»
Norsk forlag: Aschehoug

Fleire bøker av Graeme Simsion finn du HER.

Sitat

«Fuglehjerne» av Johanna Sinisalo

Fuglehjerne

Dette er ikkje ei anbefaling, dette er ein advarsel. For denne boka er bånn i bøtta. Kanskje er denne typen bøker ei finsk greie – ikkje veit eg, men dette blir den fyrste og siste boka eg les av Sinisalo. La meg forklare kvifor denne boka skuffa over alt:

På baksida av boka er det ein ganske spennande «vaskelapp». Boka handlar om ekstrembackpackeren Jyrki og Heidi, som seier opp jobben for å bli med den ferske kjærasten på vandring igjennom Australia og New Zealand, og så står det ei lang tirade om at turen blir eit mareritt, merkelige ting begynner å hende, og dei oppdagar ikkje at dei er i ondskapens hjerte før det er for seint. Bullshit. Altså, dette skjer eigentleg ikkje. Dei mistar litt mat på veien, det blir litt regnvêr og tampongen til Heidi dukkar opp ein stad den ikkje skal vere.

Boka er grusomt kjedeleg. Det er så godt som null handling. Dei første 50 sidene er interessante, møtet mellom Heidi og Jyrki i Finland, og dei siste 50 er ganske ok. Men dei 200 sidene i mellom der, er rett og slett unødvendig lesing. Det er berre «så vandra vi over den vidda, kryssa den bekken, klatra opp den bakken, spiste ei riskake, no skal vi sove og begge skal tenke på ha sex – utan å faktisk ha det». Det er, som sagt, grusomt kjedeleg. Innimellom er kapitla og berre tilfeldige passasjar som skal vere leietrådar til slutten, men dei gav ikkje meining eigentleg.

Ideen bak boka er eigentleg ganske bra, men gjennomføringa av ho er heilt bak mål. Så sjølv om starten og slutten er ganske interessant lesning, sørgjer resten av boka for at det faktisk ikkje er verdt det. Ikkje kast vekk tida di på denne boka. Og det, det er sjeldan eg seier.

Forlag: Vega
Utgivelsesår: 2012