Sitat

«The Surface Breaks» av Louise O’Neill

I fjor las eg og elska Hun ba om det av same forfattar, men dette er ei litt anna bok enn den. (The Surface Breaks er ei gjenfortelling av Den lille havfruen. Til info er det kanskje mitt favoritteventyr, så vi operere med skyhøge forventningar her.) Hovudtemaet er fortsatt feminisme, men vert tematisert på ein heilt annan måte. O’Neill viste seg då som ein ekstremt talentfull forfattar som ikkje er redd for å knuse hovudperdsonen (og lesarens) håp og draumar for å gjere historia realistisk. Og så kan ein jo snakke om kor realistisk ei historie om havfruer kan vere, men så var jo ikkje eventyret opprinneleg like sukkersøtt som Disney-versjonen. I originalen til Hans Christian Andersen opplevde havfrua kjensla av å gå som å få få knivar opp i føttene og døydde i slutten av historia og vart bølgeskum.

No kan absolutt alle i heile verda plottet, så det trengs vel ikkje repeterast. O’Neill fortel akkurat den same historia, men legg fokuset på sterke kvinner og feminisme. Kven har vel ikkje tenkt at det var ganske vilt å ofre heile livet sitt og stemma si for ein mann ein aldri har snakka med ein gong? Ho legg til dømes fram korleis kvinner vert evaluert basert på utsjånad, ho problematiserer skamma ein liksom skal føle for å ete meir enn ein salatbit og kravet om perfeksjon frå patriarkatet.

Om dette hadde vore ein fantasyroman frå scratch, ville det vore mange «småfeil» for eit undervannsunivers, men dette tilgir eg glatt, for O’Neill klarer å legge seg så ekstremt tett opp til originalen, samstundes som ho får fram alle poenga sine. Slik fantasy opprinneleg var; politikk framstilt som fantasi. Boka er velskriven og sterk, mørk og med god driv. Den kan anbefalast til alle som liker eventyr, fantasy, feministisk litteratur eller berre ei god historie.

Forlag: Scholastic
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Louise O’Neill finn du HER.

Sitat

«The Mermaid and Mrs. Hancock» av Imogen Hermes Gowar

Leseeksemplar

Denne boka er råkul. (Eg kjem med veldig mange begeistra omtaler for tida, men eg har rett og slett lest så mykje BRA i høst!) Og eg vil ikkje kalle det fantasy sjølv om det er ei havfrue med her, for i denne boka er det heilt usannsynleg og like eventyrleg for karakterane som det ville vore for oss. Dette er rett og slett ein historisk roman, satt til eit skittent og dramatisk London frå slutten av 1700-talet.

Vi er i 1785, og her følger vi to parallelle historier som ganske snart (og openbert) fletter seg saman. Det er historia om kjøpmannen Jonah Hancock, som får beskjed om at skipperen på vareskipet han eig har solgt skipet og alle varene hans, i bytte mot ei havfrue. Ei heilt ekte havfrue, som dessverre døde på tilbakeveien. Jonah er fortvila og sint, for han er ikkje noko sirkusmann, men ender opp med å stille ut dette groteske og ekle liket av ein havfruebaby. I sjølve London by møter vi kurtisanen (eit fint ord for prostituert) Angelica Neal. Ho er vakker, intelligent og altfor forut for si tid. No har ho mista forsørgeren sin, og må vende tilbake til halliken sin, og slik ender ho opp på ein fest der nevnte hallik har leigd inn ei havfrue for å vise fram – og slik møter ho òg Jonah Hancock.

Dette er ei skikkeleg god røverhistorie, med ein stor porsjon historie. Eg veit ikkje kva anna eg skal seie enn at om du er bittelitt nysgjerrig, så bør du prøve ut boka. Det er ikkje ei bok som vil passe for alle, men eg slukte den rått. Den er velskriven, med overdrevne karakterer, full av mørk humor og kynisme, og eit skikkeleg skråblikk tilbake på 17- og 1800-tallet og Londons overklasse. Det er ei utruleg sær bok, men eg anbefaler den heilhjarta.

Forlag: Harvill Secker
Utgivelsesår: 2018