Sitat

«The Guest Cat» av Takashi Hiraide

Denne vesle japanske romanen er vel eigentleg ein sjølvbiografisk roman. Eg må innrømme at den ikkje er like rørande og vakker som eg forventa. (Eller kanskje eg las den på feil tidspunkt i livet, eller gjekk glipp av noko vesentleg. Eg gråt i alle fall ikkje der eg vanlegvis ville ha grått.)

Romanen handler om ein japansk forfatter og kona hans, også ein skribent. (Akkurat som Hiraide og kona hans. Rart, det der!) Forholdet er ganske trått, heilt til nabokatten, Chibi, begynner å dukke opp på dagleg basis. Til slutt er katten meir fastbuende enn gjest, men dei gjer eit poeng av at dei ikkje lokker på katten, løfter på ho og slikt. Det skjer noko med dynamikken mellom dei to (no tre) som er ganske spesiell. Heilt til det endrar seg på nytt.

Det er ein veldig liten og fin roman, men eg trur altså at eg gjekk glipp av noko. Kanskje det hadde vore betre om eg las den på norsk? Eg anbefaler likevel alle som liker små perler å gi boka ein sjanse, for det tek ikkje lang tid å lese henne ut.

Forlag: Picador
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«Den lille kjærligheten» av Francesc Miralles

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Den lille kjærligheten

Denne boka er ei merkeleg lita greie. Eigentleg er den ikkje så lita heller, med sine 286 sider. Den handler om Samuel de Juan, ein professor i tysk ved universitetet i Barcelona. Samuel er ein ganske einsom ungkar, og ein intellektuell type som frustrerer seg over studentar som ikkje har peiling på Goethe og Brecht (enkelte elevar lar han stå i faget så han skal slippe dei neste år igjen – praktisk). Ein dag dukkar ein katt opp på døra hans, og nektar å gå sin vei. Og sjølv når han går, dukkar han snart opp att, tilsynelatande ut i frå intet. Gjennom katten kjem Samuel i kontakt med mange nye menneske, og finn slik att barndomsforelskelsen si – som ikkje hugsar han i det heile.

Heilt ærleg. så traff ikkje boka meg heilt. Objektivt sett var den ganske god – både handlinga, karakterane og ikkje minst språket var finspissa og utruleg levande og humoristisk. For min del vart handlinga litt for platt, og dialogane tok litt for mykje plass. Det er ikkje ei bok ein les for plottet sin skuld. Men om du liker bøkene om katten Bob (men kanskje vil ha det litt meir intellektuelle med i miksen), trur eg gjerne at du vil like denne boka òg. Elles er boka litt filosofisk av seg, så om det er noko du liker, er den verdt å teste ut (den er uansett lettlest til det ekstreme, og ein kan lett pløye gjennom den for underhaldinga si skuld).

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015