Sitat

«Jeg er ikke …» av Martina Gaux

Leseeksemplar

Oooh, dette er ei bok eg ikkje veit korleis eg kan fortelje så mykje om utan å spoile. Så eg skal halvvegs spoile litt. (Sjølv om eg ikkje synest det er spoiling når det er veldig openbert for alle unntatt hovudpersonen.)

Norske Ryan vakner opp på gata i New York etter å ha blitt påkjørt og mista hukommelsen. Ho er vilt forvirra og prøver å hugse, så ho kan passe inn i livet sitt. Men noko er gale med måten folk snakker til henne, noko er gale med kroppen hennar, noko er gale med leiligheta hennar. Kvifor sender mora brev om at faren sakner sonen sin? Kvar er broren hennar blitt av? Kvifor har ho desse klumpane i skrittet etter påkjørselen, og galast av alt: kvifor vil ingen fortelje henne om denne broren hennar og kvar han er blitt av?

No har eg avslørt så lite eg kan, men om du er oppegåande har du kanskje gjetta deg fram til kvar broren hennar er blitt av allereie. Eg synest i alle fall det var innlysande frå første kapittel. Det er alltid litt kjedeleg når det er slik, men det kan forsvaras med at det er ei lærerik bok. Det var òg ei ganske god bok, sjølv om hovudpersonen verka litt dummare enn ho burde vere for alderen, og det er sånne ting som irriterer meg. Så ikkje toppkarakter altså, men litt meir enn midt på treet.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«A Work In Progress» og «Note To Self» av Connor Franta

Når eg skaffa meg desse bøkene, ante eg ikkje kven Connor Franta var. Rett og slett fordi eg ikkje eigentleg sit på YouTube og ser vloggar. Det har bare ikkje vore mi greie. For om du lurer, er Connor Franta ein ung gut som i enda yngre alder hadde millionar av følgjarar på YouTube. (Kor kul er du, liksom?) Eg endte opp med bøkene etter å ha forelska meg i omslaget til Note to self (herrejesus så vakre bøkene er!), og spurte etter eit leseeksemplar etter å ha bladd i boka. Og når eg fekk den, oppdaga eg at dette var oppfølgjaren til den første memoaren til Franta, altså A Work In Progress. Og når eg endeleg fekk tak i den igjen, kunne eg byrje lesinga. Det er altså mykje styr og venting bak dette innlegget. Det store spørsmålet er jo alltid: var bøkene verdt timane det tok å lese dei?

Etter å berre ha lest fem side, boblar det inne i meg. Eg veit allereie at svaret er ja – eit rungande ja; desse bøkene kjem eg til å elske. (Det skjer av og til, når bøkene er veldig gode, at eg konstant må notere kva eg tenker om boka og må skrive dette innlegget undervegs så eg ikkje gløymer noko.) Connor skriv så naturleg, så morosamt – eg trur han kunne ha skrive kva som helst og det ville vore interessant (kanskje det er derfor han har millionar av følgjarar på YouTube-kanalen sin?).

Kva kan eg seie om innhaldet i boka? Det er jo ikkje akkurat som om eg kan tease litt med handlingsforløpet, det er jo berre ein ung gut som fortel om livet sitt så langt. Eller, «berre og berre», fru Blom. Det er ei bok om ein oppvekst, om vennskap, å vere usikker

Men slapp av, dette er ikkje ei deprimerande bok om ein vanskeleg oppvekst, einsemd i tenåra og korleis vlogging redda livet hans. Nei, Connor har hatt ein fin oppvekst og skulegang, alltid hatt mange venner og eit godt forhold til foreldra sine. Det som er så spesielt her, er perspektivet han har på det.

Og så er her mange bilete (eller foto, om du vil)! Det er veldig koselig å sjå familiebilete, tilfeldige tullebilete tatt med mobil, bilete av venner — det bryt teksten opp på ein fin måte. (Du treng forresten ikkje bekymre deg om om du burde google han før du byrjar å lese. Det treng du ikkje, han forklarer alt meir enn godt nok sjølv.)

Note To Self er eit leseeksemplar frå Norli

Bok nummer to er ikkje ein memoar på same måte som den første. Det er meir ei samling av bilete, dikt, tanker og slikt. I introduksjonen skriv Connor sjølv: I’d like to think of this as a scrapbook of my mind. A collection of small vulnerabilities. A harmony of notes to self. (For eit språk!) Språket er faktisk veldig likt The Fault In Our Stars og dei andre bøkene til John Green (som tilfeldigvis er ei av favorittbøkene hans), så om du likar dei, er desse midt i blinken for deg.

Connor er ei kunstnarsjel, og i denne boka er det ekstra mange bilete. Ikkje berre familiebilete, men fotografi han har teke sjølv. Han kombinerer bileta med dikt, bruker dei for å bryte opp tekst og delar av boka. Det er stort sett ganske enkle bilete, men ein får lyst til å klippe dei ut og ramme dei inn (men så klart ville eg aldri klipt i boka mi, er du sjuk?!). No trur eg ikkje han skal satse på å bli poet (sjølv om her er nokon gullkorn), men tekstane hans er ganske gode. Han opnar opp om det å kome ut av skapet, få hjartet sitt knust, å slite med depresjoner og kjem med råd til korleis vi kanskje burde bruke tida vår.

Bøkene er – på grunn av sin unge forfattar – ungdomsbøker. (Eigentleg er det litt slik som debatten rundt biografien til Sophie Elise – «er ho ikkje for ung til å utgi biografi?») Men slik som Sophie Elise, har Connor Franta oppnådd mykje i løpet av få år: mykje musikkproduksjon, videoar, enorme veldeldighetsprosjekt i Afrika og no bok. (Det er lov å bli imponert, kanskje til og med applaudere.)

Seriøst, desse bøkene er så vakre! Både omslaget, det grafiske designet inne i boka, til og med papiret er tjukt og skrifta estetisk trykt på det. Altså, dei er på det nivået at det er helt ok å ha bøkene sjølv om du ikkje kan lese engelsk og berre sjå på bileta. (Eg kjem ikkje over det.) Så kjøp bøkene, og NYT DEI.

Forlag: Keywords Press
Utgivelsesår: A Work In Progress (2015), Note To Self (2017)

Sitat

«Slottet i regnskogen» av Elise McCune

Boka er sponsa av Bazar forlag

Okei, til informasjon: det er regnskog i Australia, og det er den regnskogen vi snakker om (what?). Og du må nesten ha tunga beint i munnen og hugse på at det er her vi befinn oss, når dei snakkar om at mars er ein haustmånad og det er kaldare lenger sør. (Kjempeforvirrande, haha!). Eg har ikkje lest så mange bøker med handling i Oseania, så det krevde litt tilpasning. (Ikkje misforstå, det var ikkje vanskeleg å setje seg inn i, berre noko å vere klar over.)

Stella er vaksen, singel og reiser verda rundt som fotograf. Ho har ikkje den største omgangskretsen, og ein ganske avgrensa familie med visse spente familieband. På rommet til bestemora finn ho eit fotografi av ein soldat, og blir nysgjerrig når bestemora fortel at kaptein Robert Shine var hennar fyrste kjærleik. Ho klarer ikkje la vere å leite etter svar på spørsmåla sine, medan det enno er personar i live som kan svare på dei. Hennar eiga mor manglar nemleg sjølv fleire brikker om sin eigen barndom.

Men vi følger òg Rose si syster Vivien under andre verdskrig – forelska i den same kaptein Robert Shine. Kvinnenes kjensler for kapteinen øydelegg forholdet deira, og får konsekvenser for begge.

Historia er heilt fantastisk fin, og boka er så godt skriven! Skildringane av eit varmt og vakkert Australia er så verkelege og skaper eit deilig bakteppe. Romanen er like god og medrivande som bøkene til Kristin Harmel og Sarah Jio, så her er det berre å glede seg! Ta den med på ferie, eller lev ferien din gjennom den deilige, eksotiske stemninga i boka – den er herleg! Eg vil dra det så langt som å kalle boka ein rein fryd å lese.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Fotografens hemmelighet» av Nick Alexander

Boka er sponsa av Bastion forlag

Fotografens hemmelighet

Listen up, alle Hannah-fans; Ny bok fra forfattaren bak bøkene Hannah og Hannahs reise! Og denne er enda bedre. Det er betre skildringer, betre språk, meir handling (eg veit mange synest Hannah vart litt kjedeleg i lengda), alt i ei kvardagshistorie med bakgrunn i førti-, femti,- seksti-, sytti- og åttitalet.

Sophie er ei middelaldrande kvinne, og ser på seg sjølv om ein middelmådig – men hardt-arbeidande – fotograf. Ho er dottera til ein av Storbritannias mest kjende fotografar, og kjenner eit press for å leve opp til (mest sine eigne) forventingar. Mora hennar, Barbara, viser seg ganske negativ til heile greia, spesielt når Sophie vil arrangere ei utstilling med båe farens og sine eigne bilete. Barbara vil ikkje at Sophie skal grave rundt i fortida, for ho veit at det er mykje Sophie kan finne som vil skuffe henne og øydeleggje det idealet ho har bygd faren opp til.

Eg opplever båe Sophie og Barbara som veldig realistiske karakterar; Sophie som aldri veit når ho skal halde kjeft og hamnar i kleine situasjonar, og Barbara som sjokkert oppdagar korleis livet hennar er blitt, og etter kvart lærer å (late som om ho) ikkje bry seg. Slutten på boka er jo ikkje akkurat overraskande, men det er like fullt ei rørande historie som vil kaste sympatien din rundt om kring, og du vil aldri helt bestemme deg for kven du heier på. Den er ærleg, varm og (som alle Bastion-bøker) lettlest! Alt i alt, veldig fin! Eg er jo ferdig med å lese boka, men eg kjenner meg liksom ikkje helt ferdig med henne likevel?

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Nick Alexander finn du HER.

Sitat

«Bildet av Rebecca Winter» av Anna Quindlen

Boka er sponsa av Bastion forlag

Bildet av Rebecca Winter

Anna Quindlen var ein ny forfatter for min del, men eg vart absolutt ikkje skuffa! Det tok eit kapittel eller tre for å kome heilt inn i boka og Rebecca (spoiler: ho er seksti). Den er skrive akkurat slik eg likar lett litteratur: korte kapittel (med morosame titlar), endringar i perspektiv (ein hund), og massevis av digresjonar (fleire avsnitt i parentes). Rett og slett ei gøyal leseoppleving!

Rebecca er fotograf. Vel, nesten avdanka fotograf. Ho er skild for mange år sidan, og har ein son. Ho har og ein far, og ei mor på ein sjukeheim. Og med alle desse som vil ha ein bit av henne, skjøner Rebecca at ho ikkje har råd til leiligheita si i New York lengre. Så ho leiger ut leiligheita til blodpris, og leiger eit billeg hus i ein skog nokre timar unna. Her bli Rebecca (fyrst motvilleg) ven med Sarah, Jim, Tad og får seg hund. Og akkurat i det ho skal til å oppleve suksessen på nytt, skjøner ho at ikkje alt kan fangast gjennom ei kameralinse.

Rebecca og dei andre karakterane i boka var ein fest å bli kjend med! Ei utruleg velskriven bok (for min smak, i alle fall), med mykje kjensler, humor og velvridde formuleringar.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2015