Sitat

«I for internatunge» av Ragnhild Solstad

Skrive for framtida.no

Dei siste åra har det blitt satt søkelys på skamplettane i den norske historia, spesielt gjennom litteraturen; dansk-norsk slavehandel, handsaminga av «tyskertøser» og «tyskerunger», utrensking av jøder, samt samer og kvæner. Denne romanen er meint å gi eit innblikk i skulepolitikken i Finnmark på 50- og 60-talet og fornorskinga av samar, men legg i realiteten større vekt på korleis det er å bu på internatskule, og slår underteikna som ganske upolitisk. Det er lite om samer og kvæner generelt i boka, kun eit lite stikk. Det er vanskeleg å sjå bodskapen eller poenget i historia.

Vi møter mange ulike karakterer som på ulike vis høyrer til på internatet: Arno, ein ny elev som startar bråk; Frans, ein puslete gut som raskt blir Arnos hakkekylling; Elis, tidlegare elev, no vaktmester. Alle desse tre har vonde historier (spesielt Elis, sjølv om det er vanskeleg å ha mykje sympati med han etter side 88), men dei forblir lause trådar. Ei historie eg gjerne skulle ha nøsta opp i, er livet til styraren på internatet; samisk opphav, har sjølv budd på internat og er no styrar på eitt, og ikkje heilt sikker på korleis han skal handsame ungane. Styraren er for meg den einaste karaktereren som ikkje kjennest konstruert som karakter, men som eit ekte menneske. Kanskje ei novelle om hans liv hadde vore eit betre val?

«Solstad har skrive ein roman med vare, sterke og brutale historier om kva det kan gjere med eit menneske å vekse opp under slik emosjonell omsorgssvikt.» Det er heilt rett, men det er meir usikkert kor god romanen er. Den er ikkje utprega dårleg, men ikkje så god at det er eit naudsynt verk. Fiksjon er ofte den beste måten å skildre røynda på, men i dette tilfellet trur eg ein dokumentar hadde vore eit betre alternativ. Solstad har tidlegare gjeve ut to noveller, og sjølv om ho er ein god skribent, trur eg ikkje eventyret som romanforfattar er heilt vellukka – i alle fall er ikkje denne romanen det.

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2019