Sitat

«Mischling» av Affinity Konar

Boka er sponsa av Font forlag

Du trudde kanskje at Den forbudte elven kom til å bli Font si sterkaste bok i haust? Det trudde eg òg, heilt til i går kveld. Eg las nesten heile denne boka i eitt jafs, men så blei det midnatt og leggetid. (Frustrasjonen!!) Dette er ei praktfull og sår overlevelseshistorie (som er fiktiv).

Først, litt backstory: Dei fleste veit jo kven Josef Mengele var, «dødsengelen», den berømte nazilegen med sin like berømte «zoo»? Vel, Mengele sin dyrehage var heilt reell, men den hadde ikkje så mange dyr (eller, nazistane såg jo på jøder som hundar, så…), men tvillingar. Og trillingar, viss han hadde flaks. Der utførte han psykiske og fysiske eksperiment, testar, operasjonar og alt han ville av vitskaplege greier. Dette er som sagt heilt reelt, og slik sett er det jo òg ein biografisk roman om Mengele.

Historia blir fortalt av eit sett tolvårige tvillingar, vekselsvis Pearl og Stasha. Dei er einegga og kliss like, og har den spesielle tvillingkontakten Mengele er interessert i å utforske. Og så er dei halvt jødiske, halvt «ariske», noko som gjer dei litt betre i hans auge. Dei kjem til leiren som tolvåringar. Sjølv om dei er heilt like, er dei ganske ulike som menneske. Stasha er offensiv og bestemmer seg for å finne ut så mykje som ho kan om Mengele for å lure han, medan Pearl vil leve eit normalt liv og skyr laboratoriet. Under ei tilstelning forsvinn Pearl, og Stasha vert knust. Og så skjer det utrulege: russerane kjem og Auschwitz er fri. Stasha og ein gut rømmer, og begge er opphengt i Mengele – han må døy. Helst vil dei drepe han sjølve.

Det er ganske fantastisk at ein så grusom roman kan vere så fint skrive. Det er heilt eksepsjonelt, faktisk. Konar klarer å få fram dei subtile skilnadane mellom tvillingane i deira respektive passasjer, i tillegg til at det tydeleg er ei historie som blir fortalt direkte til lesaren. Ho klarer å få fram både det barnlege og uskuldige synet på eksperimenta og livet i konsentasjonsleir, og det vaksne og opplyste blikket ein vaksen som ser tilbake på dette har. Vi må jo hugse at jødane og andre som sat i slike leirer, ofte ante like lite om kva som gjekk føre seg som alle andre, og at det meste har kome fram i lyset i ettertid.

Heilt grusomt sterk roman, altså. Underlig lettlest og vakker, smertefull og var. Den er cirka to veker gamal og har forsvunne litt i mengda i haust (og for ein bokhaust!), men denne tilrår eg deg verkeleg å kjøpe, låne, lese. Absolutt fantastisk.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2017