Leseeksemplar
Boka har fått skikkeleg mykje skryt, og det er velfortent. Den er spennande, hjarteskjærande og knusande truverdig. Eg er veldig glad i «slaveromaner» (for eit fælt uttrykk, eigentleg), dei garanterer stort sett store kjensler, dypdykk i ei heilt anna verd og ekstreme forhold. Perfekte å forsvinne inn i. Eg hadde forventa at denne skulle vere litt annleis enn dei andre eg har lest i sjangeren, men det viste seg at det var den nok ikkje.
Om du ikkje veit kva en underground railroad er, så er du ikkje den einaste. Då slaver prøvde å stikke av frå eigarane sine før slaveri vart ulovleg, var det mange som tilbydde dei lovlause husrom og eit skyss vidare. Dette er altså ikkje ei ekte jernbane, men ei abstrakt ei. Underground, som i svartemarkedet. I denne boka har forfattaren skrive fram ei faktisk underjordisk tunnelbane.
Cora er ein slave på ein plantasje i Georgia, og ganske så åleine etter at mora, Mabel, klarte å rømme. Livet på plantasjen er (så klart) ekstremt hardt. Då ein annan slave, Caesar, spør Cora om ho vil rømme med han, slår ho (motvillig) til. Slavefangaren Ridgeway vert sett på saka, og er sjukeleg oppsett på å få fatt i i henne; for det var han som ikkje klarte å fange mora hennar då ho stakk av.
Til å vere ein så god roman, må eg innrømme at eg vart bittelitt skuffa. Ein av omtalene eg las skildra boka som sjangeroverskridende og kalte det ein miks av historisk roman og fantasy, og eg forventa ei slags enorm jernbane under jorda, ikkje den faktiske underjordiske jernbana, berre lagt i små tunneler med gruvevogner. Her skulle eg ynskje forfattaren hadde latt seg rive litt meir med. Men det er alt eg har å klage på, for boka er skikkeleg god. Og denne, pluss ei anna bok, The Intuitionist, er å finne på norsk, om du ikkje er glad i å lese på engelsk.
Forlag: Fleet
Utgivelsesår: 2016