Sitat

«Tung tids tale» av Olaug Nilssen

Boka er sponsa av Samlaget

Eg trur ikkje eg ville plukka med meg denne boka dersom eg ikkje hadde høyrd Olaug Nilssen lese høgt frå boka. Eg var jo ikkje spesielt begeistra for Få meg på, for faen (boka altså, filmen likte eg godt) og hadde altså ingen planer om å lese denne boka. FØR. Førførfør…! Før Olaug leste høgt frå den, og eg heldt på å grine.

Dette er ein sjølvbiografisk roman, ikkje ein dokumentar. Grunnen til dette er at det er Olaug sine eigne erfaringar det er snakk om, men dei er utelukkande hennar oppleving av «saken» (om eg kan kalle dét det). Det er altså ikkje fiksjon, men skjønnlitteratur basert på røynda.

Sjølve handlinga i boka spinner rundt at ni år gamle, autistiske Daniel treng ein avlastningsplass på institusjon, men at dette er vanskeleg å få til fordi foreldra ikkje vil få stilt ei diagnose for psykisk utviklingshemming. Det heile vert ein kamp mot byråkratiet og diagnosesamfunnet og samfunnet generelt, ein kamp mot seg sjølv og pedagogar og legar av alle slag – for ikkje å snakke om den fysiske kampen mot sonen sjølv. Kva er eigentleg rettferdig? Kva burde ein kunne kreve, ønske seg, søke om? Kva er rimeleg?

Boka er ærleg og sår, og ikkje minst engasjerer den og gir eit nytt blikk inn i livet som mor til ein «annleis» unge. Den kjensla ho skriv fram, om å føle seg utilstrekkeleg, den kan eg relatere til. Eg skal ikkje påstå at eg forstår Olaug eller veit korleis ho har (hatt) det, men eg forstår vel meir at eg ikkje forstår. Så sånn sett skjøner eg jo litt meir enn før, og eg sympatiserer i det minste. Og det er jo ei bragd i seg sjølv, å gjere boka såpass ekte og rørande at ein verkeleg bryr seg om det ein les. For den er det; djupt rørande.

(Eg sleit med lyset når eg tok bilete av boka; den er grønn, ikkje turkis. Eg kunne så klart tatt eit nytt bilete seinare, men det gadd eg faktisk ikkje. Innhaldet er det viktigaste her.)

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Olaug Nilssen finn du HER.

Sitat

«My Husband’s Wife» og «Blood Sisters» av Jane Corry

Begge bøkene er leseeksemplar frå Norli

Jane Corry er ein forfattar som er ut til å putte mykje av seg sjølv inn i bøkene. Ho har sjølv jobba i eit fengsel, slik begge hovudpersonane i desse bøkene òg gjer. Tema som å manipulere loven, kunst, funksjonshemming og oppvekst er sentrale i begge. Eg ser fleire like namn i bøkene, og like datoar. Eg følte rett og slett at eg var i det same universet i begge bøkene. Litt usikker på om det er ein styrke eller svakhet for ein forfattar, men så langt har det i alle fall fungert!

Ed Macdonald er myrda. Den nye kona hans er arrestert for mordet. Men dette er no. For femten år sidan var Ed nygift med Lily. Lily si karriere som advokat tar av når ho forsvarer Joe Thomas, dømt for å ha drept kjærasten sin, men som no vert frikjent med Lilys hjelp. Lily og Ed sitt ekteskap er hult og tomt, men å passe nabojenta Carla hjelp litt. Vesle italienske Carla, med flyfilla av ei mor som er saman med ein gift mann. Carla, som alltid vil ha det andre har. Og som vil gjere kva som helst for å få det.

Corry er veldig, veldig flink å kome seg inn i hovudet på folk. Måten ho skildrar Carla sin barndom er realistisk og ærlig. Og litt brutalt, og litt naivt. Slik som sinte, små barn ofte er. Eigentleg er det ikkje forbrytelsen som er den beste delen av boka, men heller Carla si historie og oppvekst. Av desse to bøkene er det nok denne her som passar minst for krimfans, eller for dei som foretrekker krim à la Store hvite løgner.

Blood Sisters er den nyaste boka til Corry, og kom i år. Det er utan tvil skumlare enn debutboka, og har mykje meir spenning. Her skjer det noko heile tida.

Alison er ein småfattig kunstner tidleg i tredveåra som strever litt med å få endene til å møtast. Motvillig søker ho på ei stilling som kunstlærer i eit «åpent» fengsel i nærområdet, men ho treng pengane. Alison er veldig menneskesky og paranoid, og får panikk når ho begynner å motta lapper og telefonsamtaler om at nokon skal «ta henne». Det virker som om fortida endeleg har tatt henne att. For Alison veit jo at ho har gjort noko veldig, veldig gale når ho var yngre.

Samstundes møter vi Kitty, som bur på ein sjukeheim. Etter ei ulukke ho sjølv ikkje hugsar, har Kitty hamna i rullestol, er delvis funksjonshemma og har ei hjerneskade som svekker hukommelsen hennar. Men bortsett frå det med hukommelsen (og at hjerneskada gjer kommunikasjon omtrent umogleg) er Kitty mentalt tilstede og er nærmast fanga i sin eigen kropp. (Og ho er rasande.) Men så skjer det noko som skal forandre heile livet hennar.

Corry skriv så utruleg godt og realistisk! Det er så utruleg ukomfortabelt å vere inn i hovudet til Kitty. Ho er så rasande og ekkel mot andre, så bitter. Det er skikkeleg fælt, og sjølv om det er godt skildra og truverdig, er det grusomt å lese. Corry held ikkje att, og kvar gong du trur du har skjønt alt, er det alltid litt meir, heilt til den fantastiske siste plottwisten. Boka er kjempespennande, og ein skikkeleg pageturner! Og den absolutt beste av desse bøkene.

Eg vil samanlikne desse bøkene med Liane Moriarty sine, berre meir creepy. Det er ikkje direkte chick-lit, men samstundes er det jo litt slik likevel. Bøkene er i skrivande stund berre tilgjengelege på engelsk.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: My Husband’s Wife (2016), Blood Sisters (2017)

Sitat

«Søstrene på Sullivan’s Island» av Mary Alice Monroe

Boka er sponsa av Bastion forlag

Søstrene på Sullivan Island

Dette er ei skikkeleg sommerbok, rett og slett ein fryd å lese! Feelgood, familiedrama, autisme, alkoholisme og kjærleik rulla saman i ein herleg ball. Handlinga foregår i South Carolina, men det er ikkje ein typisk sørstatsroman. Det er ikkje klasseskiljer eller rasisme som er tema. Temaet er nemleg familie, nærmare bestemt systre.

Dora, Carson og Harper har fint lite til felles, unntatt ein felles far. Faren var alkoholikar og øydela alle forholda sine, så det einaste mennesket alle tre jentene kjenner er bestemora. Og i anledning at ho fyller åtti, inviterer Marietta alle barnebarna sine på besøk. Og for fyrste gong sidan dei var barn, møtes systrene igjen. Historia handlar mest om Carson, som har mista jobben i L.A., og bestemmer seg for å bli heile sommaren hos bestemora. Ho slåss mot ein gryande alkoholisme, og etter ei grusom oppleving ligg ho an til å miste fristaden sin – havet. Heilt til Delphine og Blake dukkar opp i livet hennar.

Boka er nydeleg skrive (og eg fant faktisk ikkje ein einaste skrivefeil!), og den er full av varme og kjensler. Det er faktisk den perfekte boka å holde mellom henda på stranda i sommar!

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016