Sitat

«Tre ønsker» og «Vanvittig skyldig» av Liane Moriarty

 Begge bøkene er leseeksemplar frå Norli

Tre ønsker kom så seint som i år, men den har blitt litt oversett! Noko som er heller ufortjent, for den er like underhaldande som dei andre bøkene til Moriarty. Ho er tilbake med den typiske filmatiske skrivestilen sin; det er som å berre sjå ei lang romantisk komedie. Kvar gong eg les bøkene hennar, kan eg berre lene meg tilbake og la auga vandre og vips har eg ein film på netthinna.

Denne boka handler om trillingane Cat, Lyn og Gemma. Boka opnar med ein offentlig krangel dei har på ein restaurant, ein ganske høglytt og etter kvart fysisk krangel. Vidare vert historia rulla opp frå starten av; korleis Cat sin ektemann var utro, korleis Lyn slit med å vere perfekt og god i absolutt alt, og korleis Gemma slit med å komme seg vidare i livet. Det vert som vanleg berre meir og meir komplisert, dramatisk, morsomt og herlig etter kvart, utan at eg skal avsløre noko særleg meir.

Igjen tek Moriarty opp store tema som mishandling, sorg, panikkanfall, utroskap, lengsel etter barn og kompliserte familieforhold. Denne gongen synest eg ikkje at ho klarer å avslutte eigentleg nokon av temaa skikkeleg eller kome med ein faktisk konklusjon. Sjølv om boka er lettlest, underhaldande og god, renn litt av bodskapet hennar ut i sanden. Store hvite løgner klarer betre å ramme inn fleire av dei same problema. Boka er absolutt lesverdig, og du bør definitivt vurdere den som neste års strandbok! (Eller er det berre eg som planlegger lesinga mi såpass langt fram?)

Og til slutt, noko som irriterte meg grenseløst!! Kan nokon fortelje omsetjar Einar Blomgren at absolutt ingen skriv/seier «coolt»? Det heiter kult. So aggravated.

Eg har jo likt alle bøkene til Moriarty i varierande grad (sjølv om eg aldri klarer å slutte å snakke om at Store, hvite løgner er det absolutte høgdepunktet!), men denne her er eg ikkje spesielt begeistra for. Det er den same oppskrifta med at noko dramatisk har skjedd, og så blir det nøsta opp i etter kvart. Problemet her er berre at det er tydelegvis noko pinleg, ikkje ulovleg, som har skjedd. Alle er i god behold etter «hagefesten», så eg blir eigentleg aldri nysgjerrig på kva som har skjedd.

Eg kan heller ikkje seie at eg nokon gong liker karakterane i boka noko særleg. Alle er berre dritsure, deprimerte, negative, har hatt dårlege barndommar, misliker ektefellen sin for eit eller anna, eller misliker alt og alle. Sånn på det jamne. Eg ville ikkje akkurat kalla dette feelgood!

Kjapt om handlinga: Clementine og Erika er barndomsvenninner. Det har vore ein hagefest hos Clementines nabo, og eit eller anna kjipt har skjedd på denne festen. Spør du meg, virker det ikkje som om ting var mindre kjipe før festen, for Clementine og Erika har eigentleg aldri likt kvarandre spesielt godt. Rett før festen ber Erika Clementine om ein enorm teneste, som Clementine absolutt ikkje vil gjere for henne. Etter festen er alt ganske kleint mellom dei tre familiane når dei møtest eller snakkar om/med kvarandre. Og spørsmålet som heng i lufta er jo, kva har skjedd på denne berykta hagefesten??

Eg skulle ønske eg kunne seie at eit fantastisk plott veide opp for ei treig forteljing, men nei. «Det som skjedde» vert bygd opp som noko spennande og dramatisk, men eigentleg er det berre like trist som resten av boka, og eit skikkeleg antiklimaks. Moriarty sine bøker er slukbøker for min del, men denne gikk det ufatteleg trått med. Eg klarte berre ikkje engasjere meg i noko eller nokon i boka. Den er ikkje morsom ein gong! Berre «dramatisk». (Legg merke til hermeteikna.)

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: Tre ønsker (2017), Vanvittig skyldig (2017)

Fleire bøker av Liane Moriarty finn du HER.