Sitat

«OG» av Veronica Salinas

Dette er ei ganske spesiell ungdomsbok. Den handlar om ei ung jente som reiser til Noreg frå Argentina for å vere au pair i Fredrikstad. I Fredrikstad blir ho sendt på norskkurs og lærer seg.. vel, å snakke norsk. Ho trives ikkje hos familien ho bur hos, og sakner heimlandet sitt sårt. Boka veksler mellom å vise oss korleis ho har det i Noreg og korleis ho opplever kulturen, og minner frå barndommen i Argentina. Eg-personen ynskte nemleg ikkje å flytte, men det politiske klimaet i Argentina gjorde det umogleg å bli der.

Det er ei lettlest bok som gir eit fint perspektiv på korleis det er for immigrantane som skal tilpasse seg kulturen og språket vårt. (Og det kan eg skjøne at ikkje alltid er like lett, vi nordmenn kan vere ganske sære.) Det eg ikkje skjøner, er kvifor dette er ei ungdomsbok? Den kan då vitterleg bli lest av både unge og gamle! Ta det som ei oppfordring.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Jentene» av Emma Cline

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Eg har lengta etter å begynne på denne boka! Dei fleste har vel sett omslaget dersom dei har gått i ein bokhandel. Har du sett anmeldelsen av boka i VG òg, kanskje? Blitt skremd vekk av den toeren boka fekk? Eg trur aldri eg har sett ein anmeldelse med så lågt terningkast. Men når eg såg at det var VG som trilla toeren, kunne eg ikkje brydd meg mindre. VG gav jo ein femmer til Chicks o’hoi, som kanskje er det verste eg nokon sinne har lest. Så den dårlege omtala frå Verdens Gang, overser eg glatt. (Etter å ha lest boka, ser eg på den toeren som ein skam av eit terningkast. (Kanskje VG blanda terningkasta på denne og Chicks o’hoi? Eg håpar – for VGs rykte – at det er slik det er.)

Boka tek utgangspunkt i den høgst reelle historiske personen Charles Manson (kan eg kalle ein levande person historisk???), og jentene som var ein del av «familien» hans. No har jo alle desse nye namn, men elles er (så vidt eg veit) detaljane ekte, som den svarte skulebussen dei køyrde rundt i. Fokuset er heller ikkje Manson (eller Russell, her), men – slik tittelen gir vekk – jentene rundt han.

Hovudpersonen er Evie, ei no godt vaksen dame som lev i konstant frykt og håp for at politiet skal kome og ta henne. Ho har levd eit grått liv sidan 1969, og medan ho lånar strandhuset til ein ven, møter ho nokre ungdommar som minner henne om livet hennar som fjortenåring. Ho ser tilbake på den sommaren då alt endra seg, då ho var ein del av kulten som tok livet av fire uskuldige menneske, og korleis ho hamna opp i situasjonen. Ho tenkjer på korleis ting kunne ha vore, frampeik ho burde ha lagt merke til, og reflekterer over seg og si rolle i det heile. Korleis hamna ho her? Kven er desse menneska? Ville eg òg ha drepe nokon om eg var der den kvelden?

Perspektivet til den fjortenårige jenta er rått og brutalt, og ho har ei tydeleg stemme – til trass for den usikkerheita og sjølvbevisste haldninga ho sit med. Før denne kulten – med Suzanne som den viktigaste delen for henne – hadde ho aldri tenkt at vennskap kunne vere eit mål. Unge Evie går nemleg og berre ventar på kjærleiken, og hatar seg sjølv for det. Ho er open og sårbar, og sjølv om ho til tider er skeptisk og kritisk til livet på ranchen, lèt ho seg rive med.

Det er ein verkeleg intens og velskriven roman, med eit bakgrunnsteppe av eit tørt og støvete California. Språket er godt og gnistrande, men boka er langt i frå lettlest. Boka vil kreve mykje av deg, men den vil gi ein utruleg god leseopplevelse til gjengjeld. (Og så støtter eg meg til Leif Ekle si utsegn: denne boka fortener di fulle merksemd.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Far din» av Bjørn Ingvaldsen

Denne barneboka provoserte meg. Den gjorde meg frustrert, fekk meg til å kjenne meg igjen og sette meg inn i ein situasjon. Den er truverdig, og den gjorde meg vekselsvis kald og varm i hjarterota. Med andre ord, ei veldig vellukka bok.

Boka handlar om Leo, som kjem heim og oppdagar at faren er blitt henta av politiet. Mora er i ei heilt eiga tilstand, og anar ikkje kva ho skal gjere. Det viser seg at faren har stole frå jobben, frå kolleger, frå garasjer og teke opp store lån. Leo merker mest av dette på skulen, der alle i klassa gjer det klart at dei ikkje vil ha noko med han eller «bandittfamilien» å gjere. Leo er mellom 9-11 (tippar eg), og veit ikkje kva han skal gjere med problemet. Så han gjer for det meste ingenting.

Historia er veldig, veldig godt skildra. Den verkar veldig truverdig, og går rett på sak. Det er lite om kjensler, hovudsakleg om kva guten tenkjer og opplev. Det er ikkje berre Leo som får historia til å verke realistisk, det er alle karakterane rundt han òg. Det er eit lite bygdesamfunn, og det er så altfor treffande korleis folk tek avstand og er ubehagelege (og av og til hjelpsame). Det er ein brysom nabo, det er klassekameratar som trur dei er bedre enn alle (og veldig påverka av foreldra sine meiningar), butikkansatte som ikkje lar deg handle, det er gode venner, det er nokre lærarar som er greie og nokre som ikkje kunne brydd seg mindre. (Og eg veit kva eg snakkar om, eg er frå ein slik stad.)

Eg vil legge til at eg trur boka fungerer best som vanleg litteratur. Vaksne gjer ofte den feilen når dei kjøper barnebøker, at dei kjøper noko dei ser på som relevant for barnets situasjon. Til dømes kjøper dei bøker om skilsmisser når dei sjølve skal skilje seg. Som om du kjøper denne boka til ein som har ein forelder i fengsel. Tru meg, ungar er smartare enn vi/dei vaksne tenkjer at dei er. Dei klarer fint å gjere seg opp meiningar om slike situasjonar sjølve. Om noko, burde slike bøker vere leste meir og på generelt grunnlag, og ikkje spesielt.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Når vi møtes igjen» av Kristin Harmel

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Det er berre glede i å finne bøker av Kristin Harmel i postkassa, for ho har allereie bevist i sine to tidlegare romanar – Så lenge det er stjerner på himmelen og Livet som var ment for deg – at ho utan tvil kan skrive. Denne boka er absolutt ikkje noko unntak, for den er utan tvil på høgde med dei førre bøkene hennar. Faktisk vil eg påstå at denne historia med fordel kan samanliknast med Nicholas Sparks sine plott. Den er rett og slett fantastisk.

Journalisten Emily får ut av det blå tilsendt ein pakke frå Tyskland, som inneheldt eit maleri og ein kryptisk liten lapp. Det som er merkeleg med pakken, er at maleriet ser ut til å førestelle den nyleg avdøde bestemora hennar, Margaret, og lappen seier at bestefaren hennar aldri slutta å elske henne. Det som faktisk er forvirrande med lappen er at bestefaren forlot Margaret gravid etter andre verdskrig. I alle fall var det dét alle trudde. Emily set ut på ei jakt for å finne sanninga om bestefaren sin.

Samstundes får vi fortalt bestefarens historie, som tysk krigsfange i USA (Visste det at heile 400 000 tyskarar vart sende til USA for å arbeide under krigen??), der han møter Margaret. Dei forelskar seg hodestups, men veldig mange har noko i mot forholdet mellom ein tysk soldat og ei amerikansk jente.

Eg har berre avslørt bittelitt av handlinga, for her er mykje meir som går føre seg, spesielt når det gjeld Emily og hennar familie og fortid. Men det er nesten best om du berre opplever denne boka sjølv. Så stol på Emily Giffin, stol på RT Book Review, stol på Cappelen Damm, eller stol på meg. Dette er ei bok du vil lese. Det er ikkje utan grunn at Harmel er ein av favorittane mine. Du blir aldri skuffa.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Kristin Harmel finn du HER.

Sitat

«Brødrene fra Iron House» av John Hart

 photo Broslashdrene fra Iron House_zpsbxiapzxm.jpg

Etter å ha lest Syndenes forlatelse, simpelthen måtte eg jo berre grave fram dei andre bøkene eg hadde liggande av han. Dei ser jo relativt normale ut, men pokker så mykje drama det er inne i desse bøkene!

For over tjue år sidan flykta Michael frå barneheimen, og etterlot veslebroren Julian der på grunn av eit brutalt drap. I New York klarte Michael å bygge seg opp eit liv i mafiaen, men etter to tiår som drapsmann vil han ut; han har funne kjærleiken og gjort henne gravid. Men i mafiaen er det ikkje noko «ut av dette livet»; det er «bli» eller «bli drept». Og før han nesten sjølv veit ordet av det, er han på rømmen og har tatt med seg kjærasten (som ikkje er heilt nøgd med å nettopp ha sett han skyte på folk, etter å ha trudd han var ein fattig student). Han blir gjenforeint med Julian, og dratt inn i eit helvetes leven.

Dette er ein heidundrandes thriller, slik som dei andre bøkene hans, med eit så utrulig nøye gjennomtenkt plott som berre slår deg ut. Når du les denne boka (som er veldig lettlest), er det som å sjå ein film. Alt er godt skildra, historia berre flyt av gårde. Om du ikkje har lese bøkene til Hart enno, har du mange timar med andelaus spenning i vente!

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2012

Fleire bøker av John Hart finn du HER.

Sitat

«Poesiar: Etter Henrik Wergeland» av Jon Fosse

 photo Poesiar_zps7mb7ikoj.jpg

Dette er eit ganske interessant prosjekt. Jon Fosse fikk ei stor interesse for diktinga til Wergeland etter å ha flytta inn i Grotten, der Wergeland i si tid budde. Fosse noterte mykje i margen om dikta han las, og skreiv så desse sjølvstendige dikta med Wergeland sin poesi som utgangspunkt. Dette er, for å sitere vaskelappen, «skrift over skrift». Vidare står det bakpå at «Det er noko frå Wergeland i alle dikta som her er samla, hulter til bulter, frå fleire dikt i eitt dikt, mykje i eit dikt, lite eller nesten ingenting i eit anna».

Sjølv har eg ikkje eigentleg lese noko av Wergeland, så eg har ikkje noko omgrep på kor mykje som er inspirert, nesten rett avskrive eller berre småplukk; Men at her er nasjonalromantiske trekk, er det i alle fall ikkje tvil om. Det er norsk natur, det er kjærleik, det er død. Alt er så flott og vakkert. Det som gjer dette ganske kult, er at det meste er skrive i modernistisk form.

Eg skal ikkje skryte på meg å ha forstått alt innhold frå perm til perm, men det er etter mitt syn ikkje så mykje djupareliggande meining bak desse dikta. Dei er derimot veldig fine og hyggjeleg lesing, og som sagt; eit interessant prosjekt. Og det er vel i hovudsak det, eit kunstnerisk og litterært prosjekt, meir enn faktisk litteratur til å lese som kos. (Og så er det mykje strofer i parentes! Parentes i litteratur, spesielt sjølvstendige setningar og delar, er noko eg er veldig for. Det må seiast.)

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Noas barn» av Eric-Emmanuel Schmitt

 photo Noas barn_zpspuajke2c.jpg

Vi er i Brussel i 1942. Joseph er sju år, og jøde. Når foreldra forsvinn, bur han hos ein greve og ei grevinne til han nesten vert avslørt, og blir sendt vidare til Fader Pons. Pons er ein katolsk prest som driv ein kostskule/eit beskyttelsesprogram for jødiske barn. I sin tid der, reflekterer Joseph mykje rundt ulike religionar, ulike menneskeraser (som jo ikkje eksisterer) og ulike menneskeverd. Han oppdager at han helst vil bli katolikk, men ironisk nok får han opplæring i hebraisk og jødisk skikk hos Pons, som nekter han å konvertere.

Dette er ei viktig bok, med den ærlege forteljerstemma til eit barn som oppdager kven han er og kva verda rundt han er. Han forstår ikkje krigen, han forstår ikkje nazismen. Og først etter at den er over, når verden oppdager kva som gjekk føre seg i konsentrasjonsleirane, vert helvetet ekte for Joseph (slik det vart for mange).

Og berre så det er sagt, så er denne boka basert på ei ekte historie.

Forlag: Pantagruel
Utgivelsesår: 2005