Sitat

«Idioten» av Elif Batuman

Boka er sponsa av Solum Bokvennen

Idioten er ein litt annleis coming of age novel (dannelsesroman, sjølv om det høyrest meir pretensiøst ut på norsk). Det er ein ganske kompleks roman, som har fokus på så utruleg mykje forskjellig; utdanning, vennskap, (ubesvart) kjærleik, det første møtet med moderne teknologi, språk og litteratur, kultur, og så er her bokstavelig talt ei dannelsesreise.

Denne romanen handlar altså om tyrkisk-amerikanske Selin, som går førsteåret på Harvard. Selin er ei ganske så enkel, uskyldig og gjennomsnittleg jente. Likevel har ho ein tendens til å hamne i dei merkelegaste situasjoner. Ho er ikkje spesielt sosialt oppegåande, kan man vel seie. Å vere litt usikker på korleis ein forholder seg til folk ein er litt interessert i, vert ikkje enklare når ho byrjar å maile med medstudenten Ivan. Ivan er ungarsk og utruleg sær, men Selin fell for han – av ein eller annan grunn. Epostane deira vert ei stund det einaste kommunikasjonsmiddelet dei har, og etter kvart blir det rart å møtast i verkelegheita. For Selin blir Ivan eit slags idealmenneske. (Eigentleg er han ein skikkeleg arrogant dritt, synest eg.)

Vi følger Selin frå hausten fyrste semester, til vårsemesteret og så sommaren etter, då Ivan har lokka henne til å undervise i engelsk i ein liten ungarsk landsby. I løpet av desse tolv månadane reflekterer Selin mykje over dei underlege situasjonane ho hamnar i, livet, seg sjølv, språk, kultur, og tja, det meste. Kanskje spesielt det ujamne forholdet mellom henne og Ivan. Her er mange morsomme scener og betrakningar!

Batuman er tydeleg ein forfatter som skriv om det ho kan. Når ho skildrar utsjånaden til Selin, er det vanskeleg å ikkje sjå på forfatterportettet av Batuman på omslaget. Ho har og den tyrkiske bakgrunnen til Selin, og Selin drøymer jo om å bli forfatter – noko det er openbert at Batuman er. For språket er heilt fantastisk godt, sidene vender omtrent seg sjølv. Ho har skapt ein ganske sympatisk og sårbar karakter, som ein gjerne følgjer vidare. Så, kan eg få ein roman med skuleår nummer to??

Forlag: Solum Bokvennen
Utgivelsesår: 2017