Sitat

«Veien ved Boolavaun» av Anne Enright

Boka er sponsa av Pax forlag

Dette er ei skikkeleg irsk bok! Anne Enright er jo ein kjend irsk forfattar, miljøet i boka er grønt, vått, vakkert og kaldt, og eg får ein skikkeleg Dubliners-feeling av bokas første halvdel. (Om du ikkje er veldig opptatt av verdslitteraturen, så er Dubliners kanskje det best kjende verket til ein annan stor, irsk forfattar, James Joyce.)

Grunnen til at eg får denne feelingen (eller kjensla, orsak) er at del éin av boka er delt opp i fem, ei historie frå kvart familiemedlem sitt liv. Dei er spreidde på geografi, tid og stad i livet. Det blir liksom berre fem små historier frå tilfeldige irar sine liv, og som tilfeldigvis er i slekt. Eg opplever denne delen som ein kolossal (men viktig) oppbygging til den faktiske handlinga.

Historia starter vel eigentleg i del to, då dei fire søskena Emmet, Dan, Constance og Hanna alle reiser heim att til jul for første gang på lenge, og får vite at mora Rosaleen har tenkt å selje barndomsheimen deira. Barna vert halvvegs sinte, halvvegs trur dei ikkje på henne. Søskena har ikkje spesielt mykje kontakt med kvarandre, og stemninga er heile tida litt beklemt. Og eg kan jo seie såpass at julefeiringa ikkje vert heilt det nokon hadde venta seg.

Ein medrivande roman, absolutt. Ei historie som eigentleg ikkje er noko utanom det vanlege, men skildra eksepsjonelt nøyaktig. Det mest fascinerande med boka er måten Enright klarer å så tydelig skifte fortellerstemme og -stil for kvart kapittel. Ho skriv fint og truverdig om familieliv og relasjoner; det å vere glad i mennesker du ikkje eigentleg likar og skuldkjensla ein får når ein ikkje behandler menneska ein er glad i så godt som ein burde. Dette er fem vilt ulike menneske med veldig ulike liv, for alltid knytt saman av familieband. Enright lukkast med å skildre både dei store og små delane av eit familieliv, både dei delane som er fine og dei delane som er vanskelege. Absolutt ein roman verdt å plukke med seg!

Forlag: Pax
Utgivelsesår: 2016