Sitat

«Isen» av John Kåre Raake

Leseeksemplar

Raake er ein av forfattarane bak filmar som Bølgen og Skjelvet, og hans første roman har det same preget: ekstreme natursituasjonar og klimaendringar. Han kan nok absolutt å skrive filmmanus og lage gode skjermopplevingar, men som romanforfattar vert eg ikkje vidare imponert over formidlingsevnene. Plottet er ikkje dårleg, men det burde heller ha blitt vist på skjerm enn publisert som bok.

Når faren ber Anna følge hans gamle venn og vitskapsmann på ein ekspedisjon til Nordpolen, klarer ikkje Anna å takke nei. Ho er tidlegare spesialsoldat (som om dette gir erfaring til å lede nokon til Arktis?), og blir motvillig med. Dermed set Anna Aune og Daniel Zakariassen kursen mot Nordpolen i ein liten luftputebåt. Men ganske tidleg inn i turen og ankomsten, ser dei eit naudbluss. Dei følgjer det, og finn ein kinesisk leir, full av døde kinesarar; nokon må ha drept dei, og vedkomande er enno på frifot på isen.

Boka er delt opp i 93 kapittel, noko som gjer boka lettlest og auker tempoet. Men inndelingane er ikkje heilt logiske for meg, og tempoet varierer; når det skjer mykje og du får store mengder info, går handlinga for raskt, medan det ellers går evig sakte. Språket er generelt hakkete og ujamt, og det er ein floskelfest utan like. Her er fullt av klisjeer («fortell gudene dine planer», «veien til helvete er brolagt med gode intensjoner») og snodige bilete («som en istapp faller fra en takrenne», «snødd bloddråper»), og innimellom desse er det malplasserte brot av fakta og underlige detaljer. (Dei fleste veit korleis dei opner ein boks med joikakaker, vi treng ikkje skildringa av korleis ein stikk fingeren gjennom ringen på toppen og opner lokket.)

Handlinga og plottet er ok, men det er rett og slett ikkje ei særleg god skildring av eit eigentleg spennande miljø, og dei to hovudpersonane er vanskelige å like. Det kan nok fungere på film, men i bokform blei det ganske så svakt. Flashbacks til dømes, fungerer godt i film. I bokform ville ein nok berre ha fått eit tilbakeblikk, men Anna her har faktiske flashbacks.

Apropos Anna, så er det veldig kult at Raake har valt ein kvinnelig ekssoldat til protagonist. Men så blir det litt teit igjen når vi får vite at livet til Anna er utan meining etter at hennar sexy, franske legekjærast (som ho knapt kjende) døydde. Kom igjen, ville ein mannleg spesialsoldat ha gitt opp karriera si fordi ein kvinneleg bekjent han hadde eit forhold til døydde? (Og så bør nokon fortelle Anna/Raake at brunkrem høyrer til i ansiktet, det er ikkje noko kvinner bruker for å jevne ut solskille på armane.) Anna tenker på et tidspunkt at ho «spiller i en dårlig detektivserie», og det er jaggu ikkje langt frå sanninga.

Forlag: Gyldendal
Utgivelsesår: 2019