Sitat

«Den forbudte elven» av Chigozie Obioma

Boka er sponsa av Font forlag

Alle har vel fått med seg denne boka og kjempekritikkane den har fått? Det er den norske omsetjinga av The Fishermen, skriven av nigerianske Chigozie Obioma, og ei veldig god omsetjing, for den saks skuld. Eg trur denne boka kom ganske overraskande på dei aller fleste, for den er verkeleg ei skjult perle. (Eller, ikkje så skjult no lenger, då.)

På nittitalet i Nigeria opplever tiårige Benjamin og dei tre eldre brødrene hans, Ikenna, Boja og Obembe, ein ny slags fridom: faren må flytte vekk på grunn av jobb, og mora er for opptatt med dei to yngste barna til å passe på. Dei dreg for å fiske i ei «forbudt elv», og møter på den lokale galningen, som spår at Ikenna skal bli drept av ein av brødrene sine. Ikenna får panikk, og trekk seg unna familien. Familien går heilt i oppløysing, og tragedie etter tragedie inntreff.

Dette er ei rørande, lågmælt og til tider brutal familieforteljing. Ære og skam speler ei stor rolle i denne kulturen, og det er nesten vanskeleg å setje seg inn i kor stor den rolla er. Og ikkje minst overtrua! Språket Obioma bruker til å skildre denne nære forteljinga, er avslappa og lettlest, og ikkje minst truverdig. Kjenslene kjem tydeleg fram, utan å vere dramatisk og overemosjonelt (noko som er imponerande med tanke på handlinga i boka). Det er ei verkeleg flott og overraskande bok, som passer for absolutt alle. Gavetips til absolutt kven som helst!

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2017

Advertisements
Sitat

«Baba Segis fire hustruer» av Lola Shoneyin

Boka er sponsa av Juritzen forlag

Baba Segis fire hustruer

Eg har faktisk ikkje lest så mange romaner med handling frå Afrika, så eg var veldig spent og hadde eigentleg ikkje nokon spesielle forventingar til boka. Men uansett om eg trudde eg ikkje hadde krav til denne romanen, var den likevel annleis enn eg hadde sett føre meg. (Gir det meining??)

Boka handler om Bolanle, ei kristen og universitetsutdanna ung kvinne i dagens Nigeria, som til mora sitt store sjokk vel å gifte seg med ein polygamist, som attpåtil har tre koner frå før og sju born. Medkonene og ektemannen er analfabetar, og to av konene vert rasande for Bolanle sin nye plass i familien, då dei ser på dei som ei personleg fornærming. Etter to år som kone, har ikkje Bolanle blitt gravid, og ektemannen – Baga Segis – tek ho med til legen. Denne avgjersla skal vise seg å snu opp ned på mykje.

Vi får høyre mykje om Bolanle sine opplevingar i familien, og forhistoria til dei andre konene og vel så det, men boka er eigentleg ikkje spennande før dei siste 100 sidene (maks). Det er lærerik og interessant lesning, men det er ikkje ein roman som riv deg med vidare, og enkelte av kapitla må ein tvangslese. Når det er sagt, så var det fleire passasjer som fekk meg til å flire (for å undertrykke ein frustrasjon), spesielt når Baba Segis prøver å forklare legane korleis dei skal gjere jobben sin. Og eg seier når og ikkje då, for han forstår like lite på kvar einaste legevisitt.

Eg forventa (tydelegvis) ein djup roman om klasseskiljer i Afrika, utdanning, feminisme, religion… Eg følte meg litt snytt. Eg ser jo at forfattaren har snike desse tunge emna inn, men eg føler ikkje dei er vektlagt nok for at det skal bli ein viktig roman. Dessverre, for den har verkeleg potensiale. Og så er den jo litt morosam.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2016