Sitat

«Bristepunktet» av Belinda Bauer

Leseeksemplar

Dette er ei av dei beste bøkene eg har lese i år. Den er berre så enormt fascinerande, djuptpløyande og gripande. I tillegg er det den einaste krimromanen som nokon sinne er nominert til The Man Booker Prize, og den burde ha vunne. Det her er fantastisk god lesning. (Takk meg seinare.)

Jack er fjorten år gammal, og profesjonell innbrotstjuv. Ikkje at han liker det så godt, men han er flink, og han kan stele med seg sunn mat heim til veslesystrene sine. Det bur ingen vaksne hos dei etter at faren forsvann. Han skulle kjøpe melk, og kom aldri heim. Få månader før vart mora drept ved ein nødtelefon ved motorvegen, nokre hundre meter frå ungane som satt igjen i den glovarme bilen. Jack og syskna er fortsatt åleine tre år etterpå, og han kjemper for å halde fasaden for naboer og nysgjerrige. Men i eit innbrot finn han kniven han berre veit var mordvåpenet som drepte mora hans. Problemet er: korleis kan han gå til politiet med denne infoen uten å risikere å bli fengsla og få barnevernet på døra?

Opninga av boka (tre unger åleine langs ein motoverg) er inspirert av ekte hendingar, og det gir eit snev av truverd til så ekstreme hendingar. Jack og systrene forsvinn jo djupt i systemet, men det er ikkje heilt usannsynleg heller. Om det ville skjedd er jo ein eigen diskusjon, men i boka fungerer det. Eigentleg fungerer alt i boka, for språket til Bauer (og den knallgode omsetjinga til Guro Dimmen) fortener skryt. Gode setningar, karikeringa av ein avdanka drapsetterforskar, kjenslene til barn; det er ikkje noko anna enn talentfullt. Rett og slett meisterleg, fullt av levande bilete.

Eg var fenga frå første side. Det er sjeldan eg kjenner så sterkt på at eg ikkje berre vil lese vidare, eg faktisk. Kjensla av at ingenting eksisterer unntatt universet du blir sugd inn i, absolutt ingenting er betre. Det her er ein pageturner av den bokstavelege sorten. Om du ikkje forventer ein klassisk krim, kan eg nesten ikkje få sagt kor høgt eg anbefaler denne boka til deg.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«Den forrige jenta» av J.P. Delaney

Leseeksemplar

Eg tar ofte notater medan eg skriv, og i starten var det ikkje mykje begeistring for boka. Eg vart forvirra fordi handlingane gikk såpass parallelt og blanda saman jentene dei første femti sidene og måtte konstant kikke på namnet i kapitlet. Det tok litt tid, men då eg kom til side 100 byrja det verkeleg å bli interessant. Og etter 200 sider fekk eg endeleg kjensla av å måtte lese vidare for å finne ut kva som hendte og kva som hadde hendt.

Jane har opplevd ei stor sorg, og treng ei endring i livet sitt. Ho flytter inn i Folgate Street 1, eit minimalistisk og teknologisk avanansert hus – til ein draumepris. Men leigeavtala kjem med ei lang rekke merkelege reglar; ingen bøker, ingen husdyr, ingen planter, ingen klesplagg på golvet, ingen nips. I tillegg til at ein blir digitalt overvåka så dusjen hugser kva temperatur du liker, skifter belysning etter stemning og mange små finurlige ting. For Jane er dette himmelen, heilt til ho oppdager at Emma, den forrige leigetakaren, døydde i huset. Hovudet knust mot steintrappa. Ubehaget veks, og Jane prøver desperat å finne ut kva som hendte, før ho ender opp på same måte.

Den siste halvdelen gjekk altså ned i eit jafs. Eg har ofte sett boka samanlikna med blant andre Piken på toget, men eg er ikkje heilt einig. Det er ingen enorme tvistar, men heller mange middels store vendingar som konstant endrar handlinga og historia litt. Grepet fungerer veldig godt, og om forfattaren hadde droppa eitt av hinta, hadde eg aldri forstått kva som verkeleg hadde hendt før det blei avslørt. (Sjølv om det ikkje var mange sidene igjen på det tidspunktet.)

Det einaste eg eigentleg har å klage på (når alt eg synest var ulogisk og rart har fått ei forklaring), er kanskje skildringene av kvinnene. Eg synest kvinnene her blir ganske så flate, og etter litt googling oppdaga eg at J.P. Delaney er ein mann (Tony Strong). Ofte, som her, blir kvinner skildra av menn litt lite truverdige og lite komplekse. Skildringer som «en dyr nyanse av blond» og kvinners førsteinntrykk av ein mann er at «han kunne jeg ligget med», det blir litt konstruert. (Sjølv om det siste eksempelet kom tilbake for å bite meg i ræva.) Det er ikkje eigentleg personer det er lett å like, og det gjorde meg hakket mindre engasjert i handlinga, spesielt i starten.

Boka fungerer ikkje akkurat noko litterær, feministisk litteratur, men det er knallgod underhaldning. (Og så blir eg sittande å tenke: ville det fungert om det var to unge menn som hadde budd i huset? Nei. Og berre den kjensgjerninga om samfunnet er jo noko å ta med seg vidare.)

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Dyret» av Heidi Furre

Skrive for framtida.no

Dyret av Heidi Furre er ein av dei såkalla «føderomanane» som kom i fjor haust, saman med eit knippe andre bøker. Ikkje har eg lest mange bøker om å vere gravid, og ikkje har eg vore det sjølv heller. Likevel trefte boka ei nerve i meg, og eg kan seie at dette er ein stor roman. Ikkje i fysisk forstand, for boka er ein lettvekter med sine cirka 150 sider, men den inneheld så enormt mykje; den krever å bli lest sakte og reflektert over ei stund før ein går vidare.

Ei ung kvinne oppdager at ho er gravid. Ho er i alle fall ung i vårt samfunn, men utgamal som fyrstegongsfødande i forhold til sine formødrer. Kvinna er ein ganske vanleg ungdom; ho har ei bachelor i kunsthistorie som har gitt henne ei karriere som evig vikar, ho bur i eit kollektiv med ei god venninne, og ho festar sin del. No er ho derimot gravid, og alt dette må ta slutt. Ho treng ei leilegheit saman med barnefaren, fast jobb for å få permisjonspengar, og ikkje minst må ho vite kva ho skal gjere som gravid, og som mor. I takt med den vaksande magen, prøver ho å finne fotfeste i det som skal bli ein ny kvardag.

Dette er absolutt ein bok om graviditet, men som sagt rommar den så utruleg mykje meir. Det er mest ein roman om å vere kvinne, båe historisk og i dagens samfunn, om kropp og seksualitet, og skamma som ofte er bunden til det. Tinga vi ikkje snakker om i det daglege, temaa vi helst unngår, men som eg trur dei aller fleste jenter opplever. Vi følgjer i grunnen eit heilt kvinneliv frå ende til annan, fortalt gjennom hovudpersonens eigne minner, hennar von og redsler for den vesle jenta som skal kome, minner om mora og historier om bestemora og oldemora.

Furre klarer å skape ein truverdig hovudperson, som ein (i alle fall som kvinne) kan kjenne seg att i frå fyrste side. Ho romantiserer ikkje på noko vis verken svangerskapet eller fødselen, men får like mykje fram dei vonde, ekle, rare kjenslene og oppdagingane som dei fine. Og sjølv om enkelte deler kan verke ganske brutale (om ein ikkje sjølv har opplevd graviditet), så er det mykje glede i romanen, og mykje kjærleik. Kanskje kan ein strekke seg så langt som å seie at romanen kan forsterke eit ønske om å få barn?

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: 2018