Sitat

«Idioten» av Elif Batuman

Boka er sponsa av Solum Bokvennen

Idioten er ein litt annleis coming of age novel (dannelsesroman, sjølv om det høyrest meir pretensiøst ut på norsk). Det er ein ganske kompleks roman, som har fokus på så utruleg mykje forskjellig; utdanning, vennskap, (ubesvart) kjærleik, det første møtet med moderne teknologi, språk og litteratur, kultur, og så er her bokstavelig talt ei dannelsesreise.

Denne romanen handlar altså om tyrkisk-amerikanske Selin, som går førsteåret på Harvard. Selin er ei ganske så enkel, uskyldig og gjennomsnittleg jente. Likevel har ho ein tendens til å hamne i dei merkelegaste situasjoner. Ho er ikkje spesielt sosialt oppegåande, kan man vel seie. Å vere litt usikker på korleis ein forholder seg til folk ein er litt interessert i, vert ikkje enklare når ho byrjar å maile med medstudenten Ivan. Ivan er ungarsk og utruleg sær, men Selin fell for han – av ein eller annan grunn. Epostane deira vert ei stund det einaste kommunikasjonsmiddelet dei har, og etter kvart blir det rart å møtast i verkelegheita. For Selin blir Ivan eit slags idealmenneske. (Eigentleg er han ein skikkeleg arrogant dritt, synest eg.)

Vi følger Selin frå hausten fyrste semester, til vårsemesteret og så sommaren etter, då Ivan har lokka henne til å undervise i engelsk i ein liten ungarsk landsby. I løpet av desse tolv månadane reflekterer Selin mykje over dei underlege situasjonane ho hamnar i, livet, seg sjølv, språk, kultur, og tja, det meste. Kanskje spesielt det ujamne forholdet mellom henne og Ivan. Her er mange morsomme scener og betrakningar!

Batuman er tydeleg ein forfatter som skriv om det ho kan. Når ho skildrar utsjånaden til Selin, er det vanskeleg å ikkje sjå på forfatterportettet av Batuman på omslaget. Ho har og den tyrkiske bakgrunnen til Selin, og Selin drøymer jo om å bli forfatter – noko det er openbert at Batuman er. For språket er heilt fantastisk godt, sidene vender omtrent seg sjølv. Ho har skapt ein ganske sympatisk og sårbar karakter, som ein gjerne følgjer vidare. Så, kan eg få ein roman med skuleår nummer to??

Forlag: Solum Bokvennen
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«To søstre» av Åsne Seierstad

Boka er sponsa av Kagge forlag

To søstre

Er du klar for å få pusten slått ut av deg? Til å bli sjokkert, trist, sint og frustrert? Om du skal lese den siste boka til Åsne Seierstad, bør du i alle fall førebu deg på ei sterk oppleving. Det har blitt både Bragepris og det er blitt trilla seksarar og det er lett å forstå. Dette er ei utruleg viktig bok. I tillegg til å handle om familien Juma, tek Seierstad og for seg mykje av historia rundt; miljøet Ayan hamna i og drog Leila med inn i, korleis det miljøet igjen starta, andre radikale menneske rundt dei, og mykje om konfliktene i Syria historisk sett.

Du kan eigentleg ikkje ha unngått å få med deg denne historia om du har budd i Noreg dei siste fire åra, for media har jo fulgt saka lenge, men det er altså slik: Det var ein gong to somaliske muslimske søstre frå Bærum som ein ettermiddag ikkje kom heim att til foreldra og brødrene, fordi dei hadde reist til Syria for å hjelpe muslimane der nede (og dei mente at dei ekte muslimane var IS-krigarane). Faren reiste etter og opplevde eit helvete, familien smuldrar opp, eldstebroren gir opp islam i det heile, mora reiser til Somalia med dei to yngste. Faren Sadiq sit stort sett att aleine og nekter å gi opp døtrene, fleire gonger reiser han tilbake for å tigge dei om å kome att. Han fortel politiet og PST at jentene er kidnappa, han kontakter media og fortel same løgna, han arrangerer redningsaksjon etter redningsaksjon. Men jentene vil ikkje heim.

Boka og skildringane er utruleg ærlige. Seierstad tek med fleire synspunkt, framstiller både negative og positive sider ved karakterane (eller vel, menneska som er skildra), og er ein mester til å flette alt saman til ei lesverdig bok. Den opplevast som veldig ekte og nær, og researchen rundt hendingane er grundig. Foruten introduksjon og avslutning av forfattaren er det snakk om 470 sider, altså rundt åtte timer lesning for ein rask leser. Men åtte timer går fort, sidene flagrar og hjertet bankar. Eg er sikkert person nummer tusen og én som seier dei, men dette er årets viktigaste bok.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Jordmoren i haremet» av Roberta Rich

Jordmoren i haremet

Denne boka er oppfølgjaren til Jordmoren frå Venezia, og no sit eg her ynskjer meg ein oppfølgjer til! Romanen er full av gode skildringar, med massevis av historiske hendingar frå det osmanske riket.

Vi følgjer Hannah Levi til hennar nye bustad i Konstantinopel, der ho er jordmor for sultanens kone og haremsjenter (odalisker). Så møter Hannah den jødiske slavejenta Leah, som berre har lyst vekk. Hannah veit at det kan koste livet å forsøke å hjelpe. Men korleis kan ho seie nei? Som om det ikkje var eit plott godt nok i seg sjølv, dukker også Isaacs svigerinne opp, Grazia, for å kreve tilbake eit lån. Dersom ho ikkje får pengane att, seier lova at ho og Isaac er gift i følgje jødisk lov. Hannah får panikk. Sjølv om Hannah rett nok ikkje har klart å bære fram eit barn, vil vel ikkje Isaac godta å ha to koner? Eller vil han??

Språket er nydeleg, med masse historiske fakta, og ei truverdig miljøskildring. Vi blir dratt inn i ei like eventyrleg historie som forrige gong, og denne er minst like fornøyeleg!

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2014

Fleire bøker av Roberta Rich finn du HER.