Sitat

«Opp fra avgrunnen» av Kristian Hall

Boka er sponsa av forfattaren

Opp fra avgrunnen

Dette er eit personleg innlegg, kanskje det mest personlege denne bloggen vil ha. Når Kristian sende meg boka si, «Opp frå avgrunnen» med undertittelen «Veier ut av depresjon» vart eg kjempeglad. Sjølvutviklingsbøker er ikkje noko eg vanlegvis les, men denne ville eg lese. For er det noko eg har slite med dei siste to åra, er det depresjon.

Depresjonen min er ikkje noko eg snakkar om til mange menneske. Faktisk er det berre den næraste familien min og kjærasten min (til no) som veit at eg har slite. Slit enno. Det går ikkje berre over sånn av seg sjølv. Ein må gjere faktiske tiltak og jobbe med det. Før eg las denne boka hadde eg ikkje så store idear og planar om korleis eg kunne «fikse» meg sjølv. Eg fulgte berre instinkta mine – eg måtte kome meg vekk. Eg bytta vidaregåande skule midt i tredjeklasse, og flytta til ein heilt annan by – 10 timar vekke. Eg skifta miljø, droppa alle aktivitetar, – forlet mange gode ting óg – vart deltidsstudent og fekk meg ein jobb ved sidan, og hadde tre små tantebarn eg kunne fokusere på. Eg fikk nullstilt hovudet mitt sånn nokonlunde. Det var ekstremt vanskeleg å flytte så langt unna foreldra mine, veslesystera mi, bestevenninna mi og operaen, musikalane, russetida. Men eg visste at eg ikkje hadde noko val. Det kjendest ut som om eg skulle kvelast om eg måtte stå opp kvar dag og kjenne på presset som låg over meg. Så eg måtte ta nokre tøffe val. Og no er eg her.

Etter gjennomlesning:

Eg kan ikkje forklare kor mykje eg har sett pris på denne boka. Kristian skriv munnleg, sympatisk, ekstremt godt, og ikkje minst forståeleg. Han forklarar nøyaktig og likevel enkelt, og ein får eit innblikk i korleis hjerna, tankegangar, virkelighetsfiltre og mykje anna i oss fungerer. Medan eg las boka oppdaga eg at eg hadde allerede gjort mange av tiltaka sjølv, til dømes å flytte. Boka er full av fakta, idear, små og store konkrete tiltak og teknikkar ein kan gjere i dagleglivet for å få opp humøret, føle seg betre – og korleis ein får det til å vare.

Etter «superuka»:

«Superuka» er ei veke der ein skal utføre visse teknikkar og øvingar kvar dag, blant anna å starte dagen med å synge/danse i 15 minutt, føre takknemlighetsdagbok, få 8 timers søvn kvar natt og slike andre enkle teknikkar. Vert humøret betre? Fungerer det faktisk? Kan det verkeleg vere så enkelt??

Svaret er ja. Det kjennest nesten litt for godt til å vere sant, og anten det er placebo eller ikkje, så fungerer det. Men denne veka har eg kjend meg så mykje lettare, avslappa og komfortabel. Eg har ikkje vore nervøs for småting, eg har vore meir sosial, positiv og glad. Og ikkje minst ser eg mykje lysare på framtida. Sjølv om alt ikkje kjem til å gå like glatt, trur eg at denne boka kan vere ein ressurs for å få ting til å i alle fall verte enklare å handsame. Og dét kjennest godt å tenkje på.

ALLE burde lese denne boka. Ikkje berre dei (vi) som slit med depresjon. Pårørande, «kurerte» og generelt lukkelege menneske. Alle. Vi kunne alle trenge desse teknikkane i dagleglivet, og ikkje minst kunnskap om og innsikt i oss sjølve og dei virkelighetsfiltra vi har.

Til slutt vil eg berre takke Kristian for at eg fekk moglegheita til å lese denne boka. Tusen takk for hjelp og støtte – boka di er fantastisk.

Forlag: Fakkel forlag
Utgivelsesår: 2015