Sitat

«Silo»-trilogien av Hugh Howey

Er de klare for ein heilt sjuk, altfor reell og ekstremt velskriven sci-fi-triolig? Ein skikkeleg dystopi? Nei? Vel, gjer dykk klare! Trilogien Silo er her, og heile greia er å få på norsk òg. (Med mykje styggare omslag.) Eg skal avsløre så lite som mogleg av handlinga, for det her er eit univers de må oppleve sjølv.

Vi er mange hundre år inn i framtida, og alle bur i ein silo. Ingen hugser noko frå eit liv før siloen, og mange trur det er ei myte at vi har budd på overflata. Der er det jo trass alt giftig. Faktisk er det ei straff å bli sendt ut, for der venter den sikre død. Kona til sheriffen i siloen blei sendt ut, og no har han òg ytra ønske om å gå ut. Mekanikeren Juliette blir deretter innsett som sheriff – noko ikkje alle er like nøgd med.

Eg las denne boka for første gang for tre år sidan, då den kom på norsk, som Silo. Eg huska at eg rasa gjennom den, alle 600 sidene på under to døgn. Heilt hekta. Eg kjøpte med ein gong heile trilogien på engelsk, men har ikkje turt å lese dei før no. (No er alle bøkene komne på norsk òg, men dei norske omslaga er så ufattelig stygge at eg ikkje vil ha dei i hylla.) Men no har eg altså samla mot, og hoppa ut i det. Og fy søren, den er minst like bra som då eg las den på norsk for første gang. Det er ei seriøst unputdownable bok.

I bok nummer to hopper vi tilbake til starten; starten på siloane. Vi er i USA og i Det hvite hus, og politikerane veit at det kjem til å kome ei katastrofe, ei krise, ein krig. Noko. Og dei rikaste av dei rike veit at ikkje alle kan overleve. Tiltak blir gjort, men ikkje alt går heilt etter planen for alle.

Og eg kan omtrent ikkje fortelje kva som skjer her. Men vi plukker opp der den første boka slapp, og ganske så dramatiske ting har hendt, mange har døydd. Det skjer store endringer i siloen, og nokon vil at den skal knusast ein gong for alle.

Så ja, eg har vore skikkeleg vag med innhaldet. Men berre fordi eg ikkje vil øydelegge alle dei fantastiske twist and turns-ene. Serien er skikkeleg avhengighetsskapande, konspiratorisk og skremmande. Og det verste av alt er at bok to (satt til vår tid) er ekkelt realistisk. Så kven veit? Kanskje vi alle bur under jorda om tusen år? Men helt alvorlig, dette er ein av mine favorittserier. Serien er slutt, men heldigvis har eg Sand av same forfattar liggande.

Forlag: Arrow Books
Utgivelsesår: Wool (2011), Shift (2012), Dust (2013)

Sitat

«Isen» av John Kåre Raake

Leseeksemplar

Raake er ein av forfattarane bak filmar som Bølgen og Skjelvet, og hans første roman har det same preget: ekstreme natursituasjonar og klimaendringar. Han kan nok absolutt å skrive filmmanus og lage gode skjermopplevingar, men som romanforfattar vert eg ikkje vidare imponert over formidlingsevnene. Plottet er ikkje dårleg, men det burde heller ha blitt vist på skjerm enn publisert som bok.

Når faren ber Anna følge hans gamle venn og vitskapsmann på ein ekspedisjon til Nordpolen, klarer ikkje Anna å takke nei. Ho er tidlegare spesialsoldat (som om dette gir erfaring til å lede nokon til Arktis?), og blir motvillig med. Dermed set Anna Aune og Daniel Zakariassen kursen mot Nordpolen i ein liten luftputebåt. Men ganske tidleg inn i turen og ankomsten, ser dei eit naudbluss. Dei følgjer det, og finn ein kinesisk leir, full av døde kinesarar; nokon må ha drept dei, og vedkomande er enno på frifot på isen.

Boka er delt opp i 93 kapittel, noko som gjer boka lettlest og auker tempoet. Men inndelingane er ikkje heilt logiske for meg, og tempoet varierer; når det skjer mykje og du får store mengder info, går handlinga for raskt, medan det ellers går evig sakte. Språket er generelt hakkete og ujamt, og det er ein floskelfest utan like. Her er fullt av klisjeer («fortell gudene dine planer», «veien til helvete er brolagt med gode intensjoner») og snodige bilete («som en istapp faller fra en takrenne», «snødd bloddråper»), og innimellom desse er det malplasserte brot av fakta og underlige detaljer. (Dei fleste veit korleis dei opner ein boks med joikakaker, vi treng ikkje skildringa av korleis ein stikk fingeren gjennom ringen på toppen og opner lokket.)

Handlinga og plottet er ok, men det er rett og slett ikkje ei særleg god skildring av eit eigentleg spennande miljø, og dei to hovudpersonane er vanskelige å like. Det kan nok fungere på film, men i bokform blei det ganske så svakt. Flashbacks til dømes, fungerer godt i film. I bokform ville ein nok berre ha fått eit tilbakeblikk, men Anna her har faktiske flashbacks.

Apropos Anna, så er det veldig kult at Raake har valt ein kvinnelig ekssoldat til protagonist. Men så blir det litt teit igjen når vi får vite at livet til Anna er utan meining etter at hennar sexy, franske legekjærast (som ho knapt kjende) døydde. Kom igjen, ville ein mannleg spesialsoldat ha gitt opp karriera si fordi ein kvinneleg bekjent han hadde eit forhold til døydde? (Og så bør nokon fortelle Anna/Raake at brunkrem høyrer til i ansiktet, det er ikkje noko kvinner bruker for å jevne ut solskille på armane.) Anna tenker på et tidspunkt at ho «spiller i en dårlig detektivserie», og det er jaggu ikkje langt frå sanninga.

Forlag: Gyldendal
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«Ikke slå av lyset» av Bernard Minier

Leseeksemplar

Minier leverer igjen! Eg trur ingen krimroman nokon sinne vil kunne toppe Hvis helvete var av is for min del, men både En sang for druknede sjeler og Ikke slå av lyset er knallgode bøker. Det er ein slags miks av klassisk politikrim og psykologisk thriller, og sjølv med rundt 600 sider i kvar bok, er nerva og spenninga konstant. Ikkje noko anna enn ekstremt imponerande.

Som i alle etterforsker-serier er det ein backstory til hovudpersonen, i tillegg til kvar enkelt mordgåte i dei forskjellige bøkene. Martin Servaz si sidehandling starter eigentleg i bok nummer ein, men mannen har fått heftig gjennomgå sidan den tid. No har det blitt såpass alvorleg at han er sjukmeldt frå jobben som etterforskar, og skal kvile på ein heim for andre politimenn i liknande situasjoner. Men Servaz oppdager ganske snart at kriminelle ikkje tar seg «rekonvalesensferier» sjølv om han gjer det, og nokon sender han brått massevis av hint, inkludert ein nøkkel eit hotellrom der ei ung kvinne brutalt tok sitt eige liv for eit år sidan.

Samstundes møter vi Christine Steinmeyer, radiovert og nyforlova. Livet verker ganske enkelt for henne, heilt til ho får eit brev julaftan der nokon seier at dei skal ta livet sitt. Brevet har korkje adresse eller avsender, og Christine veit ikkje anna råd enn å levere det til politiet. Brevet viser seg å vere den første i ei lang rekke underlege hendingar, og Christine forstår raskt at nokon er ute etter å øydeleggje livet hennar.

Igjen klarer Minier å skrive fram ei historie så ekkel og skremmande at kvar og ein kan bli mørkredd. Ein kan verkeleg byrje å lure på kor langt enkelte menneske er villige til å gå. Om du treng påskelesing, er dei to første komne i pocket, og eg kan garantere timevis med «berre eitt kapittel til»-kjensla. Bøkene er fulle av gode plott (både korte og langsiktige), kriminelle gærninger, spanande vendinger og levande karakterar. Anbefalast!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2019

Fleire bøker av Bernard Minier finn du HER.

Sitat

«Orphan Monster Spy» av Matt Killeen

Leseeksemplar

Kanskje årets kuleste ungdomsbok? Ikkje den beste eg har lest, men eg digga konseptet så sjukt. Det er som ei slags blanding av Boktyven og ein spionthriller, men ungdomsbok. Det er heller ikkje fantasy, men eg føler dette er noko for (oss) fantasyfans. Historia er satt til andre verdskrig, her er ein internatskule, nazister, slemme tenåringsjenter og ein ekte, engelsk spion. Altså … !

Sarah er jødisk, men ser absolutt ikkje slik ut med sitt blonde hår. Oppfostra av skodespelarmora åleine, har ho lært seg mange språk, kroppsspråk inkludert, korleis spele ei rolle og ikkje minst korleis ein utnytter ein situasjon til sin eigen fordel. Når ho prøver å flykte til Sveits etter at mora døyr, møter ho ein engelsk spion, som utgir seg for å vere ein tysk nazist. Dei finn ut at dei kan dra nytte av kvarandre, og Sarah vert sendt som spion til ein internatskule for døtrene til høgtståande nazister – der ei av jentene er dottera til ein som forsøker å utvikle ei atombombe …

Boka er veldig lettlest, velskriven og spennande stort sett heile tida. Karakterane er kanskje litt overflatiske, men historia er veldig medrivande. Og kanskje blir vi betre kjend med både Sarah og «The Captain» neste år, for det er visst første bok i ein serie! Eg har i alle fall planer om å få med meg den òg.

Forlag: Usborne
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Mischling» av Affinity Konar

Boka er sponsa av Font forlag

Du trudde kanskje at Den forbudte elven kom til å bli Font si sterkaste bok i haust? Det trudde eg òg, heilt til i går kveld. Eg las nesten heile denne boka i eitt jafs, men så blei det midnatt og leggetid. (Frustrasjonen!!) Dette er ei praktfull og sår overlevelseshistorie (som er fiktiv).

Først, litt backstory: Dei fleste veit jo kven Josef Mengele var, «dødsengelen», den berømte nazilegen med sin like berømte «zoo»? Vel, Mengele sin dyrehage var heilt reell, men den hadde ikkje så mange dyr (eller, nazistane såg jo på jøder som hundar, så…), men tvillingar. Og trillingar, viss han hadde flaks. Der utførte han psykiske og fysiske eksperiment, testar, operasjonar og alt han ville av vitskaplege greier. Dette er som sagt heilt reelt, og slik sett er det jo òg ein biografisk roman om Mengele.

Historia blir fortalt av eit sett tolvårige tvillingar, vekselsvis Pearl og Stasha. Dei er einegga og kliss like, og har den spesielle tvillingkontakten Mengele er interessert i å utforske. Og så er dei halvt jødiske, halvt «ariske», noko som gjer dei litt betre i hans auge. Dei kjem til leiren som tolvåringar. Sjølv om dei er heilt like, er dei ganske ulike som menneske. Stasha er offensiv og bestemmer seg for å finne ut så mykje som ho kan om Mengele for å lure han, medan Pearl vil leve eit normalt liv og skyr laboratoriet. Under ei tilstelning forsvinn Pearl, og Stasha vert knust. Og så skjer det utrulege: russerane kjem og Auschwitz er fri. Stasha og ein gut rømmer, og begge er opphengt i Mengele – han må døy. Helst vil dei drepe han sjølve.

Det er ganske fantastisk at ein så grusom roman kan vere så fint skrive. Det er heilt eksepsjonelt, faktisk. Konar klarer å få fram dei subtile skilnadane mellom tvillingane i deira respektive passasjer, i tillegg til at det tydeleg er ei historie som blir fortalt direkte til lesaren. Ho klarer å få fram både det barnlege og uskuldige synet på eksperimenta og livet i konsentasjonsleir, og det vaksne og opplyste blikket ein vaksen som ser tilbake på dette har. Vi må jo hugse at jødane og andre som sat i slike leirer, ofte ante like lite om kva som gjekk føre seg som alle andre, og at det meste har kome fram i lyset i ettertid.

Heilt grusomt sterk roman, altså. Underlig lettlest og vakker, smertefull og var. Den er cirka to veker gamal og har forsvunne litt i mengda i haust (og for ein bokhaust!), men denne tilrår eg deg verkeleg å kjøpe, låne, lese. Absolutt fantastisk.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Homo deus: En kort historie om i morgen» av Yuval Noah Harari

Boka er sponsa av Bazar forlag

Eg las Sapiens i fjor, og det var verkeleg ei av dei beste sakprosabøkene eg har lest! Derfor var eg kjempegira når oppfølgjaren, Homo deus, kom på norsk. Det går ikkje an å legge skjul på at Harari har ei fantastisk formidlingsevne, for ein sit igjen og føler seg latterlig intelligent. (Og det er jo alltid kjekt å føle seg glup.)

Lat oss starte med tittelen. Homo sapiens betyr jo «det tenkende mennesket», og homo deus betyr «det guddommelige menneske». For er det ikkje mini-gudar vi er på veg til å bli? Med all den kunstige intelligensen, designerbabyer, moderne medisin, medikamenter som kan endre kjenslene våre eller halde oss i live – kanskje for alltid?

Boka handler jo om framtida, så naturleg nok snur Harari seg mot fortida for å sjå trender, sannsyn og kome med kalkulerte spådommer, spekulasjoner og moglege løysingar. Men det er pokker så skummelt, denne gongen. Det er i alle fall lett å seie seg einig i det Harari skriv, og det får deg jo til å tenke på framtida. Kor er vi på veg? Han utfordrer tankane rundt økonomi, ideen om et individ, ulike ideologiar, moderne medisin, og ikkje minst teknologi. Blant anna, det er så utrulig mykje meir han klarer å skvise inn.

Avsnitta her er litt lengre enn i Sapiens, så det tek litt lenger tid å lese boka, for ein må faktisk sette seg ned og ta seg god tid til lesinga. Språket er heller ikkje like leikent og skarpt som det var i forgjengeren, men det er vanskeleg å ha skråblikk og harselere med noko som enno ikkje har hendt. Det er uansett lettlest, interessant og forståeleg. Kos deg!

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Yuval Noah Harari finn du HER.

Sitat

«Sjarmen med tarmen» av Giulia Enders

Sjarmen med tarmen

Etter å ha lest Gleden med skjeden, måtte eg jo berre plukke fram eksemplaret mitt av Sjarmen med tarmen, som jo har vore ei stor inspirasjon for førstnevnte bok. Også denne boka er skriven av ein medisinstudent, og vil forklare temaet på ein lettlest og forståeleg måte for vanlege folk.

Det er forresten ikkje berre tarm Enders tek opp, men fordøyelse generelt. Og visste de at alle har slike horisontale forhøyninger langs innsida av kinna? Eg trudde eg berre hadde bitt meg litt for hardt og at vevet hadde grodd slik. Men dei linjene med kjøtt produserer visst spytt. The more you know. Men ja, boka tek frå seg alt til enkle forklaringer av korleis fordøyelsen fungerer, til bæsj og oppkast, og korleis enkelte tarmbakterier kan gjere deg deprimert eller fryktlaus eller få diaré. Kjempemoro.

Og ideen med boka – å skrive om tarmen på ein så sjarmerande måte som mogleg – er vel gjennomført, for den er veldig lett og grei å lese! Kanskje litt vel lange og detaljerte avsnitt og spesifikke bakteriar innimellom, men det går fint. Overlev det.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Gleden med skjeden» av Nina Brochmann & Ellen Støkken Dahl

Boka er sponsa  av Aschehoug forlag

Gleden med skjeden

Det er så vanvittig kult – og ikkje minst viktig – at denne boka eksisterer. Eg har eigentleg alltid vore interessert i det faglege rundt sex (kven av oss er vel ikkje det??), og eg opplevde i alle fall at seksualundervisninga vi fekk på barne- og ungdomsskulen var dårleg, på grensa til latterleg. Og eg kan ikkje ein gong hugse at vi hadde undervisning om det på vidaregåande. Trinnet mitt var nok ikkje det einaste som opplevde dette, eg trur det er ganske typisk for det norske samfunnet. Det er jo så vanvittig kleint og pinleg å snakke om sex, i alle fall om du er ein mann i førtiåra som skal undervise femtenåringar i temaet. Og det er jo forståeleg, det kan vere litt flautt, eg ser den. Men det er så utruleg viktig! Derfor ropar eg hurra for denne boka; det er jo mykje glede å finne i skjede!

Om du ikkje forstår innholdet ut i frå tittelen, er du kanskje litt ung til å lese denne boka. Du burde helst vite kva illustrasjonen på utsida skal forestille: underliv, fitte, mus, vagina, whatever. Boka – som er skriven av to legestudentar – tek for seg alt du treng å vite om underlivet. Anatomien, det reint medisinske, det seksuelle, mytar, prevensjon og problemer med underlivet. Igjen, alt du treng å vite. Treng eg eigentleg seie så mykje meir om innhaldet?

Vel, ja. Eg er jo ei «ung kvinne», og følgeleg har eg ei slik ei som er på omslaget, ei fitte, flaggermushole, dåse (kjært barn har mange namn). Noko anna ville vore rart. Og det er jo mykje man lurer på! Slik som det med at jomfruhinna er ei myte (for det er det), skulle eg ynskje eg hadde visst tidlegare. Då hadde eg kanskje ikkje gått i nokon år og lurt på kvifor eg ikkje blødde då eg mista jomfrudommen min. Hadde vore fint om seksualundervisninga på skulen hadde nemnt det i forbifarta, liksom. Her vert det snakka om mensen, seksualliv og eigentleg det meste folk har lurt på og spurt desse damene om (for dei har ein blogg, Underlivet). Språket er lettlest, ungdommeleg og friskt. Noko det burde vere, for boka er retta mot ungdommar (men bør lesast av alle). Du vil lære mykje! Eg føler meg i alle fall klar for ein eksamen i underlivet.

Og så er det utruleg kult at forfattarane legg til grunn ei vitskapleg forklaring for kvifor og korleis enkelte vert fødde som feil kjønn. Og det var uhyre interessant, og veldig greit å vite. Så det er jo eit lite slag i trynet til alle som seier at transkjønna «berre er mentalt sjuke menneske» (seriøst, fuck you).

Vart dette innlegget litt for personleg for deg? Då trur eg kanskje du faktisk treng å lese denne boka. Kropp er berre kropp.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Boka er illustrert av Hanne «Tegnehanne» Sigbjørnsen. Du finn fleire bøker av ho HER.

Sitat

«Nattafortellinger for rebelske jenter» av Elena Favilli & Francesca Cavallo

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Det er på tide å springe til barneavdelinga på din lokale bokhandel og kjøpe ei barnebok. Ei bok full av hundre godnatthistorier for rebelske jenter. (Men ikkje gløym å lese den til gutane dine òg.) Denne boka inneheld 100 enkle biografiar om ekstraordinære jenter og kvinner, og tilhøyrande 100 ulike illustrasjonar. Og det er ikkje berre det at boka er så himla fin, det er tanken bak den! Det er så utrulig viktig å få fram kvinnene som har endra verda. (Og ikkje kom med «men skal ikkje vi ha ein om menn òg?», for – unnskyld språket – piss meg i øyret. Som om ikkje 99% av alle historiebøker skrivne før 1950 kun fortalte om menn sine bragder.)

Boka inneheld historier om kvinner frå mange forskjellige land, og illustrasjonane som er spesiallaga til boka er laga av seksti ulike kvinner, også frå ulike land. Boka er ein hyllest til kvinner, og kva vi har gjort, sjølv når alle sa at det ikkje kunne gjerast (av kvinner, altså). Her er dronningar, piratar, matematikarar, dansarar, fjellklatrarar, politikarar og you name it. For veit du kva? Du kan faktisk bli akkurat kva du vil – jente eller gut. Eller begge deler.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Luridiumstyven» og «Kryptalporten» av Bobbie Peers

Begge bøkene er sponsa av Aschehoug forlag

Dette er dei to fyrste bøkene om William Wenton, i det forlaget sjølv kaller ein «storslått spenningserie». Og gjett om det er!

Luridiumstyven

William er 11-12 år gamal, og bur i Noreg. Kvifor veit han eigentleg ikkje, for han er engelsk, og ingen vil fortelje han det heller. William er ein smart gut, og veldig glad i løyse koder og gåter. Han veit ikkje heilt korleis han løyser dei, han kjenner kun murringa i magen og fingrane som beveger seg. Etter å ha løyst Umuligheten, ei «umulig» kode på eit museum, byrjar ting å skje. Foreldra snakker om eit institutt, men før dei får reist dit, er ein enorm robot i hælane på William, og alt vert svart. Når han vakner, er han på ein heilt utruleg stad, og har hamna i sitt livs eventyr (så langt, det er jo allereie ei bok til!).

Men ja, eg synest boka var kjempespennande! På slutten var eg redd for at boka ikkje var avsluttande, for eg forsto ikkje korleis Peers kunne løyse opp knuta han hadde skapt på så lite tid?? Det gjekk jo faktisk opp til slutt. Boka er lettlest, med stor og fin skrift, mange korte kapittel og ein del blanke sider, så den tek ikkje meir enn ein time eller to (for ein vaksen) å lese ut. Språket er enkelt utan å bli barnslig og flatt, og eg trur mange unge lesarar vil like boka. Og så er det jo fint at William er eit litt annleis førebilete; liten og tynn, kjempesmart, nysgjerrig og modig. Vi treng fleire slike «antiheltar» i barne- og ungdomslitteraturen.

Kryptalporten

For tida kjenner ikkje William seg så bra. Han får anfall der han vert iskald og ikkje er bevisst, så når han skal tilbake til Instituttet er han ganske letta. Heilt til han kjem dit, og alt er forandra. Sikkerhetsnivået er maksimert, og han er innelåst mesteparten av dagen, og har ein vakt-obot med seg elles. Sjefane på Instituttet oppfører seg annleis, og William merkar at dei ikkje stoler på han lengre. Men kvifor? Og kva er det dei skjuler?

Dette plottet er litt vagare enn Luridiumstyven, og eg skjønar ikkje heile greia eigentleg (problemstillinga med luridiumet). Men ja, ein kan ikkje skjøne alt kvar gang, kan ein? Spesielt når det kjem til sci-fi, ein må liksom berre godta det ein vert fortalt. Og for å ikkje snakke om cliff-hangeren på siste side!

Så kort oppsummert: kan absolutt anbefale bøkene! Både til vaksne og barn.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: Luridiumstyven (2015), Kryptalporten (2016)

Fleire bøker av Bobbie Peers finn du HER.

Sitat

«En dag kommer jeg tilbake» av Sharon Guskin

Boka er sponsa av Bastion forlag

En dag kommer jeg tilbake

Eg har nettopp lese ei av Bastions høstlistebøker, og den falt i smak! Likevel sit eg att med ei kjensle av å ha skumlest boka, og at forfattaren kunne kutta både epilogen og det siste kapittelet og fått eit betre resultat! (Av og til ynskjer vi at bøker er lengre, denne boka er beviset på at det ikkje alltid er ein god idé.) Som sagt, eg likte boka, så om denne omtala kan verke litt ambivalent, er det rett og slett fordi det var mange småting som plaga meg med henne.

Kva gjer du når du enten må innrømme at den fire år gamle son din er schizofren, eller kan velje å tru at han er reinkarnert (altså fødd på ny)? Janie, ein skeptiker, aner ikkje kva ho skal tru. Sønnen Noah har hyppige mareritt, snakker om våpen og Voldemort i barnehagen, og spør når han skal heim til den andre mora si. I rein desperasjon kontakter ho Jerome Anderson, ein kjend psykiater som har brukt mesteparten av si karriere til å forske på reinkarnasjon.

Eg likte eigentleg denne boka, sjølv om den nok blir glømt fort. For temaet er uhyre interessant, karakterane opptrer stort sett truverdig, og boka er lettlest. Det var ikkje verdas største leseoppleving, men hyggjeleg tidsfordriv. For min del øydela det litt at boka og den impliserte forfattaren tek eit så bastant standpunkt om at Noah faktisk er reinkarnert, slik at tvilen, trua på og tanken rundt denne moglegheita ikkje vert ein del av leseropplevinga (som ville gitt boka meir djupn). For deg som ikkje trur på reinkarnasjon, vil du nok oppfatte dette som endå meir «tullete» fiksjon om emnet; om du trur at attføding er mogleg, vil du derimot ha ei koseleg lesestund i vente.

Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Rein natur» av Maria Tryti Vennerød

Rein natur

Denne forteljinga er inspirert av verkelege hendingar og personar, ikkje minst den verste og mest frykta av nazidoktorane under andre verdskrigen, Doktor Josef Mengele, som jobba i Auschwitz og som hadde tilnamnet «Dødens engel». Dette er ein del av forordet til stykket. Resten av forordet presiserer at sjølve stykket er oppdikta og ikkje historisk etterretteleg. Det er skrive for eit prosjekt om andre verdskrig av Det Norske Teatret.

Dette er eit intenst lite stykke, der vi følgjer Josef Mengele i ulike aldrar. Det er tre periodar av livet hans, delt opp av eit kor og Hippokrates. Det er eit dykk inn i menneskelegheit, grusame handlingar, naturens eigen natur og om å ville det beste. Det handlar om vitskap, legekunst, forsking og ikkje minst – målet med forskinga. (Og det fungerer skikkeleg godt på nynorsk! Eigentleg gjer vel det meste drama det?)

Det vil ta deg ein halvtime å lese ut denne tynne boka, men bruk litt ekstra tid og nyt den! Det gjorde i alle fall eg.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Sapiens: En kort historie om menneskeheten» av Yuval Noah Harari

Sapiens

Denne boka er herved den beste ikkje-skjønnlitterære boka eg har lest. Den er fantastisk!! Harari klarer å formidle så utrulig mykje kunnskap, nesten latterlig effektivt. Ein skulle tru at mykje informasjon om evolusjon, økonomi, religion og så vidare fort ville blitt tørt, men det er nesten umogleg å leggje boka i frå seg. Det er så bra skrive!! (Kan de høyre opphissinga mi frå bak skjermen, eller?) Harari skriv med humor, sjølvironi og innsikt. Det er lett å forstå boka, og like lett å forstå at ho er skriven av ein eksepsjonelt kunnskapsrik mann. Det er lite eg blir skeptisk til, og eg skal innrømme at dei siste kapitla eigentleg skremde meg. (Og som Harari sjølv seier: om du ikkje vert skremd, har du ikkje tenkt nøye nok gjennom det.)

Eg kan no skryte på meg å vite kvifor menneske ofte har så vondt i ryggen, kvifor menneskebabyar er så hjelpeslause i årevis, kvifor gull kostar kva det kostar og kvifor enkelte indonesiske menneske berre vart éin meter høge og vegde 25 kg. Og visste du at vi var minst seks ulike menneskerasar samstundes på jorda for mange titusen år tilbake, men at vi (Homo sapiens) utrydda dei andre?

Dersom du enno ikkje har fått lyst å lese boka, så vil eg tru du ikkje er morosam på fest. Denne boka burde heilt alvorleg vore pensum. Ferdig snakka. Så Bazar forlag, viss denne boka kjem i pocketformat før jul, så skal eg kjøpe den i julegave til heile familien min.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Yuval Noah Harari finn du HER.