Sitat

«Windfall» av Jennifer E. Smith

Dette var ei bok eg kjøpte inn til engelskavdelinga då eg jobba i Norli, eigentleg basert berre på omslaget. (Det er jo dødsfint?!) Så eg kjøpte den med meg, men har ikkje rukke å lese den før no. Men på ferietur trengte eg noko litt jentete og fluffy, så når alle dei «jentete» YA-forfattarane (typ Jenny Han) sa at denne var fin, då tenkte eg at det var akkurat det eg trengte. OG det var det!

Alice har hatt verdens verste flaks. Då ho var åtte døydde mora, og då ho var ni døydde faren. No er ho atten, og dei ni siste åra har ho budd med tanta, onkelen og fetteren, Leo. Når Alice og Leos bestevenn, Teddy, feirer bursdag, gir Alice han ein lottokupong. Lite visste ho at han ville vinne 141 millionar dollar. Liva deira er forandra for alltid, og Alice kan ikkje fortelle Teddy at ho har vore forelska i han i tre år. Alt er for komplisert no, og vennskapet smuldrer opp bit fot bit.

Dette er ein skikkelig flott ungdomsroman om vennskap, den første kjærleiken, å ta sine eigne val og kva godt ein kan gjere om ein har moglegheita. Det er faktisk ei veldig velskriven bok, og eg koste meg heilt utruleg med den. Kvar gong eg sette meg ned for å lese i den, forsvann eg heilt inn i min eigen verden. Anbefalast på det absolutt varmaste!

Forlag: Delacorte Press
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Gratis og uforpliktande verdivurdering» av Marit Eikemo

Leseeksemplar

Du har sikkert sett denne på bestselgerlistene rundt om, og det er ei snakkisbok som dei aller fleste har fått med seg. Og sjekk det superfreshe omslaget og den slåande tittelen! Men – lev den opp til hypen? Vel, ja.

Hanne har funne den perfekte gata, i det perfekte nabolaget, og no er endeleg det perfekte huset til sals. At det er alt for dyrt betyr ingenting, at ekteskapet smuldrer betyr like lite – for snart vil dei bu i ein perfekt heim! SKAL bu i ein perfekt heim. Har Hanne bestemt. Problema starter når dei ser på prospektet, går på visning og skal legge inn bud. Det er tida for dei store samtalene; dessverre viser det seg at livet til Hanne og Andreas er langt frå perfekt, og at enkelte ting ikkje kan gløymast heilt.

Eg har brått lest to romanar av Marit Eikemo på under to veker, og det føltes halvvegs som å lese same boka? Eller, det er det fleire har sagt til meg. Eg må innrømme at eg ikkje er heilt einig. Klart, det handler mykje om boligmarkedet, korleis vi fokuserer på ting og lar materialisme komme i vegen for det verkeleg livet. Men for meg handler denne boka mykje meir om nye sjanser: så fort vi får flytta blir ting betre; så fort vi får pussa opp, så fort vi har eit perfekt hus.

Samfunnskritikken er ikkje like eksplisitt her som i Alt inkludert, og det gjorde boka mykje betre. Ein kunne nok og samanlikna historia med Ingrid Winters makeløse mismot, men der den prøvde å vere morosam og bomma, treff Eikemo spikeren på hovudet med ein subtil og småslem humor. Anbefalast!

Forlag: Samlaget
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Marit Eikemo finn du HER.

Sitat

«Snillionen» av Arnfinn Kolerud

Leseeksemplar

Denne boka er kjempemorsom! Eg lo høgt fleire gonger, og hadde konstant eit glis klistra i trynet. Og eg trur humoren fungerer like bra på unger (som boka jo er meint for), og folk som meg (som les barnebøker i ein vaksen alder).

I ei lita vestlandsbygd (i alle fall i mitt hovud?) bur Mor og Frank. Dei lev eit ganske normalt liv, heilt til dei vinn 24 millionar i Lotto. Ein svimlande sum for begge, og dei veit ikkje kva dei skal gjere med så mykje penger. Mor vil ikkje bruke penger på dumme ting sjølv om dei har meir enn nok, og Frank er irritert over å måtte vente til han fyller atten (om ni år) for å få sin halvdel. Nyhetene om gevinsten sprer seg raskt, og plutselig får dei tiggarbrev frå slektninger, blir overrumpla i butikken og av skuleelevar. Det blir ikkje betre når Mor lover vekk ein million (eller, ein snillion) til den som gjer den beste gjerninga. Det blir fullstendig galematias, og Frank og Mor må reise vekk. Og eg kan jo sei at det ikkje akkurat hjelp situasjonen, det heller.

Boka er nominert til priser og har vunne priser, og kan til og med ende opp med å bli filmatisert. Sjukt kult, spesielt med tanke på at boka er på nynorsk. (VI TRENG MEIR NYNORSK.) Vel fortent! Det er ei kjempemorsom barnebok, som er minst like morsom for dei vaksne.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Behold the Dreamers» av Imbolo Mbue

Leseeksemplar

Dette er ein dramatisk og voldsomt velskriven roman om klasseforskjeller, kulturforskjeller, overlevelsesinstinkt og lojalitet. Eg trur temaet kanskje er litt amerikansk til å slå an her i Noreg, men om du er interessert i den økonomiske krisa i USA for nokre år sidan (Lehman-krakket) og afrikanske emigrantar, så vil det vere veldig god lesning.

Jende og kona Neni har nettopp emigrert frå Limbe, Kamerun til New York, USA. Jende har fått seg jobb som privatsjåfør for ein viktig ansatt i Lehman Brothers, Clark Edwards og familien hans. Jende og Neni opplever saman med barna sine kor vanskeleg det kan vere å passe inn. Dei knytter eit underleg og ujevnbyrdig band til Clark-familien. Når krisa rammer Lehman Brothers og Clark sitt liv vert snudd på hovudet, og dermed vert Jendes liv i sin tur også øydelagt. Og til slutt raser alt saman.

Det er ein utfordrande roman, som belyser mange samfunnsproblem i USA. Men det eg likte best med romanen var skildringa av dei mellommenneskelege forholda, både mellom innad i familiane og mellom dei. Dette er ekte menneske, ikkje glansbilete eller klisjear.

Forlag: 4th Estate
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Den hemmelige kvinnen» av Anna Ekberg

Boka er sponsa av Bazar forlag

Bazar forlag er ufatteleg flinke på underholdningsromanar (og det er berre å innrømme det: vi treng slike bøker innimellom!). Denne boka vert kalla «kjærlighetskrim», og frontast som noko nytt. Det er kanskje litt misvisande og henvender seg meir til damer? Og det vil eg ikkje høyre eitt ord om, at denne boka «passer best for kvinner». For her er like mykje handling frå eit manssperspektiv. Og så er boka full av sånt mannfolk liker; vold, horer, penger og alkohol. (Slapp av, det var ein spøk.)

Du veit mest sannsynlig kven Anna Ekberg er allereie, utan at du er klar over det. Det er eit pseudonym for Anders Rønnow Klarlund og Jacob Weinreich, betre kjende som krimduoen bak bøkene av A.J. Kazinski. Og dette er faktisk ein like god krim, fantastisk spennande!

Louise Andersen driv ein kafé på Bornholm og bur der saman med kjærasten sin, forfattaren Joachim, og har gjort det dei siste tre åra. Så dukker det ein dag ein mann opp på døra, og leiter etter Helene. Dei trur først han er gal og ringer politiet, men det viser seg raskt å vere meir komplisert enn som så. For Louise er eigentleg ei rik kvinne som heiter Helene og driv eit shippingfirma. Problemet er at Helene ikkje kan hugse dette, eller mannen sin Edmund, eller barna sine, eller eigentleg noko som helst. Når Helene prøver å finne ut om fortida si, dumper ho òg over ei ganske stygg historie om faren, shippingfirmaet og seg sjølv. I mellomtida prøver Joachim å finne ut kven Louise Andersen eigentleg var, sidan hans kjærast viste seg å vere ei «Helene». Også han hamner midt opp i ei ganske stygg sak, som brått fører til at Helene vert arrestert.

Oversettelsen er ein av dei betre eg har lese av dansk til norsk. (Vanlegvis synest eg dei som oversetter dansk gjer skikkeleg latmannsarbeid og berre skifter ut skrivemåte.) Boka var meir krim enn kjærleik, og sjokkerande god (i alle fall i forhold til forventingane mine).

Dette er ei slik bok som er drivandes spennande medan du les ho, men den lager jo ikkje eit varig inntrykk. Til det vert det litt for «røverhistorie» for meg. Den er knallgod, overraskande, har realistiske karakterar og eit originalt og kreativt plott. Sjølv om Anna Ekberg er fiktiv, trur eg at eg vil seie at ho er Danmarks svar på Simona Ahrnstedt. Og ja, den kan absolutt anbefalast om du ser etter ei bok som sug deg inn i handlinga og held deg der til siste side.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Anna Ekberg finn du HER.

Sitat

«Torget» av Victoria Durnak

Boka er sponsa av Flamme forlag

Eg hadde mitt første møte med Victoria Durnak i vår, då eg las Senteret. Og den var enkelt og greit fantastisk. Den er betre enn denne her, men det viser vel berre at Durnak har blitt ein betre forfattar på to år. Likevel kan ein kjenne igjen skrivestilen, den mørke humoren og den genuine menneskelegheita ho skriv fram.

Elin er ein gartner, og ikkje mykje anna. Boka starter med at ho i eit anfall av raseri gir vekk plakaten ho og kjærasten deler til ein loppemarknad. Ho angrer ganske kjapt, og prøver å kjøpe den tilbake. Det er ikkje lett. Elin trur ho har løyst problemet når ho då slår opp med kjærasten (Isak). Men det einaste Isak vil ha med seg er skoa sine og plakaten når han skal flytte. (Uflaks.) Så Elin prøver desperat å få tak i plakaten ein mann kjøpte rett foran nasa hennar, og oppdager i samme slengen at fyren har eit fotoalbum med barnebilder av hennar bestevenninne, Siri. Kaotisk, ikkje sant? Og fordi ho er arbeidsledig og no einsam, starter ho ei underlig greie med å levere (gratis) tinga folk sel på Finn.no til folka som kjøper dei.

Denne businessen er jo ganske merkeleg, for kven ville stolt på ein tilfeldig framand som tek med seg ei vare du skal selje? Det lukter jo løgn og fanteri lang veg. Korleis fungerer dette i praksis?? Og i tillegg til denne merkelege, nye vana, har Elin ein tendens til å dikte opp namn og historier på omtrent alle rundt seg, og av og til går det litt vel langt.

(Ellers må du hugse å lese overskriftene til kvart kapittel, for her er mange minner frå forholdet, og det er lett å glippe på kva som skjer no og kva som har skjedd før.)

Det er morosamt, menneskeleg og brutalt, med ein overraskande brå og dramatisk slutt, som ironisk nok er det som er skildra mest nøytralt i heile boka. Perfekt for alle som har lest og likt bøkene til Lotta Elstad.

Forlag: Flamme
Utgivelsesår: 2015

Fleire bøker av Victoria Durnak finn du HER.

Sitat

«De som fortjener det» og «Den tikkende kvinnen» av Peter Swanson

Begge bøkene er sponsa av Cappelen Damm

De som fortjener det er eigentleg den andre boka til Swanson, sjølv om det var den fyrste som kom på norsk. Debuten var den som kom på norsk i år, Den tikkende kvinnen (berre bla bittelitt ned). Dei fleste hugser kanskje at denne thrilleren kom på nyåret 2016, og eg har vel hatt lyst til å lese den heilt sidan den kom ut. Den har jo berre fått fleire og fleire gode skussmål, og eg har sett på bøker på norsk med så enormt mange blurbs på omslaget og dei fyrste par sidene.

Når Ted Severson møter den vakre, unge kvinna Lily på ein flyplassbar, er han litt full. Han er òg lei seg, for han har funne ut at den nye kona hans, Miranda, er utro med byggmesteren dei har leigd inn, Brad. Ted innrømmer for Lily at han vurderer å drepe kona si. Til Teds store sjokk, er dette ikkje eit sjokk for Lily. Lily forstår seg på kjensla av å ville drepe nokon, og tilbyr seg å hjelpe han. Først er det spøk, så er det alvor. Og som i alle thrillarar, er det sjeldan alt går etter planen. (Her går vel omtrent ingenting etter planen.)

Forventingane mine var skyhøge. Skrudd til topps. Og dessverre umoglege å møte. For eg kan starte med å seie dette: det er ei spennande, underhaldande, overraskande og intelligent krimbok dei fleste vil like. Og her er kanskje litt av problemet: blir den for «vaniljesmak»? Det er ikkje noko blodig og grotesk bok, det er ganske openbert heile tida kor sjuke desse folka i boka er, så eg vart vel sjeldan overraska på twistane. (Slutten er finurlig og opner for ein oppfølgjer, sjølv om eg ikkje har høyrd noko om det.)

Kort sagt: velskriven bok, smart plott, greit utført, men det er absolutt ikkje ein sekser. No er eg spenn klar for å lese den fyrste boka Swanson ga ut, og sjå om den kan sjokkere meg litt meir.

Dette er altså debutromanen til Swanson, sjølv om det var nummer to på norsk. Akkurat det spelar lita rolle, for bøkene er frittståande. Men dei foregår i same univers! Det er litt kult. Det er til dømes snakk om det same colleget, og den same politikvinna som dukker opp i begge bøkene (Roberta James, men bøkene handler altså ikkje om henne).

I denne boka møter vi George. George har eit ganske A4-liv no for tida, med eit av-og-på-forhold til Irene. Så dukker plutseleg Liana opp att i livet hans, ein ekskjærast frå college. Problemet er berre at Liana ikkje var Liana på college, men Audrey, og er konstant på rømmen frå politiet. No er ho òg på rømmen frå den mykje eldre eks-elskeren sin, som ho stal ein halv million (ulovlege penger) frå. Ho ber George om ei teneste – å levere tilbake pengane – og sjølv om han veit han burde halde seg langt unna denne kvinna, takker han altså ja. Og då går jo alt som det må; rett til helvete.

Det einaste eg har å utsette på denne boka er dei halvklamme forsøka på erotiske skildringar. Dei kunne han godt spart seg. (Og det droppa han jo i bok nummer to, så det er kanskje ikkje berre eg som har kommentert det?)

Moralen i Swansons bøker kan jo kjapt oppsummerast: ikkje stol på vakre kvinner som tilfeldigvis dukker opp i livet ditt. Ellers kan eg jo seie at bøkene var akkurat like gode! De som fortjener det hadde kanskje meir spenning, men Den tikkende kvinnen har eit mykje meir original og intelligent plott. Så om du kjenner nokon som liker spennande bøker, er denne her absolutt eit godt julegavealternativ. (Eg er altså komen heilt til jul, for slik er det å jobbe i butikk.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: De som fortjener det (2016), Den tikkende kvinnen (2017)

Sitat

«Homo deus: En kort historie om i morgen» av Yuval Noah Harari

Boka er sponsa av Bazar forlag

Eg las Sapiens i fjor, og det var verkeleg ei av dei beste sakprosabøkene eg har lest! Derfor var eg kjempegira når oppfølgjaren, Homo deus, kom på norsk. Det går ikkje an å legge skjul på at Harari har ei fantastisk formidlingsevne, for ein sit igjen og føler seg latterlig intelligent. (Og det er jo alltid kjekt å føle seg glup.)

Lat oss starte med tittelen. Homo sapiens betyr jo «det tenkende mennesket», og homo deus betyr «det guddommelige menneske». For er det ikkje mini-gudar vi er på veg til å bli? Med all den kunstige intelligensen, designerbabyer, moderne medisin, medikamenter som kan endre kjenslene våre eller halde oss i live – kanskje for alltid?

Boka handler jo om framtida, så naturleg nok snur Harari seg mot fortida for å sjå trender, sannsyn og kome med kalkulerte spådommer, spekulasjoner og moglege løysingar. Men det er pokker så skummelt, denne gongen. Det er i alle fall lett å seie seg einig i det Harari skriv, og det får deg jo til å tenke på framtida. Kor er vi på veg? Han utfordrer tankane rundt økonomi, ideen om et individ, ulike ideologiar, moderne medisin, og ikkje minst teknologi. Blant anna, det er så utrulig mykje meir han klarer å skvise inn.

Avsnitta her er litt lengre enn i Sapiens, så det tek litt lenger tid å lese boka, for ein må faktisk sette seg ned og ta seg god tid til lesinga. Språket er heller ikkje like leikent og skarpt som det var i forgjengeren, men det er vanskeleg å ha skråblikk og harselere med noko som enno ikkje har hendt. Det er uansett lettlest, interessant og forståeleg. Kos deg!

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Yuval Noah Harari finn du HER.

Sitat

«Far din» av Bjørn Ingvaldsen

Denne barneboka provoserte meg. Den gjorde meg frustrert, fekk meg til å kjenne meg igjen og sette meg inn i ein situasjon. Den er truverdig, og den gjorde meg vekselsvis kald og varm i hjarterota. Med andre ord, ei veldig vellukka bok.

Boka handlar om Leo, som kjem heim og oppdagar at faren er blitt henta av politiet. Mora er i ei heilt eiga tilstand, og anar ikkje kva ho skal gjere. Det viser seg at faren har stole frå jobben, frå kolleger, frå garasjer og teke opp store lån. Leo merker mest av dette på skulen, der alle i klassa gjer det klart at dei ikkje vil ha noko med han eller «bandittfamilien» å gjere. Leo er mellom 9-11 (tippar eg), og veit ikkje kva han skal gjere med problemet. Så han gjer for det meste ingenting.

Historia er veldig, veldig godt skildra. Den verkar veldig truverdig, og går rett på sak. Det er lite om kjensler, hovudsakleg om kva guten tenkjer og opplev. Det er ikkje berre Leo som får historia til å verke realistisk, det er alle karakterane rundt han òg. Det er eit lite bygdesamfunn, og det er så altfor treffande korleis folk tek avstand og er ubehagelege (og av og til hjelpsame). Det er ein brysom nabo, det er klassekameratar som trur dei er bedre enn alle (og veldig påverka av foreldra sine meiningar), butikkansatte som ikkje lar deg handle, det er gode venner, det er nokre lærarar som er greie og nokre som ikkje kunne brydd seg mindre. (Og eg veit kva eg snakkar om, eg er frå ein slik stad.)

Eg vil legge til at eg trur boka fungerer best som vanleg litteratur. Vaksne gjer ofte den feilen når dei kjøper barnebøker, at dei kjøper noko dei ser på som relevant for barnets situasjon. Til dømes kjøper dei bøker om skilsmisser når dei sjølve skal skilje seg. Som om du kjøper denne boka til ein som har ein forelder i fengsel. Tru meg, ungar er smartare enn vi/dei vaksne tenkjer at dei er. Dei klarer fint å gjere seg opp meiningar om slike situasjonar sjølve. Om noko, burde slike bøker vere leste meir og på generelt grunnlag, og ikkje spesielt.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Den fordømte friheten» av Kaja Melsom

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Den fordømte friheten

Dette er ei slags salig blanding av dokumentar, sjølvhjelpsbok (unnskyld, sjølvutvikling) og essay. Den minner meg veldig om Sapiens av Yuval Noah Harari, på måten den er skriven på. Lettlest, forståelig og ganske så konkluderande. Melsom vert til tider litt moraliserande og påståeleg, men det meste ho legg fram er – i alle fall for meg – forståelege og fornuftige argument.

Denne knøttlille boka tek altså for seg «selvrealiseringstyranniet» i dagens samfunn. Altså det at alle skal vere så kreative, jobbe for seg sjølv, finne den store kjærleiken (som skal få blodet til å bruse heile livet), og ikkje minst vere unike. Blir vi nokon gong bra nok? Viktige nok, spesielle nok? Uunnverlige? Svaret er jo ganske enkelt: NEI.

Dama er altså filosof, men ikkje la det skreme deg. Boka går fint an å lese om du aldri har opna ei filosofibok eller teke EXPHIL på universitetet. Ved bruk av kvardagssituasjonar og konkrete eksempel viser Melsom korleis vi sakte, men veldig sikkert øydelegg for oss sjølve. Dette temaet er jo noko eg faktisk tenker ganske mykje over: Kvifor er vi alle så deprimerte for tida? Kva er annleis no? Kvifor blir det ikkje betre? Måten Melsom setter «for mykje fridom» som kjerna for dette er ganske interessant, og har i alle fall gitt meg ein del svar, og eit nytt spørsmål eller to. Og eg anbefaler også deg å lese denne medan du venter på at den nye boka til Harari skal bli omsett til norsk.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Pensjonistligaen i skatteparadis» av Catharina Ingelman-Sundberg

Boka er sponsa av Vigmostad & Bjørke

Pensjonistligaen i skatteparadis

No er det lenge sidan bok nummer to om Pensjonistligaen kom, så det var på tide med nummer tre! Eg absolutt elsker desse bøkene, og nummer to vart lest i ein strekk (om eg ikkje hugsar feil). Dei er så utruleg morosame, sjarmerande og sassy. Sjå for deg karakterane til Karin Brunk Holmqvist som berre tek heilt av og blir kriminelle for moro skuld (og for dei fattige). Faktisk vil eg påstå at desse bøkene er minst tredobbelt så morosame som Brunk Holmqvist sine. Så viss du liker den typen bøker, er det berre å gå til anskaffelse av alle tre i denne serien.

Ligaen er i gang med eit nytt ran, og det går som det skal. Märtha er jo the big boss, og har som alltid planer ho ikkje heilt har innvia dei andre i. Poenget med ligaen er jo å gi vekk pengane frå rana til dei som treng dei, som nokre moderne Robin Hood-ar. Men Märtha vil utføre fleire ran for å legge seg opp nok pengar til å starte ein pensjonistby, der eldre kan leve lukkelege (dei hata aldersheimen dei alle budde på før). Men får å få pengar nok til det, så må jo det neste ranet vere stort. Og kva er betre enn den svære luksusyachten som naboen eig? Til fem hundre millioner, og som skattevesenet ikkje veit om? Märtha bestemmer seg raskt for at det er den perfekte forbrytelse, for naboen kan ikkje anmelde dei utan å få ein salig baksmell.

Det er ei historie full av ville påfunn, sprelske idear og reine, skire galskapen. Det er så herlig respektløst og hysterisk! Eg vil tilråe deg til å lese dei to første bøkene om Pensjonistligaen før denne, Svindel og multelikør og Ran og rullator, for det er i dei to bøkene du blir kjend med karakterane. I denne her hoppar du meir rett inn i historia utan å bli oppdatert på fortida. Så det er litt key. Men du gjer jo sjølvsagt som du vil.

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Catharina Ingelman-Sundberg finn du HER.

Sitat

«Naboparet» av Shari Lapena

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Naboparet

WOW, HOLY SHIT. Okei, ikkje les denne boka om du er interessert i nattesøvn, for det vil det bli lite av. Om du derimot vil få hjerna di vridd rundt, bli sjokkert og henge på stolkanten til siste side, er dette boka du bør lese. Den er latterleg spennande.

Anne og Marco Conti er i eit middagsselskap i nabohuset. Barnevakta meldte avbud, så den seks månader gamle babyen ligg heime og søv, medan dei har på babycallen og sjekkar innom kvar halvtime. Alt ser ut til å gå greit, babyen har det fint. Heilt til dei kjem heim i halv to-tida og oppdager at babyen er borte. Panikken treff, politiet blir tilkalt og mistankane aukar. For kor godt kjenner du eigentleg dine nærmaste?

Denne thrilleren utforskar skuldkjensla rundt eit barns forsvinning, hemmelegheiter i eit ekteskap og andre familierelasjonar og panikken over å ikkje kunne stole på nokon – ikkje ein gong seg sjølv.

Boka er bygd opp meir som ein roman enn ei krimbok, og nye avsløringar og perspektiv dukkar opp konstant; ein ekte pageturner (eller bladvender, hehe). Det er ei pokker så bra bok, så om du likte Bak lukkede dører og Piken på toget vil du like denne òg!

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Siste mann i tårnet» av Aravind Adiga

Siste mann i tårnet

For ein skremmande og fantastisk roman dette er! Siste mann i tårnet tar for seg menneska sin grådighet, og kor langt enkelte er villige til å gå for å få det dei vil ha – sjølv om dei kanskje ikkje visste at dei ville ha det før dei ikkje kunne få det. Det er ei bok om dei vi gløymer i samfunnet, og vår modernisering av det.

Handlinga i denne historia er lagt til ein litt fattig del av Mumbai, i eit borettslag kalt Vishram Society tårn A. Masterji har budd i denne blokka i tretti år, og er godt likt og respektert av naboane sine. Dei ser på han som ein «engelsk gentleman» som står i mot utbyggjerkongen Dharman Shah som vil kjøpe ut beboarane og byggje luksusleiligheter. Men når naboblokka, Vishram Society tårn B, vert solgt, og bebuarane i tårn A ser kva naboane deira flyttar vidare til, får pipa ein annan lyd. Ein etter ein vil dei selje, og ein etter ein prøver dei å overtale Masterji til å gjere det same. Dessverre for dei andre bebuarane, har den pensjonerte læraren ingen planar om å selje heimen sin, der han budde med kone og barn i så mange år.

Dette er ein storslagen roman, som vil dra deg inn. Sidene føyk avgårde, sjølv om den heller slake spenningskurva ikkje skulle tilseie at dette var ein pageturner. Det er ei ganske dramatisk historie, lagt til eit fargerikt, men moderne India. Du vil ikkje bli skuffa!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2012

Sitat

«Paganinikontrakten», «Ildvitnet» og «Sandmannen» av Lars Kepler

Tidligare i vinter skamroste eg den fyrste boka i serien om Joona Linna, Hypnotisøren, og skreiv som sant var at når eg starta på den ein kveld, så las eg sju timar i strekk og satt oppe til klokka to. Så å skulle starte på bok nummer to, det var skummelt. No var lista lagt ganske så høgt. Men trur du pokker ikkje ekteparet «Kepler» sveva over stanga med glans??

Paganinikontrakten

For Paganinikontrakten var absolutt like spennande som bok nummer ein, sjølv om her var meir politiarbeid og mindre hobbyetterforskning. Denne gongen var tema som politikk, ulovleg sal av våpen og afrikanske borgarkrigar sentrum i historia.

Etter å ha blitt født og oppvokst i eit kvinnefengsel i El Salvador, er Penelope Fernandez no eit høgt respektert menneske i det svenske samfunnet, og i ein alder av berre tjuefire år har ho fått mykje merksemd som pasifist og fredsforkjemper. Etter ein heftig tv-debatt, dreg ho på båttur med kjærasten Bjørn og veslesystera si, Viola, som slenger seg med for å kome seg litt unna etter å ha slått opp med sin kjærast. Båthygga får ein brå slutt når Penelope kjem inn i lugaren sin etter eit kort stopp og finn Viola død i si eiga seng. Sittande. Når ho oppdager mannen som prøver å drepe Bjørn i vatnet mellom båten og land, set panikken inn. Penelope og Bjørn må rømme for livet.

Samstundes i Stockholm, vert forretningsmannen Carl Palmcrona funnen død i sin eigen heim, og det viser seg å vere eit høgst merkverdig sjølvmord. Joona prøver å få jobben som etterforskningsleder, men det skipet er segla, så i staden heng han seg på Saga Bauer i Sikkerhetspolitiet. Der finn han etterkvart ein samanheng mellom Palmcronas død og forsvinninga til Penelope og Bjørn, som får større konsekvenser enn det svenske politiet kunne drøymd om.

Språket er så godt at det nesten gnistrar av sidene når du blar, kapitla er korte og råspennande, og det svenske ekteparet hoppar bukk over klisjeane. Det er rett og slett berre himla bra, og skamrosen av krimserien må jo berre fortsette der han slapp etter den fyrste boka. For det er jo faktisk ei knallbra bok når du tenker at du skal lese eit kapittel på morgonkvisten (eller kvist og kvist, klokka ni), og når du sjekker klokka igjen er den ti på halv tolv, og det kjennest ut som om berre fem minutt har gått. Skummelt.

Ildvitnet

Ildvitnet er den tredje boka i serien om Joona Linna, og sjølv om den ikkjer nøyaktig like fengande som dei to første, har den andre aspekt som gjer at boka likevel får nærmare toppkarakter hos meg. For det fyrste held Kepler på trenden om å synleggjere psykiske lidingar i samfunnet og utnytting av desse, det handler om barn (og det er helt jævlig kva enkelte menneske kan få seg til å gjere med og mot barn). Og så får vi veldig mykje av spenninga frå privatlivet til Joona, og eg gler meg til å sjå utviklinga av denne.

Det har skjedd to mord på ein institusjon for psykisk sjuke unge jenter, Birgittagården. Ganske brutale mord, utført med stump vald mot hovudet som rammar ein av jentene og den femti år gamle nattevakta Elisabet. Joona Linna er under interetterforskning, og vert sendt som observatør. Men sta som han er, blandar han seg inn der han kan. Det viser seg at den einaste som manglar på Birgittagården er ein av dei nye elevane, Vicky. Når Vicky på rømmen stel ein bil og køyrer ut i elva, oppdager ho at at det sit ein fire år gamal gut i baksetet, og plutseleg er ho drapsmistenkt og ettersøkt for kidnapping.

Sandmannen

Som nevnt ovanfor har det dukka opp små biter frå privatlivet til Joona, og det er vel det denne boka handler om. Ikkje at Joona gjer så veldig mykje ut av seg i plottet, det meste av arbeidet er lagt på Saga Bauer, som går undercover inn til Jurek Walter. Jurek vart sendt på psykiatrisk isolat for tretten år sidan, av Joona. Det var nokon ganske sjuke ting han hadde gjort, blant anna kidnapping. Og ut av det blå dukkar eit av ofra opp att, Mikael Kohler-Frost. Han kan ikkje hugse å ha rømt, og han held på å døy av legionella. Han fortel av systera var fanga saman med han, og basert på Mikael sin tilstand, skjøner Joona og kollegane at dei må handle raskt dersom Felicia Kohler-Frost skal bli funnen i live.

Eg har sett mange kommentere at dette er favoritt-Kepleren deira, men det skjøner eg helt ikkje. Altså den var knallbra og spennande, men eg klarte jo faktisk å legge den frå meg frå tid til anna. Og så synest eg den ikkje var like kreativ som dei andre, eg følte løsninga var litt juks. Du hadde kun eitt hint på kva løysinga kunne vere, men ja. Litt juks var det, i alle fall i følge «gode krimregler». Men eg skal la det gå, for epilogen var berre WHAT. Eg har jo femte bok liggande her, men den må nesten vente litt.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: Paganinikontrakten (2011), Ildvitnet (2012), Sandmannen (2013)

Fleire bøker av Lars Kepler finn du HER.

Sitat

«Calendar Girl: Besatt» av Audrey Carlan

Boka er eit førehandseksemplar frå Cappelen Damm

Besatt

Historia om Mia er ikkje slutt enno, men det er ikkje mange månadane att no! Vi er no komne til juli, august og september – månader som vil vise seg å utfordre Mia og presse henne til hennar ytste.

I juli er ho ansatt for å spele forførerske i hiphopvideoen til Anton, betre kjend som Latin Lov-ah (sjukt kleint namn). Mia slit fortsatt med flashbacks etter overgrepsepisoden i juni, og dette påverkar heile tilveret hennar. I august går turen vidare til Texas, der ho er hyra for å late som om ho er den forsvunne systera til Maxwell Cunningham, men oppdager etter kvart at noko ikkje stemmer (ho er heilt hinsides treig til å fatte poenget, faktisk). I september må ho reise tilbake for å ta farvel med faren, då tilstanda hans forverrer seg. Difor møter ho ikkje opp hos den niande klienten, og skuldar no han hundre tusen dollar. Og har dermed ikkje pengar til å betale Blaine, og det tar Blaine heller dårleg.

Like sexy som dei førre, men med eit mykje meir personleg preg. Mia må i stor grad forholde seg til kjenslene sine, og desse gongane kan ho ikkje stikke av. Her er mykje drama, mykje kjærleik, mykje varme og vennskap. Boka tar for seg forhold på godt og vondt, og viser kor viktig det er å ha nære menneske i livet sitt ein kan lene seg på når ein har det kjipt – og kor viktig det er å faktisk lene seg på dei.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Audrey Carlan finn du HER.

Sitat

«Bare én natt» av Simona Ahrnstedt

Boka er eit leseeksemplar frå Boklageret

Bare en natt

Denne boka er ein skikkeleg pageturner! Svenskar har ein tendens til å skrive gode bøker, og dette er nok eit eksempel. I denne boka møter vi drama, romantikk, sosietet, hevn og tunge fortider. Det er ein strålande samansett roman for alle som liker den nye bølgja av sexy bøker, utan at erotikken er hovudfokuset her i det heile.

Vi møter Natalia De la Grip, ei overklassekvinne som jobbar knallhardt. Uansett kva ho gjer, slepp den mannssjåvinistiske faren hennar ho ikkje med i familieselskapet. Dette veit David Hammar, ein nykomling i finansverdenen, som har store planer for Natalia. Han tek ho med ut til lunsj, og oppdager til si eiga overrasking at han vil møte henne igjen. Etter kvart ligg han med henne, men det er uansett berre for éi natt. Heilt til det ikkje er «berre» det.

Det er som sagt mykje drama, og spenningsnivået er høgt. Det er twists and turns, båe for lesarane og karakterane sjølve. Karakterane og hendingane er i og for seg ganske realistiske, og sjølv om boka er på rundt 550 sider, går den fort ned. Så om du liker «husmorporno» med litt mindre «porno» i historia, vil denne boka passe deg ypperlig! (Og den er uendeleg mykje betre enn Fifty Shades!)

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Simona Ahrnstedt finn du HER.

Sitat

«Sapiens: En kort historie om menneskeheten» av Yuval Noah Harari

Sapiens

Denne boka er herved den beste ikkje-skjønnlitterære boka eg har lest. Den er fantastisk!! Harari klarer å formidle så utrulig mykje kunnskap, nesten latterlig effektivt. Ein skulle tru at mykje informasjon om evolusjon, økonomi, religion og så vidare fort ville blitt tørt, men det er nesten umogleg å leggje boka i frå seg. Det er så bra skrive!! (Kan de høyre opphissinga mi frå bak skjermen, eller?) Harari skriv med humor, sjølvironi og innsikt. Det er lett å forstå boka, og like lett å forstå at ho er skriven av ein eksepsjonelt kunnskapsrik mann. Det er lite eg blir skeptisk til, og eg skal innrømme at dei siste kapitla eigentleg skremde meg. (Og som Harari sjølv seier: om du ikkje vert skremd, har du ikkje tenkt nøye nok gjennom det.)

Eg kan no skryte på meg å vite kvifor menneske ofte har så vondt i ryggen, kvifor menneskebabyar er så hjelpeslause i årevis, kvifor gull kostar kva det kostar og kvifor enkelte indonesiske menneske berre vart éin meter høge og vegde 25 kg. Og visste du at vi var minst seks ulike menneskerasar samstundes på jorda for mange titusen år tilbake, men at vi (Homo sapiens) utrydda dei andre?

Dersom du enno ikkje har fått lyst å lese boka, så vil eg tru du ikkje er morosam på fest. Denne boka burde heilt alvorleg vore pensum. Ferdig snakka. Så Bazar forlag, viss denne boka kjem i pocketformat før jul, så skal eg kjøpe den i julegave til heile familien min.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Yuval Noah Harari finn du HER.