Sitat

«Alias Grace» av Margaret Atwood

Leseeksemplar

Denne boka har det tatt meg eit år å lese ut. Ikkje fordi den var trå å kome seg gjennom, men fordi eg visste at den var så god, at når eg leste i den, måtte eg kunne ha fullt fokus på boka. Eg kunne ikkje lese ei side her eller der på bussen. Du forsvinn såpass inn i universet og teksten at det ikkje går an å tenke på andre ting. Og den typen bøker er verkeleg noko for seg sjølv.

Atwood fortel historia om Grace Marks, som på midten av 1800-talet vart dømt til livstid som medverkande til eitt grusomt mord (eigentleg to, men dommen for det første var nok), berre seksten år gamal. I følge retten skal ho ha vore forelska i arbeidsgjevaren sin, som var forelska i den andre tenestejenta, og vore så sjalu at ho overtalte tenesteguten som var forelska i henne sjølv, til å myrde sjefen og den andre tenestejenta. Men historiene Grace fortalte i retten var aldri like, og medskudlige McDermott fortalte tre heilt andre historier. Grace fortsatte å sei at ho var uskuldig, og mange jobba hardt for å både få henne dømt og frikjend.

Hovudfokuset i boka ligg rundt samtaler ho skal ha hatt med ein lege/psykolog, Simon Jordan, som tjue år etter dommen ville finne ut om ho faktisk var uskuldig, skuldig, eller gal. Vi får samtaler, tilbakeblikk, brev og tanker begge gjer seg. Det er djuptpløyande, gripande og tar verkeleg tak i den menneskelege psyka. Det er litt ekte tekstar (for det her er jo ei sann historie), men det meste er meisterleg dikta opp av Atwood. Boka er ganske tjukk, men vel verdt det. Betre portretteringar enn dette er vel knapt skrive.

Forlag: Virago
Utgivelsesår: 2017 (1996)

Fleire bøker av Margaret Atwood finn du HER.

Sitat

«S.T.A.G.S.» av M. A. Bennett

Eg er ganske så opptatt av ungdomskrim om dagen (eg jobber i ungdomsavdelinga på Norli Strandgaten for tida), og prøver hardt å holde meg oppdatert. Og krim for ungdom er definitivt den nye greia, og les ein på engelsk opner mange dører seg. Ein eg kom over var denne frå 2017, S.T.A.G.S. av M. A. Bennett, og oppfølgeren, D.O.G.S. er akkurat komen, og skal straks lesast.

Greer har byrja på kostskule, sidan faren er villmarksfotograf og ikkje skal bu heime dette halvåret. Ho er langt i frå den absurd rike ungdommen som elles går på den fancy kostskulen S.T.A.G.S., ho er bare intelligent nok til å få stipend. Ho kjenner seg utanfor, men blir overlykkelig når den populære gjengen, Medievals, inviterer henne heim til seg over ferien, og muligheten til å bli innvidd i skulens indre sirkel.

For denne skulen er merkeleg religiøs, og har eit enormt hat mot teknologi. Det er ekstremt overdrevent, og eg absolutt elsker det. Om eg skulle forklart boka enkelt, ville det vore Gossip Girl møter Downton Abbey på ein skikkeleg creepy, gamal skule.

Boka opner med det som elles ville vore det store spørsmålet; kven drap Henry? Men vi får vite med ein gong at Greer, Shafeen og Nel tok livet av han, med eit uhell. Ein skulle tru at det ville øydelagt boka å få «svaret» på den måten, men Bennett får det til å funke! Historia vert så rulla opp, og boka stopper ikkje når Henry døyr; there is more! Noko av det virker litt langdrygt, men det gir veldig meining når du veit det kjem ein oppfølger. Dei raude trådane vert likevel samla elegant på slutten, spesielt om du er litt nerdete (som underteikna).

Det er ein veldig god psykologisk thriller, veldig lett å forsvinne totalt inn i. Tema som modernitet versus tradisjon, menneskas verdi i forhold til dyr, og teknologi er alle sentrale. Og ja, i tillegg til eit mord, då. Eg tilrår absolutt boka, og gler meg veldig til å ta fatt på nummer to.

Forlag: Hot Key Books
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av M. A. Bennett finn du HER.

Sitat

«Rømlingene» av Ulf Stark

Leseeksemplar
Illustrert av Kitty Crowther

Gottfried er ein sur gammal mann som ligg på sjukehuset. Sonen er ikkje så interessert i å besøke dei evig sure faren, men barnebarnet, Vesle-Gottfried, er veldig interessert i farfaren. (Vesle-Gottfried forstår jo ikkje kor slitsomme besøkene er for faren sin.) Farfaren kjeder seg enormt, og Vesle-Gottfried bestemmer seg for å ta med seg farfaren på tur, så han pønsker ut ein lur plan og dei stikk av frå sjukehuset, til huset farfaren budde i med kona si.

Eg kan starte med det kjipe; eg er ingen fan av Kitty Crowther. Eg veit ho har vunne ALMA-prisen og har skrive eit par barnebøker sjølv, men eg ser ikkje heilt fascinasjonen. Eg synest illustrasjonane er på grensa til ubehagelige å sjå på; fargane skrik for mykje og passar ikkje saman, og ansikta er direkte skremmande. Stilen er barnslig og tydelig tegna med fargeblyanter, og ein skulle jo tru det ville passe for barn, men eg trur eigentleg realiteten er litt annleis. Den finaste illustrasjonen er biletet av farmora. Men det er liksom dét.

Men! Om du vil lese boka høgt for eit barn og droppe illustrasjonane, då har du ein vinnar her. Historia er sjarmerande, og tek opp store spørsmål. Her er mange fine samtaler om sakn, anger og familierelasjoner. Hvis du går rundt og tenker på OM hele tiden, kommer du faen meg ikke til å få gjort en eneste ting. Ja, det står faktisk faen. Eg digger at boka er så frisluppen med banninga, eg trur unger har godt av det; for det er jo faktisk slik den gamle surpompen snakker. Og alle har vel sansen for slike barn som Vesle-Gottfried! Han er ein liten bråkmaker; kreativ og oppfinnsom, men ikkje slik at det går utover andre. Eg får assosiasjoner til Astrid Lindgrens humor, full av «dumme vaksne». Det er noko klassisk og tidløst ved historia, som gjer at den går rett i hjartet på deg.

Forlag: Kagge
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«The Girl Who Came Out of the Woods» av Emily Barr

Leseeksemplar

I fjor leste eg The One Memory of Flora Banks av denne forfattaren, og eg absolutt elska den. Eg hadde håpt å like denne like godt, men eg blei litt skuffa. Ikkje fordi boka var veldig dårleg, men fordi vaskeseddelen bak lovte meg noko anna enn det boka faktisk var.

I følge baksideteksten skulle denne boka handle om Arty, som har vokse opp i eit hemmelig matriarki i en indisk skog, og samfunnet blir no trua av ein pest, og ho må oppsøke det moderne samfunnet for å skaffe hjelp. Det «hemmelige matriarkiet i en indisk skog» viste seg å vere ei gruppe 7-8 hippiar som bur i ein privat skog og sjefen i gjengen er tilfeldigvis Arty si mor, og dei har berre budd der i ca 20 år. (Eg hadde håpt på ein faktisk uoppdaga, kvinnekultur i ein faktisk avskoren del av India.) Resten av boka handler om Arty sin oppdaging av den nye verda, og eit plutseleg liv som #thegirlwhocameoutofthewoods når ein fyr ho møter på fortel heile livshistoria hennar til Instagram. Ho må finne onkelen sin i England, og får streng beskjed av mora å ikkje gå ned i kjelleren til besteforeldra, om ho finn dei.

Delen med kjelleren gjer boka meir spennande, men ellers vart eg litt skuffa. Forfattaren prøver å trekke fram farer med sosiale medier, men eg synes ikkje forsøket er heilt vellukka. I tillegg blir det litt useriøst når ho blander inn ei Bollywoodstjerne. Det er altså ikkje den beste boka der ute, men forfattarens debut bør absolutt lesast!

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2019

Fleire bøker av Emily Barr finn du HER.

Sitat

«To kan holde på en hemmelighet» av Karen M. McManus

Skrive for framtida.no

Karen M. McManus er tilbake med ein ny kriminalroman for ungdom, og denne er endå betre en En av oss lyver. Handlinga er mykje strammare lagt opp, og betre konstruert, og kan minne om dei skrekkromanane ein fekk i posten frå TL-klubben; Eni skummel fornøyelsespark der folk døyr, forsvunne jenter og myrda balldronninger; det er eigentleg som ein skikkelig creepy tv-serie. (Kan vi få denne filmatisert, forresten?)

Då mora vert innlagt på rehab, må tvillingane Ellery og Ezra flytte frå California til bestemora på austkysten. Det er ikkje akkurat ein idyllisk småby ho bur i;  balldronninga på high schoolen vart myrda for nokre år sidan, og for endå lenger sidan forsvant tanta til tvillingane. Det kunne ha blitt eit ganske kjedeleg skuleår for Ellery og Ezra, men så vert Ellery nominert til balldronning – og plutseleg er det drapstruslar mot den neste dronninga over heile byen.

Debutboka til McManus var knallgod, men slutten var altfor openberr og forutsigbar, men dette er noko McManus har fiksa opp i her. Plottet her er mykje meir komplisert, og slutten er skikkeleg bra knytt saman. Det kjem nye knuter på tråden gjennom heile boka, og nerven er konstant. Om eg har noko å klage på her, så er det at det er ganske mange karakterer å holde styr på (og dei har liknande namn), litt for tidleg i historia. Det går seg jo til, då.

Dette er absolutt ein thriller å anbefale, ungdom eller ikkje. På kvaliteten er det ikkje noko å utsette, og den står ikkje tilbake for krimromanar skrive for vaksne. Eg slukte den på få timer, for du blir kasta så vilt rundt og berre finne ut kva som skjer. Synd denne ikkje kom ut til påske, men pakk den ned i kofferten til sommarferien!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2019

Fleire bøker av Karen M. McManus finn du HER.

Sitat

«En helt vanlig familie» av Mattias Edvardsson

Leseeksemplar

Eg las nettopp eit av dei beste rettssalsdramaene eg har lest, Skandalen av Sarah Vaughan, men denne slår den glatt. Det er ein svensk forfattarar, og eg har sett den samanlikna med Størst av alt av Malin Persson Giolito. Heilt ufortent, for En helt vanlig familie er minst fem gonger så god. (Størst av alt blei litt vel ungdomskrim for min del, og ikkje spesielt nervepirrande, men eg høyrer Netflixserien er betre enn boka.)

Familien Sandell verkar som den sunnaste og beste familien ein kan tenke seg. Faren Adam er prest, mora Ulrika er jurist og Stella er ein intelligent tenåring som snart skal ture åleine gjennom Asia. Rett etter at Stella fyller nitten år, kjem ho ein kveld heim midt på natta. Dagen etter vert ho henta frå jobben sin, anklaga for mord og varetektsfengsla. Adam og Ulrika veit ikkje kva dei skal gjere, og får ikkje kontakte dottera. Ho kan jo ikkje ha drept nokon! Likevel kjem tvilen snikande, for dei veit veldig godt kor utagerande og egenrådig Stella kan vere. Men likevel, mord?

Edvardsson klarer å sjå handlingane frå både barnet og foreldras perspektiv, og det er umogleg å ikkje sjå truverdige menneske her. Vi har alle (om vi no er nærmast foreldrerolla eller barnet) opplevd dei små gnisningene, dei små misforståingane eller usemdene som vi ikkje heilt klarer å glatte over i dagleglivet. Dette er ei sterk skildring av foreldrekjærleik, offer, avmakt og tillit. Det er ei ekstrem historie når ein ser på det samla, men kvar einaste del kunne ha (eller har) skjedd i røynda.

Historia vert bygd opp i tre delar; først frå farens perspektiv, så dottera og til slutt mora. Eg tenkte først at det var rart, og det burde vore dottera som uttalte seg sist og avslørte alt for lesaren, men eg heldt godt kjeft her. Det er sylskarpt og iskaldt heile vegen, dei korte kapitla auker tempoet, og det er umogleg å legge frå seg boka utan å tenke men kva skjedde etterpå? Dette var rett og slett ei intens leseoppleving, og om du ikkje får med deg denne, går du glipp av noko stort.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«Si at du er min» av Elisabeth Norebäck

Leseeksemplar

Herregud, for ein fantastisk god psykologisk thriller! Nifs og ekkel, med eit usedvanleg godt driv. Historia berre bygger seg opp-opp-opp, og klarer til og med å lande med stil. Upålitelige forteljarar og ein desperasjon som overgår det meste.

For over tjue år sidan vart dottera til Stella kidnappa då dei var på ferie; ettårige Alice vart tatt frå barnevogna si. Meiner i alle fall Stella, alle andre er ganske sikre på at babyen drukna, og at Stella må gå vidare med livet sitt. Etter fleire sammenbrot, tvangsinnleggelse og mykje sorg, har Stella no orden på livet sitt. Gift med ein fin fyr, tenåringsmamma til Milo og utdanna som psykoterapeut. Så dukker Isabelle opp, ein ny pasient som er blitt henvist til Stella. Og frå første sekund veit Stella at det er Alice som har kome tilbake. Eller er det dét?

Dette er ei historie om sorg, desperasjon, lengsel og frustrasjon. Måten Norebäck bruker psykologien på er imponerande. Dei fleste psykologiske thrillarar kjem med store vendepunkt og lurer leseren heile vegen, men Norebäck er stilsikker nok til å holde seg i same spor og auke på. Det er skummelt, truverdig og velskrive. Omsetjinga er litt sånn hipp som happ, men denne boka kan uansett ikkje nilesast setning for setning; det her er skumlesing for å finne ut kva som faktisk er sant og kva som er innbilning. Les!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«Den stille uke» av Sven Petter Næss

Leseeksemplar

Bortsett frå den enorme mengden krim eg har lese den siste månaden, er det sjeldan eg plukker opp noko anna enn ein psykologiske thriller innan sjangeren, så det var ganske på slump at eg plukka med meg den her frå jobb. Det er ein klassisk politikrim skriven av ein debutant, så eigentleg ikkje min smak. Men sjølv eg må innrømme at det her er ei knallgod bok, som det er umogleg å mislike.

Harinder Singh trudde aldri han skulle vende tilbake til den vesle småbyen i Østerdalen, men som etterforsker i Kripos drar ein dit ein blir bedt om å dra. Det er straks påske, men ein ung gut er drept, og saka har vokse ut av hendene til det lokale politiet. Guten viser seg å vere yngstemann i byens kaksefamilie, og det er ønskelig at saka vert oppklart straks. Det viser seg å bli vanskelig, spesielt når fleire menneske forsvinn og ein brann bryt ut.

Språket er friskt og truverdig, og Næss skildrar menneske og miljø så alle som har vakse opp utanfor storbyen kan kjenne seg att. Stereoptypar og originalar, du finn begge deler godt miksa saman her, og det fungerer. Plottet er intelligent, og skrid fram i perfekt tempo. (Det er ingenting verre enn krimforfattarar som kastar blindspor rundt seg som Hans og Grete på tur i skogen.) Dette er ikkje anna enn knakande godt handverk, og om du er på veg til fjellet i dag; stopp innom ein bokhandel på vegen og plukk med deg denne!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«Isen» av John Kåre Raake

Leseeksemplar

Raake er ein av forfattarane bak filmar som Bølgen og Skjelvet, og hans første roman har det same preget: ekstreme natursituasjonar og klimaendringar. Han kan nok absolutt å skrive filmmanus og lage gode skjermopplevingar, men som romanforfattar vert eg ikkje vidare imponert over formidlingsevnene. Plottet er ikkje dårleg, men det burde heller ha blitt vist på skjerm enn publisert som bok.

Når faren ber Anna følge hans gamle venn og vitskapsmann på ein ekspedisjon til Nordpolen, klarer ikkje Anna å takke nei. Ho er tidlegare spesialsoldat (som om dette gir erfaring til å lede nokon til Arktis?), og blir motvillig med. Dermed set Anna Aune og Daniel Zakariassen kursen mot Nordpolen i ein liten luftputebåt. Men ganske tidleg inn i turen og ankomsten, ser dei eit naudbluss. Dei følgjer det, og finn ein kinesisk leir, full av døde kinesarar; nokon må ha drept dei, og vedkomande er enno på frifot på isen.

Boka er delt opp i 93 kapittel, noko som gjer boka lettlest og auker tempoet. Men inndelingane er ikkje heilt logiske for meg, og tempoet varierer; når det skjer mykje og du får store mengder info, går handlinga for raskt, medan det ellers går evig sakte. Språket er generelt hakkete og ujamt, og det er ein floskelfest utan like. Her er fullt av klisjeer («fortell gudene dine planer», «veien til helvete er brolagt med gode intensjoner») og snodige bilete («som en istapp faller fra en takrenne», «snødd bloddråper»), og innimellom desse er det malplasserte brot av fakta og underlige detaljer. (Dei fleste veit korleis dei opner ein boks med joikakaker, vi treng ikkje skildringa av korleis ein stikk fingeren gjennom ringen på toppen og opner lokket.)

Handlinga og plottet er ok, men det er rett og slett ikkje ei særleg god skildring av eit eigentleg spennande miljø, og dei to hovudpersonane er vanskelige å like. Det kan nok fungere på film, men i bokform blei det ganske så svakt. Flashbacks til dømes, fungerer godt i film. I bokform ville ein nok berre ha fått eit tilbakeblikk, men Anna her har faktiske flashbacks.

Apropos Anna, så er det veldig kult at Raake har valt ein kvinnelig ekssoldat til protagonist. Men så blir det litt teit igjen når vi får vite at livet til Anna er utan meining etter at hennar sexy, franske legekjærast (som ho knapt kjende) døydde. Kom igjen, ville ein mannleg spesialsoldat ha gitt opp karriera si fordi ein kvinneleg bekjent han hadde eit forhold til døydde? (Og så bør nokon fortelle Anna/Raake at brunkrem høyrer til i ansiktet, det er ikkje noko kvinner bruker for å jevne ut solskille på armane.) Anna tenker på et tidspunkt at ho «spiller i en dårlig detektivserie», og det er jaggu ikkje langt frå sanninga.

Forlag: Gyldendal
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«Øyevitnet» av Anna Bågstam

Leseeksemplar

Øyevitnet er den første boka i ei ny serie av ein svensk forfatter. Eg les veldig lite klassisk politikrim, slik dette er, for det kan bli ganske kjedelig i lengda, men denne var fin! Den handler mykje meir om etterforskeren enn sjølve mordet. Faktisk er hovudpersonen ikkje politi ein gong, berre sivil etterforsker, så det er litt annleis.

Harriet har nettopp fått ei sivil stilling som etterforsker hos politiet i Landskrona i Skåne. Ho synest det passa å bli overflytta frå Stockholm og flytte heim til faren som har begynt å rote litt på sine eldre dagar. Ho forventer ein ganske roleg jobb, men allereie kvelden før ho offisielt skal starte i jobben blir ho kalla ut: ei kvinne frå bygda hennar er myrda og mannen hennar er forsvunnen. Saka viser seg å vere  vanskeleg å løyse (og det blir ikkje lettare av at Harriets nye sjef misliker henne), og spora peiker snart mot nokon Harriet kjenner alt for godt.

Dette er ganske snill og litt morsom krim, sjå for deg at Karin Brunk Holmqvist hadde bestemt seg for å skrive krim. Dette ville i så tilfelle vore resultatet. Boka er ekstremt lettlest, og underhaldande. Krimgåta er ikkje spesielt innvikla, men blir ein større og større del av handlinga etter kvart. Raskt lest og kanskje like raskt gløymd, men veldig fin krimbok til dei som i hovudsak ikkje liker krim.

Forlag: Panta
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«Hennes største frykt» av Peter Swanson

Leseeksemplar

Eg har verkeleg fått sansen opp for Peter Swanson. Eg las nettopp den nyaste, Alle disse vakre løgnene, og elska den. Då dei to første kom på norsk var eg ikkje superfan, men eg set mykje større pris på språk enn eg gjorde den gong. Og innan krimlitteratur er Swanson blitt ein favoritt, og eit sikkert kort om du vil ha gode bøker.

Kate har slitt med nerver og mareritt i nokre år, etter eit kjærleiksforhold som blei veldig stygt. No synest mora at det er ein god idé å kome seg vidare med livet, så ho overtaler Kate til å bytte leilighet med tremenningen sin, Corbin. Corbin bur i Boston og Kate i London, og ho har aldri møtt han, men det burde vel gå fint? Men så raskt Kate er kome inn i bygget, oppdager ho og ein nabo at Corbin næmaste nabo, Audrey, er forsvunne. Og når ho vert bekrefta drept, og politiet mistenker Corbin, veit ikkje Kate kva ho skal gjere eller kven ho skal stole på.

Historia vert rulla opp og vendingane kjem roleg, men slåande. Karakterane hans er komplekse, og det er herlig med bøker utan svart/kvite personar. Og så dukker etterforsker Roberta James frå De som fortjener det og Den tikkende kvinnen opp att her, og slike cameos synest eg er veldig artig. Kapitla er litt annleis delt opp enn i dei andre bøkene, her er det cliffhangers på slutten av kaptila som fortsetter i neste kapittel, så du jo lese vidare! Handlinga er direkte foruroligande, og passer ikkje for dei som er redde for mørkret eller å vere heime åleine. Med andre ord: perfekt krim til påske!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Peter Swanson finn du HER.

Sitat

«Jeg blir borte i mørket» av Michelle McNamara

Leseeksemplar

Historia om Golden Gate-morderen er noko av det eklaste eg har lest. Eg trur alle er ganske så opptatt av true crime for tida, og det er like mykje bra i bokform som det er på tv.

På 70- og 80-talet herja ein voldtektsmann – seinare seriemorder – i California. Over femti grove seksuelle overgrep og minst ti mord. Han var umogleg å fange; lite videoovervakning, ingen DNA-testing. Vitnene var ofte uenige om korleis han såg ut, og han endra mønstra sine etterkvart. Det var eit mareritt for politiet, men enormt mange folk har aldri sluppet taket i saka.

Forfattaren skildrar historia på fantastisk godt vis. Eg kjende ingenting til saka før eg las boka, men føler meg som ein liten ekspert. McNamara klarer balansen mellom mykje fakta og mykje kjensler, høgt tempo og fokus på detaljer og livshistorier. Til saman blir det ein skummel og ubehagelig tekst, med eit heilt eige driv.

McNamara døydde to år før boka vart utgitt, så den siste delen er satt saman av ulike notater og tidlegare publiserte artiklar. To månader etter at boka vart publisert i USA, fanga dei mordaren: Joseph James DeAngelo. På omslaget står det «Boka som oppklarte en av USAs største seriemordsaker», men det er teknisk sett ikkje sant. Boka bidrog til å halde interessa oppe og søkelyset retta mot saka, men så vidt eg forstår er det ingenting i boka som førte til arrestasjon, men det er eit fantastisk portrett av eit udyrs handlingar.

Om du leiter etter krimlektyre til påska, er dette eit godt alternativt. Eg veit ikkje kva som kan vere meir skremmande enn at det faktisk har skjedd. Eg les vanlegvis ganske raskt, men her var det nesten umogleg; eg følte på trangen til å måtte få med meg kvar enkelt detalj.

Forlag: Press
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«Kjærlighet for voksne» av Anna Ekberg

Leseeksemplar

Dette er den andre boka til Anna Ekberg, som er eit pseudonym for dei samme danske menna som står bak A.J. Kazinski. Som den andre boka til «Ekberg», er dette òg ein såkalla kjærleikskrim; ei krimgåte bygd rundt ei kjærleiksfortelling. Og slik som den første boka, Den hemmelige kvinnen, er resultatet blitt veldig bra.

Leonora og Christian har vore gift i over tjue år, og saman har dei sonen Johan. Heile barndommen sin har Johan vore kreftsjuk, men er no heilt frisk. Dette skulle ha vore dei beste åra i ekteskapet deira, men så oppdager Leonora at Christian har ei elskerinne. Ho vert rasande, for er det noko Leonora ikkje skal etter å ha ofra ei fiolinistkarriere og heile livet for å passe ein sjuk son, så er det å bli forlatt for ei yngre kvinne. Uansett kva.

Historia vert skildra gjennom ein faktisk forteller: den pensjonerte politimannen Holger, som aldri fekk bevist skuld i saka og ikkje kan gløyme den. Han fortel den til dottera si, Josefine, som er ein litt annen type enn han. Saman fungerer Holger og Josefine som forteljar, kommentator, kritikar og moralpoliti. Det er ikkje dårleg skrive, men strengt tatt ikkje naudsynt. Om dei delane hadde vore kutta ville boka vore endå litt tettare, og endå litt betre. Dei øydelegg ikkje plottet, men det bidrar heller ikkje til å gjere det betre. Boka er lang nok som den er, med Christian og Leonoras bakgrunnshistorier og minner.

Og dette er menn som kan skildre kvinner! Det er jo noko av det mest fascinerande med alt, kor truverdige både Leonora og Zenia, den andre kvinna, er. Skildringane av Zenia er faktisk noko av det mest fascinerande med heile boka, spesielt frå eit feministisk perspektiv. Ho vert skildra av både Christian og Leonora, som har vidt ulike syn på denne kvinna (naturleg nok). Men dei oppfatter henne nokså ulikt, og Leonora er den som snakker mest om utsjånaden hennar, medan Christian er meir opptatt av det oppe i hovudet og korleis sexen er. Det er veldig truverdige tankar frå både den forelska og den rivaliserande part.

Alt i alt er boka ganske truverdig, for forfattarane klarer å skrive fram gode argument og tvinge handlinga framover. Språket er godt, men omsetjinga ber preg av at originalspråket er dansk, og er tatt hakket for lett på. Men det er ei god bok, som held deg på pinebenken, og kaster deg av den når del to starter, og sparker deg i sida når del tre kjem.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2018

Fleire bøker av Anna Ekberg finn du HER.

Sitat

«Bristepunktet» av Belinda Bauer

Leseeksemplar

Dette er ei av dei beste bøkene eg har lese i år. Den er berre så enormt fascinerande, djuptpløyande og gripande. I tillegg er det den einaste krimromanen som nokon sinne er nominert til The Man Booker Prize, og den burde ha vunne. Det her er fantastisk god lesning. (Takk meg seinare.)

Jack er fjorten år gammal, og profesjonell innbrotstjuv. Ikkje at han liker det så godt, men han er flink, og han kan stele med seg sunn mat heim til veslesystrene sine. Det bur ingen vaksne hos dei etter at faren forsvann. Han skulle kjøpe melk, og kom aldri heim. Få månader før vart mora drept ved ein nødtelefon ved motorvegen, nokre hundre meter frå ungane som satt igjen i den glovarme bilen. Jack og syskna er fortsatt åleine tre år etterpå, og han kjemper for å halde fasaden for naboer og nysgjerrige. Men i eit innbrot finn han kniven han berre veit var mordvåpenet som drepte mora hans. Problemet er: korleis kan han gå til politiet med denne infoen uten å risikere å bli fengsla og få barnevernet på døra?

Opninga av boka (tre unger åleine langs ein motoverg) er inspirert av ekte hendingar, og det gir eit snev av truverd til så ekstreme hendingar. Jack og systrene forsvinn jo djupt i systemet, men det er ikkje heilt usannsynleg heller. Om det ville skjedd er jo ein eigen diskusjon, men i boka fungerer det. Eigentleg fungerer alt i boka, for språket til Bauer (og den knallgode omsetjinga til Guro Dimmen) fortener skryt. Gode setningar, karikeringa av ein avdanka drapsetterforskar, kjenslene til barn; det er ikkje noko anna enn talentfullt. Rett og slett meisterleg, fullt av levande bilete.

Eg var fenga frå første side. Det er sjeldan eg kjenner så sterkt på at eg ikkje berre vil lese vidare, eg faktisk. Kjensla av at ingenting eksisterer unntatt universet du blir sugd inn i, absolutt ingenting er betre. Det her er ein pageturner av den bokstavelege sorten. Om du ikkje forventer ein klassisk krim, kan eg nesten ikkje få sagt kor høgt eg anbefaler denne boka til deg.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«Alle disse vakre løgnene» av Peter Swanson

Leseeksemplar

Alle disse vakre løgnene er den tredje boka eg har lese av Swanson (eg har visst hoppa over Hennes største frykt!), og eg kan driste meg til å seie at han aldri skuffer. Plottene er originale og elegante, i tillegg til å vere pur kvalitet i språket.

Harry er akkurat ferdig på college, men må droppe eksamensseremonien i New York for å dra i farens begravelse i Maine. Faren har falt av ein klippe på sin vanlege kveldstur ved kyststien han likte å gå på. Først virker det som ei ulukke, men etter at Harry kjem tilbake til den vesle byen, viser etterforskinga til politiet at Bill, Harrys far, har blitt slått i hovudet før fallet. Han har blitt myrda.

Eg vil ikkje seie noko meir om handlinga, for det trur eg vil øydelegge mykje, men dette er altså utgangspunktet for boka. Framdrifta er noko av det beste eg har sett, både sakte og rask. Her er både opprulling av bakgrunnshistorier som vert meir og meir sjokkerande, i tillegg til dei brå vendingane som er varemerket til sjangeren. Swanson klarer å dra historia vidare bare basert på handling som til tider ikkje er meir enn foruroligande, men han mister aldri nerven som gjer at ein berre lese vidare.

Dette er noko av det nifsaste og eklaste eg har lest på lenge. Stemninga er gjennomborande og trykkande, og boka er ekkel på så mange plan. I tillegg til å vere uhyre velskriven, er boka lettlest, raffinert og overraskande intelligent, sjølv med såpass enkle komponenter. Med andre ord: ein veldig vellukka thriller!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2019

Fleire bøker av Peter Swanson finn du HER.

Sitat

«Vuggesang» av Leïla Slimani

Leseeksemplar

Babyen er død. Det tok bare noen sekunder. Dette står på forsida av boka, og er i tillegg setningene som opnar romanen. Dagmammaen Louise har drept ungane ho skulle passe på. Det franske ekteparet Myriam og Paul ansatte denne sjarmerande, erfarne Mary Poppins-aktige kvinna til å sjå etter ungane sine då Myriam skulle tilbake i jobb.

Dette er blitt hylla som ein heilt fantastisk psykologisk thriller, både på fransk, engelsk og no på norsk. Og for å seie det med ein gong: den er skikkeleg oppskrytt. Boka er knappe 200 sider og er ganske rask å lese ut, men den kjendest mykje lengre, og eg meiner det ikkje på ein god måte. Men la oss ta det positive først!

Eg liker godt måten Louise blir portrettert på, og romanens største styrke ligg i nettopp dette, ei skildring av to veldig ulike klasser, miljø og liv. Reaksjonane til både Myriam, Paul og Louise er det som er verdt å lese her. Sånn sett kunne Slimani droppa heile barnemordet og berre fokusert på dette, det trur eg ville vore ei mykje betre bok. Faktisk slit eg litt med sjølve krimplottet, for eg føler det mangler ein vesentleg del: sjølve mordet eller planlegginga av det, eller i alle fall eit motiv?

Klassetematikken som blir tatt opp, er veldig spennande. Veldig aktuelt i ei tid med au pairer og karrierekvinner, sjølv om Noreg ikkje er det beste publikummet her. Slimani er ikkje redd for å trakke nokon på tærne når ho skriv om barn som blir drept av barnepiken fordi mor heller vil jobbe enn å passe barna sine. Det er eit av dei betre «laga» i boka, sjølv om eg er litt usikker på intensjonen med det.

Språket oppfattar eg som stivt og unaturleg. Sjølve omsetjinga kan eg ikkje seie så mykje om (då eg ikkje kan fransk), men eg synest ikkje teksten flaut spesielt godt. Nesten som om det mangler ei siste runde med korrektur. Å bruke ord som «kompetitiv» og «vuggestue» når det finnast betre og meir daglegdagse, det skurrer hos meg. Og setninger som «Bomullsdotten er blitt helt skitten»? (Kan den vere halvt skitten?) Det er jo ting man kan krangle om, men og/å-feil er faktisk umogleg å unnskylde.

Reint bortsett frå språket, synes eg det er mykje rusk i detaljane, spesielt rundt alderen til barna. Myriam og Paul treng jo dagmamma fordi ungane er så små, eit spedbarn og eit småbarn. Men så står det plutseleg at Mila går på skule og har klassekameratar, og etterpå er ho for ung til å skulle forstå kva ei bursdagsfeiring er, og så står det plutseleg at barna blir henta på skulen. Og så står det gud hjelpe meg i ei samanlikning at Vishnu er ei gudinne, ikkje ein gud. Slike ting gjer at eg ikkje klarer å fokusere på innhaldet, for eg blir så himla frustrert.

Som sagt, synest eg at denne boka er uhorveleg oppskrytt. (Kanskje den engelske utgåva er betre?) Som roman er den grei, men som krimroman er den ubrukeleg. Hadde ho ikkje drept barna, ville ingenting med boka blitt dårlegare, berre betre. I tillegg er dette ei flis av ei bok, så om du leiter etter god påskekrim som er verdt pengane, er det ikkje denne du vil ha.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2019

Sitat

«Ikke slå av lyset» av Bernard Minier

Leseeksemplar

Minier leverer igjen! Eg trur ingen krimroman nokon sinne vil kunne toppe Hvis helvete var av is for min del, men både En sang for druknede sjeler og Ikke slå av lyset er knallgode bøker. Det er ein slags miks av klassisk politikrim og psykologisk thriller, og sjølv med rundt 600 sider i kvar bok, er nerva og spenninga konstant. Ikkje noko anna enn ekstremt imponerande.

Som i alle etterforsker-serier er det ein backstory til hovudpersonen, i tillegg til kvar enkelt mordgåte i dei forskjellige bøkene. Martin Servaz si sidehandling starter eigentleg i bok nummer ein, men mannen har fått heftig gjennomgå sidan den tid. No har det blitt såpass alvorleg at han er sjukmeldt frå jobben som etterforskar, og skal kvile på ein heim for andre politimenn i liknande situasjoner. Men Servaz oppdager ganske snart at kriminelle ikkje tar seg «rekonvalesensferier» sjølv om han gjer det, og nokon sender han brått massevis av hint, inkludert ein nøkkel eit hotellrom der ei ung kvinne brutalt tok sitt eige liv for eit år sidan.

Samstundes møter vi Christine Steinmeyer, radiovert og nyforlova. Livet verker ganske enkelt for henne, heilt til ho får eit brev julaftan der nokon seier at dei skal ta livet sitt. Brevet har korkje adresse eller avsender, og Christine veit ikkje anna råd enn å levere det til politiet. Brevet viser seg å vere den første i ei lang rekke underlege hendingar, og Christine forstår raskt at nokon er ute etter å øydeleggje livet hennar.

Igjen klarer Minier å skrive fram ei historie så ekkel og skremmande at kvar og ein kan bli mørkredd. Ein kan verkeleg byrje å lure på kor langt enkelte menneske er villige til å gå. Om du treng påskelesing, er dei to første komne i pocket, og eg kan garantere timevis med «berre eitt kapittel til»-kjensla. Bøkene er fulle av gode plott (både korte og langsiktige), kriminelle gærninger, spanande vendinger og levande karakterar. Anbefalast!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2019

Fleire bøker av Bernard Minier finn du HER.

Sitat

«Gullungen» av C.J. Tudor

Leseeksemplar

Gullungen er den andre boka til C.J. Tudor, som brakdebuterte i fjor med Krittmannen. Slik som den er ikkje dette klassisk krim, meir ein mørk og dramatisk roman, der hovudpersonen har ei stygg fortid (og stort sett notid òg). Eg er veldig glad i bøker som skil seg litt ut frå normen, så dette var vel brukte lesetimar.

Joe Thorne flytter tilbake til småbyen han vaks opp i, Arnhill. Det er ei stilling ledig som engelsklærer, og er midt i blinken for han. For han er faktisk engelsklærer, og mista nyleg jobben. Stillinga blei derimot ledig på eit litt ekkelt vis; læraren som hadde jobben har nettopp myrda son sin og skutt seg sjølv. Og dermed får Joe ein stad å bu òg, for ingen andre vil leige mordhuset. Men Joe har sine eigne motiv for å leige det huset, for han trur han veit kvifor engelsklæraren drap son sin, kva som hendte med guten. Det same som hendte med veslesystera hans for 25 år sidan.

Innhaldsmessig er den båe veldig lik og ulik Krittmannen. Det er mykje av det same: ekkel engelsk småby, barndomsminner og plaga protagonister som graver i fortida. Hovudpersonane har til òg med same yrke. Men plottet (utan å avsløre for mykje) minner meir om det som er typisk for S.K. Tremayne sine bøker, enn den førre boka. Språket er litt dårlegare, litt meir fylt opp av flosklar som «tiden leger alle sår» og refleksjoner rundt filosofiske spørsmål, men fortsatt velskrive og absolutt lesbart.

Boka er ikkje bygd opp med spesielt høgt tempo, så du treng ikkje rase gjennom den. Perfekt om du liker å bruke fleire dager på ei bok. Det er god underhaldning, men ikkje noko du hugser spesielt lenge. Det er ikkje ein betre roman enn Krittmannen, men den er veldig god i seg sjølv.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2019

Fleire bøker av C.J. Tudor finn du HER.

Sitat

«Den forrige jenta» av J.P. Delaney

Leseeksemplar

Eg tar ofte notater medan eg skriv, og i starten var det ikkje mykje begeistring for boka. Eg vart forvirra fordi handlingane gikk såpass parallelt og blanda saman jentene dei første femti sidene og måtte konstant kikke på namnet i kapitlet. Det tok litt tid, men då eg kom til side 100 byrja det verkeleg å bli interessant. Og etter 200 sider fekk eg endeleg kjensla av å måtte lese vidare for å finne ut kva som hendte og kva som hadde hendt.

Jane har opplevd ei stor sorg, og treng ei endring i livet sitt. Ho flytter inn i Folgate Street 1, eit minimalistisk og teknologisk avanansert hus – til ein draumepris. Men leigeavtala kjem med ei lang rekke merkelege reglar; ingen bøker, ingen husdyr, ingen planter, ingen klesplagg på golvet, ingen nips. I tillegg til at ein blir digitalt overvåka så dusjen hugser kva temperatur du liker, skifter belysning etter stemning og mange små finurlige ting. For Jane er dette himmelen, heilt til ho oppdager at Emma, den forrige leigetakaren, døydde i huset. Hovudet knust mot steintrappa. Ubehaget veks, og Jane prøver desperat å finne ut kva som hendte, før ho ender opp på same måte.

Den siste halvdelen gjekk altså ned i eit jafs. Eg har ofte sett boka samanlikna med blant andre Piken på toget, men eg er ikkje heilt einig. Det er ingen enorme tvistar, men heller mange middels store vendingar som konstant endrar handlinga og historia litt. Grepet fungerer veldig godt, og om forfattaren hadde droppa eitt av hinta, hadde eg aldri forstått kva som verkeleg hadde hendt før det blei avslørt. (Sjølv om det ikkje var mange sidene igjen på det tidspunktet.)

Det einaste eg eigentleg har å klage på (når alt eg synest var ulogisk og rart har fått ei forklaring), er kanskje skildringene av kvinnene. Eg synest kvinnene her blir ganske så flate, og etter litt googling oppdaga eg at J.P. Delaney er ein mann (Tony Strong). Ofte, som her, blir kvinner skildra av menn litt lite truverdige og lite komplekse. Skildringer som «en dyr nyanse av blond» og kvinners førsteinntrykk av ein mann er at «han kunne jeg ligget med», det blir litt konstruert. (Sjølv om det siste eksempelet kom tilbake for å bite meg i ræva.) Det er ikkje eigentleg personer det er lett å like, og det gjorde meg hakket mindre engasjert i handlinga, spesielt i starten.

Boka fungerer ikkje akkurat noko litterær, feministisk litteratur, men det er knallgod underhaldning. (Og så blir eg sittande å tenke: ville det fungert om det var to unge menn som hadde budd i huset? Nei. Og berre den kjensgjerninga om samfunnet er jo noko å ta med seg vidare.)

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Passasjeren» av Lisa Lutz

Leseeksemplar

Det som er så fint med å lese bøker av forfattarar du aldri har høyrd om før, er at du ikkje har nokon forventingar til innhaldet. Eg les dessutan knapt baksidene, eg lar meg stort sett kjøpe på omslag og korte pitcher. For min del blir bøkene mykje meir spennande på den måten, og det fungerer jo fint når ein les alle slags sjangrar uansett. I alle fall, denne boka var som ei bombe!

Tanya Dubois kjem ut av dusjen og ser at ektemannen er død. Ho veit ho ikkje har drept han, men alternativa er enkle: å stikke av og virke skuldig, eller å ringe politiet og la dei snuse opp heile fortida hennar. For Tanya er valget ganske enkelt, og ho pakker ein koffert og reiser sin veg.

Vi følger Tanya (og alle dei andre aliasene) på reisa hennar, og møter mange underlege menneske og store problem undervegs. Det viser seg at å skifte identitet og prøve å leve eit vanleg liv utan politiet i hælane, ikkje er like lett som ein ofte ser på film. Tittelen er òg ganske så passande, for Tanya føler nok ofte under reisa si at ho ikkje har så mykje ho skulle ha sagt i fluktruta, at ho berre er along for the ride.

No skal eg jo ikkje øydeleggje dine forventingar, men dette er perfekt for alle Peter Swanson-fans. Mørk historie, elegant utforming og ei konstant nerve i språket. Det er ikkje store tvistar som er fokuset (som hos Clare Mackintosh), men ei konstant framdrift og ei bakgrunnshistorie som vert rulla opp, men som verkeleg slår deg i bakken til slutt. Historia gikk rett heim hos meg, og boka i si heilhet får toppkarakter.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2019