Sitat

«Ni vilt fremmede» av Liane Moriarty

Leseeksemplar

Dei fleste har vel fått med seg Liane Moriarty no, og eg har lest alle unntatt Huset på stranden. Ho skriv bøker som hovudsakleg er romanar, men har eit litt krimaktig plott. Ironisk nok er dette den minst krimaktige av alle, sjølv om omslaget seier noko anna. Så om du vil nyte boka maks, trur eg du bør glømme det thrilleraktige omslaget.

Hovudpersonen er nok Frances, sjølv om vi møter 11 andre personer (8 andre gjester og 3 ansette). Ho er ein romantikkforfattar i femtiårsalderen som for første gong er blitt refusert av forlaget sitt. I tillegg har ho funne ein eksepsjonelt ondskapsfull anmeldelse av ei tidlegare bok, og ho veit ikkje kor ho skal gå vidare. Skilt for andre gong og barnlaus, og lurt av ein mann på nettet; ikkje rart ho treng eit roleg opphald på eit velværehotell.

Frances (og åtte andre) er på veg til Villa Ro, eit spahotell. Dei skal alle delta på ei tidagers reise inn i eige kropp og sjel, og vere heilt forandra når oppholdet tar slutt. Alle har sine eigne grunner for å delta på opplegget, men ingen aner heilt kor alternativt opplegget skal vise seg å bli.

Språket er det same fengande som ho har i alle bøkene sine, men eg synest ikkje gnisten kjem heilt fram før i siste halvdel av boka. Noko som kanskje ikkje er så gale, når ein tenker på at boka er rundt 600 sider, for den kjennest aldri som om den er for lang. Handlinga er ganske artig! Det einaste som eigentleg irriterte meg litt, var Frances sine to ganske upassande voldtektsvitsar i starten av boka; det kunne eigentleg Moriarty spart seg for.

Alt i alt var det ei ganske så underhaldande bok, sjølv om det ikkje er den beste ho har skrive. Men når ein tenker på kor høg kvalitet det er på til dømes Store hvite løgner, er ikkje det eigentleg noko negativt.

Forlag: Panta
Utgivelsesår: 2019

Fleire bøker av Liane Moriarty finn du HER.

Sitat

«Veronika vil dø» av Paulo Coelho

Coelho sine bøker er stort sett slik at du anten elsker eller hater dei, og eg er ein av dei som elsker dei. Dei er jo ganske spesielle, og ikkje vanlege romanar med ei enkel historie rett fram. Her er det stort sett viktig å lese litt mellom linjene, og følge med på dialogen og tankane til personane framfor handlinga. Utroskap er kanskje ei av favorittbøkene mine.

Veronika er ei ganske så alminnelig, slovensk ung jente. Ho har ein ok jobb, kjærester og venner frå tid til annen, livet er stort sett ganske ok. Og her er problemet. Livet er så likefram og grått og Veronika ikkje føler at ho faktisk lever. Ho føler faktisk at livet er for stabilt. Så ein dag svelger ho mange smertestillande, klar for døden. (Problemet med ting som paracet og slikt, er at det ikkje tek livet av deg. Det skader derimot levra, hjartet og andre organ såpass at du vil døy av skadene etter kvart; ein ganske smertefull død. Så sånn sett «døyr» du to gonger.) Så Veronika vakner på eit asyl, for å leve ut sine siste dager der, saman med dei mentalt sjuke og dei som later som dei er det, for å leve avskjerma på staten si rekning. Og medan ho døyr, lærer Veronika mykje om å leve.

Boka er verkeleg ein tankevekker, og alle som har slitt med depresjon eller sjølvmordstanker bør lese den. Den gir så utruleg mykje! Coelho skriv så utruleg fint, og han skildrer både menneska og miljøet så utruleg godt. Han veit kva han snakker om; han har sjølv vore innlagt på institusjon nokre gonger då han var yngre, og ingen har enno fortalt han kva han gjorde der. Og Veronika er basert på ein ekte person, slik som asylet er basert på eit ekte asyl i Slovenia.

Ei bok verdt å lese, for alle som vil lære litt om livet.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2012 (1998)

Fleire bøker av Paulo Coelho finn du HER.

Sitat

«Midnattsrosen», «Den italienske jenta» og «Engletreet» av Lucinda Riley

I Midnattsrosen tek Lucinda Riley oss med til India, til svære gods i England og filmbransjen. Så langt som eg i skrivande stund er komen i forfatterskapet til Riley, er dette den beste boka hennar, by far. Historia er ganske truverdig, med mange overraskingar undervegs – faktiske overraskingar.

Rebecca Bradley, den kjende amerikanske filmstjerna, er for tida på eit ganske slitent og gamalt gods i England for å spele inn ein film. Det går ikkje lang tid før inderen Ari Malik dukker opp for å finne ut kva som hendte med grandonkelen hans. For omkring åtti år sidan var oldemora hans, Anahita, sterkt knytta til godset og eigaren av det. Ho fekk eit barn, men har alltid nekta å tru at barnet døydde. Etter Anahitas død, har Ari bestemt seg for å oppfylle hennar siste ynskje, at Ari skulle finne ut kva som skjedde med son hennar.

Boka er full av oppveksten til Anahita i India og seinare England, omveltingane samfunnet opplevde rundt fyrste verdskrig, kulturkræsj, rasisme, kontrastar, drama og forbudt kjærleik. Den er faktisk ikkje så verst, spesielt på lydbok.

I skrivande stund har eg lest 1-3 av De syv søstre, Midnattsrosen og Engletreet av Riley frå før. (Desse innlegga er slengt sammen etter utgivelsesdato.) Og eg har faktisk likt alle dei fem overraskande godt, men Den italienske jenta er det største klisset eg har vore borti. Herregud, det var ei skikkeleg smørje.

Rosanna er elleve år då ho møter Roberto Rossini for første gong. I dagboka si sver ho på at ho skal gifte seg med den snart-berømte operasangeren. Etter ei anbefaling frå Roberto, byrjar ho med sangtimar, og etter mange år med hardt arbeid ender ho opp i Milano, på La Scala. Og der er Roberto. Resten av boka er fylt av familiedrama, sorg, opprør, røyndommar og ikkje minst kjærleiksforviklingar. Og det er skikkeleg overdrevent, dramatisk, uoriginal og tja, lite truverdig. Dette er for ordens skyld ei bok Riley skreiv då ho var yngre, under pikenamnet sitt, Edmonds. Så konklusjonen er at ho har definitivt blitt ein betre skribent med åra.
Eg har faktisk høyrt denne på lydbok (for den krever null hjernekapasitet å følge med på), og innspillinga var skikkeleg dårleg. Det var noko med stemma til innlesaren som minte meg om ein åtte år gamal gut, og så var det ein slags talefeil som frustrerte meg grenselaust.

Engletreet har eg faktisk òg hørt på lydbok, heile tjue timar. Det er sånt som gjer meg nervøs, tanken på å skulle fokusere og hugse nesten eitt døgn med berre lyd. Men det gjekk overraskande greitt! Historia hadde så få karakterer og få store hendingar, at det gjekk ganske fint å følgje med likevel!

Dette er ei familiefortellings, som starter i «feil ende»: Greta Marchmont skal feire si første jul på familiegodset på mange år. Ho var i ei bilulykke for mange år sidan, og då ho vakna opp etter eit langt koma, hugsa ho ingenting av fortida si. Men denne jula, når ho er ute og spaserer og finn grava til sin treårige son, kjem enkelte minner tilbake, og David, vennen hennar som har passa på henne i alle desse åra, hjelper henne å fylle inn hulla.

Vi blir fortalt ei storarta historie om ein uvanleg familie, som likevel har sine ordinære problem, frå krigen slutter til åttitallet: kjærester som svikter, utenomekteskapelig graviditet, uuttalt kjærleik, pliktkjensle og skuffelse, psykiske problem og rampelyset.

Det er verkeleg ei god bok, og eg storkoste meg med den. Den er litt annleis enn dei andre bøkene hennar, synest eg. Går det an å seie at ei Lucinda Riley-bok minner meir om Kate Morton enn Lucinda Riley??

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: Midnattsrosen (2014), Den italienske jenta (2015), Engletreet (2015)

Fleire bøker av Lucinda Riley finn du HER.

Sitat

«Mischling» av Affinity Konar

Boka er sponsa av Font forlag

Du trudde kanskje at Den forbudte elven kom til å bli Font si sterkaste bok i haust? Det trudde eg òg, heilt til i går kveld. Eg las nesten heile denne boka i eitt jafs, men så blei det midnatt og leggetid. (Frustrasjonen!!) Dette er ei praktfull og sår overlevelseshistorie (som er fiktiv).

Først, litt backstory: Dei fleste veit jo kven Josef Mengele var, «dødsengelen», den berømte nazilegen med sin like berømte «zoo»? Vel, Mengele sin dyrehage var heilt reell, men den hadde ikkje så mange dyr (eller, nazistane såg jo på jøder som hundar, så…), men tvillingar. Og trillingar, viss han hadde flaks. Der utførte han psykiske og fysiske eksperiment, testar, operasjonar og alt han ville av vitskaplege greier. Dette er som sagt heilt reelt, og slik sett er det jo òg ein biografisk roman om Mengele.

Historia blir fortalt av eit sett tolvårige tvillingar, vekselsvis Pearl og Stasha. Dei er einegga og kliss like, og har den spesielle tvillingkontakten Mengele er interessert i å utforske. Og så er dei halvt jødiske, halvt «ariske», noko som gjer dei litt betre i hans auge. Dei kjem til leiren som tolvåringar. Sjølv om dei er heilt like, er dei ganske ulike som menneske. Stasha er offensiv og bestemmer seg for å finne ut så mykje som ho kan om Mengele for å lure han, medan Pearl vil leve eit normalt liv og skyr laboratoriet. Under ei tilstelning forsvinn Pearl, og Stasha vert knust. Og så skjer det utrulege: russerane kjem og Auschwitz er fri. Stasha og ein gut rømmer, og begge er opphengt i Mengele – han må døy. Helst vil dei drepe han sjølve.

Det er ganske fantastisk at ein så grusom roman kan vere så fint skrive. Det er heilt eksepsjonelt, faktisk. Konar klarer å få fram dei subtile skilnadane mellom tvillingane i deira respektive passasjer, i tillegg til at det tydeleg er ei historie som blir fortalt direkte til lesaren. Ho klarer å få fram både det barnlege og uskuldige synet på eksperimenta og livet i konsentasjonsleir, og det vaksne og opplyste blikket ein vaksen som ser tilbake på dette har. Vi må jo hugse at jødane og andre som sat i slike leirer, ofte ante like lite om kva som gjekk føre seg som alle andre, og at det meste har kome fram i lyset i ettertid.

Heilt grusomt sterk roman, altså. Underlig lettlest og vakker, smertefull og var. Den er cirka to veker gamal og har forsvunne litt i mengda i haust (og for ein bokhaust!), men denne tilrår eg deg verkeleg å kjøpe, låne, lese. Absolutt fantastisk.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Hvis helvete var av is» av Bernard Minier

Boka er eit førehandseksemplar frå Aschehoug forlag

Dette er ein verkeleg murstein av ein krimroman – og eit mesterstykke. Fransk krim, altså. Kva er greia? Kvifor funker det så utruleg bra? (Eg kunne vel faktisk skrive ein analyse om kvifor, men det trur eg at eg står over.) Det er uansett noko av det sjukaste eg har lest på lenge.

Det er så skummelt, det her. For det fyrste er handlinga lagt til foten av Pyreneene, på den franske sida. Det er fjellandskap i desember, kaldt, mørkt, ein småby med eit creepy gruvesystem frå tredvetalet. Som om ikkje det er eit ekkelt nok bakteppe i seg sjølv, er mykje av handlinga lagt til ein klinikk for dei største kriminelle psykopatane i Europa, samla på Wargnierklinikken opp i fjellsida – her er altså jævlig farlige psykisk sjuke menneske i ein skummel liten fjellby. Og betre blir det faen ikkje av å dra inn døde, flådde hestar, seksuelle overgrep og groteske mord. Hjælpes.

Historia startar med at ein flådd, opphengt hest vert funnen i toppen av gruvene. Kriminalførstebetjent Martin Servaz vert heller sur når han oppdager at han skal bruke tida si på å etterforsket drapet på ein hest. Men det er ikkje kva hest som helst, men hesten til forretningsmogulen Éric Lombard. Det heile synest ganske dumt for Servaz, heilt til ein farmasøyt i byen vert funnen, brutalt myrda. Og når DNA frå den farlegaste innsatte på Wargnierklinikken dukker opp på begge åstadene, veit ingen kva dei skal tru. For den berømte mordaren Julian Hirtmann kan vel ikkje ha kome seg ut frå cella si? Eller? Og om han hadde det, kvifor drepe ein hest og så reise tilbake til klinikken?

Eg skal ikkje avsløre så mykje meir av handlinga (og her er mykje, for det er cirka 630 tettpakka sider), men eg kan love at den er fantastisk bra. Kven kan finne på slikt? Plottet er så intelligent, riv ruskande gale, og spenningsoppbygginga perfekt. Boka blir berre betre og betre, og Minier vrir seg elegant gjennom heile historia. Eg vart berre meir og meir nysgjerrig, men klarte ikkje gjette korleis det her ville ende. Og så det med hesten, det er ganske bisart og grotesk. Fantastisk ekkelt.

I tillegg er boka ganske samfunnspolitisk av seg. Media vert kritisert, det psykiske helsevesenet i Frankrike får gjennomgå og samfunnet generelt. Det er definitivt ein fullpakka kriminalroman som vil suge deg inn. Eg slukte den på eit lite døgn, og elska kvart minutt av denne brutale og sinnsjuke (!) historia.

Den franske originalen er utgitt i 2011, noko som forklarer kvifor folk fortsatt bruker MSN og har klapptelefonar. (Det er jo lov å flire litt av akkurat det, synest eg.) Men ja, det slutter jo ikkje her! Dette er den fyrste boka i ein serie om Martin Servaz, og det er vel komne ut tre på engelsk, trur eg? Så her er mykje å sjå fram til!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Bernard Minier finn du HER.

Sitat

«Pust for meg» av Cecilie Enger

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Dette er ein av haustens sterkaste titlar. Folk kan kaste seksarar etter Helga Flatland, men når det kjem til psykologiske samtidsromanar, så er det Cecilie Enger som verkeleg imponerer. (Eg har lest Mors gaver òg, men den var berre sånn heilt grei.) Eg meiner det heilt seriøst, denne boka er fantastisk.

Sjølve handlinga kan oppsummerast ganske kort: Anestesilegen Carla Ruud på seksti år skal køyre heimatt til bygda ho vekste opp i og besøke mor si. Når ho nemner dette for ein kollega, spør han om niesa hans som skal den vegen, kan få sitte på? Carla seier at det er greitt, og hentar manusforfattaren Synne på tjueseks år. Turen blir ganske slitsom for Carla, for Synne maser og spør oger utruleg betrevitande og pompøs. Men så treff bilen ein issvull og skjener av vegen. Synne dør. Carla kan berre site makteslaus og sjå på.

Boka dreier rundt korleis Carla takler dette dødsfallet. Skuldkjensla ho både har og ikkje har, refleksjonane rundt om ho skal kontakte foreldra til Synne. Og ikkje minst smerten ho kjenner på, som er veldig ironisk med tanke på jobben hennar innan anestesien. Når Carla så finn dagboka til Synne i bagasjen hennar, klarer ho ikkje motstå freistinga det er å lese.

Det er så utruleg levande skildra, eg kunne sjå absolutt alt medan eg leste. Boka er dramatisk, fin, sår og sterk. For ikkje å snakke om kor reflektert og velresearcha den er! Dette er som sagt ein av dei sterkaste norske titlane i år, kanskje den sterkaste? Kjøp den til deg sjølv, kjøp den til alle du kjenner!

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av Cecilie Enger finn du HER.

Sitat

«Evening Primrose» av Kopano Matlwa

Eg har for tida ansvaret for engelsk skjønnlitteratur på jobb, og prøver alltid å finne noko nytt og spennande å putte i hyllene. Eg er ein sucker for flotte omslag (spesielt med blomster), så denne frista litt. Og for ei sterk bok det viste seg å vere!

Dette er ein kort og vond bok om ei ung jente som mister si kristne barnetru, får naiviteten sin utfordra og sitt syn på medmenneskelighet knust. Vi tenkjer kanskje litt for ofte på vårt eige land og korleis vi opplever store mengder innvandring frå kriseramma land, men vi er jo ikkje dei einaste. I Sør-Afrika slit mørke (er det politisk korrekt?) med å gjenoppta kulturen «vi kvite» øydela, asiatar (spesielt kinesarar) innvandrer og ikkje minst menneske frå andre afrikanske land, som er bittelitt mørkare i huda. Og folk er dessverre like trangsynte over heile kloden.

Hovudpersonen, sør-afrikanske Masacheba har drøymd om å bli lege heile livet. Yrket viser seg å vere heilt grusomt: elendige ressursar på eit offentleg sjukehus, rasistiske kolleger og pasienter, pasienter som døyr, eller er utakknemlege og berre suger alt livet ut av henne. Mot si religiøse og litt rasistiske mor si vilje, flytter ho saman med Nyasha, ein politisk kollega frå Zimbabwe. Frustrert over framandfrykta og framandhatet som florerer i landet, restane og konsekvensa av apartheid og ein fæl jobb, starter Masacheba ein underskriftskampanje. Ikkje alle av Masachebas landsmenn set pris på hennar ønske om å inkludere innvandrar, og bestemmer seg for å «korrigere» henne, på den verst tenkelige måten.

Historia er fortalt gjennom notatboka Masacheba bruker til å be til Gud, ein Gud ho får mindre og mindre tiltru til. Kva slags Gud ville la henne oppleve det ho gjorde? Eller lar verda vere slik den er for tida? Korleis kan ein påstå at han elskar alle menneske likt, at han kan tilgi alt? Må ho møte desse onde menneska i himmelen òg, held det ikkje å vite at dei er på same jord som henne?

Dette er som sagt ei sterk bok, med heftige tema, der spesielt framandfrykt (xenofobi) er dratt fram i rampelyset. Eg synest språket er veldig godt, og dagbokforma gjer at det vert personleg, autentisk og djupt rørande. (Boka burde jo faktisk vere truverdig, då forfattaren sjølv er ei ung kvinne, utdanna som lege.)

Forlag: Sceptre
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Sjarmen med tarmen» av Giulia Enders

Sjarmen med tarmen

Etter å ha lest Gleden med skjeden, måtte eg jo berre plukke fram eksemplaret mitt av Sjarmen med tarmen, som jo har vore ei stor inspirasjon for førstnevnte bok. Også denne boka er skriven av ein medisinstudent, og vil forklare temaet på ein lettlest og forståeleg måte for vanlege folk.

Det er forresten ikkje berre tarm Enders tek opp, men fordøyelse generelt. Og visste de at alle har slike horisontale forhøyninger langs innsida av kinna? Eg trudde eg berre hadde bitt meg litt for hardt og at vevet hadde grodd slik. Men dei linjene med kjøtt produserer visst spytt. The more you know. Men ja, boka tek frå seg alt til enkle forklaringer av korleis fordøyelsen fungerer, til bæsj og oppkast, og korleis enkelte tarmbakterier kan gjere deg deprimert eller fryktlaus eller få diaré. Kjempemoro.

Og ideen med boka – å skrive om tarmen på ein så sjarmerande måte som mogleg – er vel gjennomført, for den er veldig lett og grei å lese! Kanskje litt vel lange og detaljerte avsnitt og spesifikke bakteriar innimellom, men det går fint. Overlev det.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Gleden med skjeden» av Nina Brochmann & Ellen Støkken Dahl

Boka er sponsa  av Aschehoug forlag

Gleden med skjeden

Det er så vanvittig kult – og ikkje minst viktig – at denne boka eksisterer. Eg har eigentleg alltid vore interessert i det faglege rundt sex (kven av oss er vel ikkje det??), og eg opplevde i alle fall at seksualundervisninga vi fekk på barne- og ungdomsskulen var dårleg, på grensa til latterleg. Og eg kan ikkje ein gong hugse at vi hadde undervisning om det på vidaregåande. Trinnet mitt var nok ikkje det einaste som opplevde dette, eg trur det er ganske typisk for det norske samfunnet. Det er jo så vanvittig kleint og pinleg å snakke om sex, i alle fall om du er ein mann i førtiåra som skal undervise femtenåringar i temaet. Og det er jo forståeleg, det kan vere litt flautt, eg ser den. Men det er så utruleg viktig! Derfor ropar eg hurra for denne boka; det er jo mykje glede å finne i skjede!

Om du ikkje forstår innholdet ut i frå tittelen, er du kanskje litt ung til å lese denne boka. Du burde helst vite kva illustrasjonen på utsida skal forestille: underliv, fitte, mus, vagina, whatever. Boka – som er skriven av to legestudentar – tek for seg alt du treng å vite om underlivet. Anatomien, det reint medisinske, det seksuelle, mytar, prevensjon og problemer med underlivet. Igjen, alt du treng å vite. Treng eg eigentleg seie så mykje meir om innhaldet?

Vel, ja. Eg er jo ei «ung kvinne», og følgeleg har eg ei slik ei som er på omslaget, ei fitte, flaggermushole, dåse (kjært barn har mange namn). Noko anna ville vore rart. Og det er jo mykje man lurer på! Slik som det med at jomfruhinna er ei myte (for det er det), skulle eg ynskje eg hadde visst tidlegare. Då hadde eg kanskje ikkje gått i nokon år og lurt på kvifor eg ikkje blødde då eg mista jomfrudommen min. Hadde vore fint om seksualundervisninga på skulen hadde nemnt det i forbifarta, liksom. Her vert det snakka om mensen, seksualliv og eigentleg det meste folk har lurt på og spurt desse damene om (for dei har ein blogg, Underlivet). Språket er lettlest, ungdommeleg og friskt. Noko det burde vere, for boka er retta mot ungdommar (men bør lesast av alle). Du vil lære mykje! Eg føler meg i alle fall klar for ein eksamen i underlivet.

Og så er det utruleg kult at forfattarane legg til grunn ei vitskapleg forklaring for kvifor og korleis enkelte vert fødde som feil kjønn. Og det var uhyre interessant, og veldig greit å vite. Så det er jo eit lite slag i trynet til alle som seier at transkjønna «berre er mentalt sjuke menneske» (seriøst, fuck you).

Vart dette innlegget litt for personleg for deg? Då trur eg kanskje du faktisk treng å lese denne boka. Kropp er berre kropp.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Boka er illustrert av Hanne «Tegnehanne» Sigbjørnsen. Du finn fleire bøker av ho HER.

Sitat

«Gaven» av Ellen Vahr

Boka er sponsa av Aschehoug forlag

gaven

Bøker som vert nominert til bokhandlerprisen er stort sett verdt å få med seg, og spesielt interessant vert det jo når desse bøkene attpåtil er debutbøker. Det er vel det ein enkelt og greitt kan kalle ein brakdebut?

Gaven handler om Anne Brannfjell, Noregs mest kjende «kloke kone», og hennar historie; frå ein fattig oppvekst på ein husmannsplass i Vardal, til livet som ettertrakta klok kone i Christiania på 1800-talet. Og sjølv om det kanskje var noko vi visste frå før, var livet i fattige Noreg slettes ikkje lett, og reisa til Anne er beintøff. (For eit kvinnfolk!) Ho måtte motgang, båe frå enkeltmenneske, frå presteskapet, doktorer og den norske lov, i tillegg til å bli svikta av ein mann ho stolte på. Eg vil verkeleg ikkje avsløre for mykje av handlinga, men eg kan love at handling er det nok av!

Eg slit litt med å forstå nøyaktig korleis det var å vekse opp i så fattigslige kår, men denne boka skildra det godt. Det fine med nærleiken ein får i småkår, framandgjeringa og einsemda ein kunne oppleve i dåtidas byer. Kor avhengig ein eigentleg var av einannan og miljøet rundt seg, og kor raskt alt kan falle i frå kvarandre dersom noko ikkje går etter planen. Boka set eit lys på kor viktig det er å følgje sin eigen veg, uansett kor vanskeleg det kan verke der og då. Ein må våge å gjere det ein veit er rett, sjølv om det gjer vondt. Og det er kanskje idealistisk, men noko må ein tru på? Kvifor skal ein ellers gidde noko?

Boka kan samanliknast med Eplehagen av Marianne Storberg og typ «norske serier». Den er kjempefin,  rørande og ikkje minst velskriven. Og at den er basert på ekte mennesker (med unntak av to), med den historia, er nok til å gi meg gåsehud. Eit relevant spørsmål er jo om dette er årets julegavetips til mor, bestemor, tante, kone? Jepp!

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Bare én hemmelighet» av Simona Ahrnstedt

Boka er sponsa av Vigmostad & Bjørke

Bare én hemmelighet

Eg vil insistere på at du bør lese den fyrste boka, Bare én natt, før du tek til på denne. Dersom du ikkje gjer det, vil du gå glipp av vanvittig mykje kontekst og poeng, og enkelte menneske vil verke veldig todimensjonale. Så bare gjer det, okei? For i denne romanen fortsetter vi eigentleg berre på den same historia som starter i den fyrste, men frå eit anna synspunkt.

For no følgjer vi Alexander De la Grip og Isobel Sørensen. Isobel er lege, er med i Leger uten grenser og i sin eigen bistandsorganisasjon i Tsjad, Medpax. Isobel oppdager at ein stor stiftelse har slutta å donere til organisasjonen, og vert ikkje overraska når ho finn ut at det er stiftelsen til Alexander; ho fornærma han ganske grovt og skjelte han ut då han la an på henne for eit halvt år tid sidan. Ho blir ganske så sint, og då ho skjeller ut Alexander for å kutte støtta, bestemmer han seg for at ho er ganske pen, og at han godt kunne tenkt seg å ligge med henne. Og Isobel hater seg sjølv for å ha dei same kjenslene for han. Og dramaet er i gong.

Det er ikkje like mange thrillerelement i denne boka som i Bare én natt, men den er likevel mykje meir aktuell. Den tek for seg krig, terror, flyktningar, psykologi og seksualitet (ikkje berre sex). Dramatiske avsløringar er det eigentleg ikkje så mange av, men det er likevel eit lite dykk i kva vi menneske oppfattar som unormalt og skamfullt. Lettlest, medrivande og romantisk!

Forlag: Vigmostad & Bjørke
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Simona Ahrnstedt finn du HER.