Sitat

«Tre kvinner» av Mari Ann Augestad

Leseeksemplar

Tre kvinner er ei sterk, truverdig og gripande historie om ein oppvekst forma av to veldig ulike kvinner, og ei skildring av ein livslang kjærleik.

Maria sin oppvekst var prega av kvinner. Menna i livet hennar var stort sett svake, usynlege, eller ikkje til stades. Mora var der, og mormora var der absolutt. Mormora: gamaldags, dømmande, uavhengig og kristen. Mora: kunstnerisk, lett til sinns, roleg og optimistisk. Og Maria: fanga i midten, usikker på om ho har takla vaksenlivet rett, då ho gjekk glipp av så mykje som ung. No mimrer ho tilbake, kanskje i frykt for å bli like dement som mora og mormora vart på det siste? Ho er absolutt ikkje interessert i framtida si, for henne er den ikkje viktig – i alle fall ikkje like viktig som historia og røttene hennar, som gjorde henne til den kvinna ho er i dag.

Boka er velskriven, lettlest med korte kapittel og veldig gripande. Eg trur det er fleire enn meg som kan kjenne igjen familiemedlem i skildringane, kanskje spesielt skildringane av farmora og dei mest distanserte forholda (som til broren og hans familie). Det treff ei nerve, i alle fall hos meg.

Dette er den første boka eg les frå flunkande nye Gloria forlag, og eg skal straks kaste meg over nummer to. Det er forresten veldig spennande (og lovande) at Gloria starter med å utgi nye stemmer, og ikkje karre seg til topps med kjendisforfattarar her og der. Det fungerer jo! Kvalitet er det som fungerer i lengda, og det er absolutt kvalitet vi snakker om her. Om du ikkje har lest boka enno, gled deg!

Forlag: Gloria
Utgivelsesår: 2018

Sitat

«Det store sviket» av B.A. Paris

Boka er sponsa av Gyldendal Norsk Forlag

Endelig, endelig er den nye thrilleren til B.A. Paris komen! Heilt sidan Bak lukkede dører kom, er det vel fleire enn meg som har lengta etter meir frå forfattaren? Og no er det endeleg kome ei ny bok, og så rett i pocket, da! (Så utrulig greit!)

Hovudpersonen i denne boka er Cass. Alt forandrar seg for Cass den natta ho ikkje stopper og hjelper ei kvinne som står parkert langs veien under stormen. Ho får snart vite at kvinna i bilen var Jane Walters, ei ny venninne, og at ho vart drept den natta. Cass blir heilt i frå seg, men skuldkjensla hindrar henne frå å fortelje korkje ektemannen, bestevenninna eller politiet om det ho såg. I tillegg hjelper det ikkje at hukommelsen hennar sviktar til alle tider; ho gløymer å kjøpe gåver, hugser ikkje at ho har invitert folk på besøk, nekter for at ho har fylt ut og signert ei kontrakt, osv. Og når ho opp på der igjen føler at det er nokon som luskar rundt huset og held auge med henne, då blir ho panisk. (På engelsk heiter boka The Breakdown, noko som er mykje meir passande. Den norske tittelen gir vekk for mykje.)

Boka fenga meg eigentleg ganske raskt, men når eg hadde lest ca 100 sider, då tok det heilt av. Eg knuga boka til meg og las til langt på natt, for eg måtte berre lese den ut. Herregud, så godt skrive! Akkurat som i debutboka klarer ho å halde på spenninga til siste side, sjølv om vi også i denne thrilleren får ei «løysing» til slutt. Eg må innrømme at eg verkeleg har sansen for skrivestilen til forfattaren.

Denne psykologiske krimmen er rett og slett ulidelig spennande! Så om du likte Bak lukkede dører er det berre å køyre på (og om du mot formodning ikkje gjorde det, burde du gi denne ein sjanse, det er eit ganske anna plott).

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Fleire bøker av B.A. Paris finn du HER.

Sitat

«Min fars fem bad og andre fortellinger» av Per Schreiner

Min fars fem bad

Denne boka med mange fortellinger er skriven av Per Schreiner, ein av manusforfattarane bak Kampen for tilværelsen (den sjukt morosame TV-serien om livet i Ullevål Hageby). Og eg kan eigentleg seie med ein gong at dersom du likte den serien (den er jo dessverre ikkje tilgjengeleg lenger), så vil du òg like denne boka. Den er like full av mørk humor, ei perfekt blanding sannsynlege og usannsynlege hendingar og viser fram dei små, fæle delane vi har inne i oss.

Som for eksempel å la formannen i burettslaget døy fastklemt under bilen sin. Å ikkje ville bli som far sin, som fyller tomromma i livet sitt med å byggje nye bad (derav tittelen på boka). Korleis det er å døy. Og er det innafor å lyge til foreldra sine om å ha fått barn? Korleis overleve ei helg med konas motbydelige familie?

Boka er fylt med temaa og brokkane nevnt ovanfor, pluss mykje meir. Eg trur eg kan garantere at du vil le, på ein litt sånn klein og vantru måte. Men du vil like det òg. Dét trur eg i alle fall at eg kan garantere.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2015

Sitat

«Biter av lykke» av Anne Ch. Østby

Boka er sponsa av Font Forlag

Biter av lykke

Eg har no lest den nye boka til Anne Ch. Østby som etter ein månad har tatt heilt av internasjonalt med rettigheter solgt i øst og vest (bokstavelig talt). Og det er ikkje så rart, for dette var ei ganske kort, lettlest feelgood bok som innfrir løfta sine; ho er akkurat det skrildringa på omslaget seier at ho er: ein roman om kjærleik, håp og sjokolade. Ikkje berre romantisk kjærleik, men meir ein vennskapeleg kjærleik og ikkje minst ein kjærleik til livet.

Kat er 66 år og enke. Ho sit no som eigar av ein kakaoplantasje, og kjenner litt på einsemda. I staden for å invitere klassevenninnene på besøk, inviterer ho dei derimot til å flytte ned til seg på Fiji (Kat er altså typen som ikkje gjer ting halvvegs). I boka blir vi kjende med Ingrid (med ein indre tvilling, Vildrid), Maya (som har demens), Lisbeth (som berre reiste i frå ektemannen) og Sina (desperat etter å kome seg unna den middelaldrande og hjelpelause sonen). Og Atheca, den fijianske kvinna som jobbar for Kat og tek med seg desse kvinnene sine i kveldsbønene sine.

Dette er ei bok om kor vanskeleg ulike typar kjærleik kan vere; kor vanskeleg det kan vere å ta opp att eit førti år gamal vennskap; kjærleiken som forsvinn i eit ekteskap (om den nokon sinne var der); kjærleiken til samfunnet rundt seg og trua på noko felles. Det handlar om å ikkje slutte å leve berre fordi ein er komen i ein «moden alder», men utfordre livet og prøve noko nytt. Som å oppsøke ein kjekk mann midt på natta og bli med han inn på soverommet, som å dytte den vaksne ungen ut av redet, eller for eksempel å starte ein sjokoladefabrikk.

Dette er ei bok full av varme, vennskap, tilgjeving og nye opplevingar. Vi møter ein annleis kultur på godt og vondt, og lærer mykje. Og ja, ein tur til Fiji hadde jo ikkje vore å fornekte etter å ha lest denne fargerike boka! (Kunne gjerne tenkt meg å smake fisk kokt i kokosmelk med løk og chili.) Det er definitivt ein grunn til at denne boka er kjempepopulær akkurat no, så du treng ikkje vere redd for å kaste deg ut i det og kjøpe den! (Om du vil ha noko å samanlikne med, så minner den litt om Dora Heldt si bok Champagne og hetetokter kryssa med noko av Karin Brunk Holmqvist.)

Forlag: Via
Utgivelsesår: 2016

Sitat

«Tilgi meg» av Lori Nelson Spielman

Boka er sponsa av Cappelen Damm

Tilgi meg

Å, for ei flott bok! Etter å ha lest Spielman si debutbok, En liste for livet, var det nesten skummelt å starte på denne. Tenk om den var elendig i forhold? Men til alle som har lest debuten, vil eg berre seie med ein gong at denne er like god!

Hannah Farr er på ein nedtur. Talkshowet hennar har dårlege sjåartal, kjærasten nektar å forlove seg med henne (og han har ei skikkeleg sur dotter), faren er død og ho har ikkje snakka med mora si på tjue år. I tillegg prøver ein kollega å stele showet hennar (bokstaveleg talt!). Hannah er mildt sagt sur, og i tillegg skal ho plutseleg måtte tilgi mora for å ha valgt elskeren over dottera, berre på grunn av nokre teite «tilgivelsessteiner» som mobbaren hennar frå barneskulen har sendt henne? Det kjem ikkje på tale, heilt til ho plutseleg ikkje har noko val. Og då oppdager Hannah at det kanskje er ho, og ikkje mora, som burde be om tilgjeving.

Dette er ei heilt anna historie enn den fyrste boka, men også denne handler mykje om å ta eit grep i livet sitt; å bli kvitt det som er vanskeleg, vere seg sjølv, gjere det ein ynskjer, og ikkje minst gjere opp for seg. Ei varm og sjarmerande bok, med ei historie som vil sitje att ei stund!

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Lori Nelson Spielman finn du HER.

Sitat

«Mors gaver» av Cecilie Enger

Mors gaver

Denne boka vant Bokhandlerprisen i 2013, og dei bøkene pleier jo å vere ganske gode. Og med så mykje skryt som denne har på omslaget og inn i omslaget, burde den jo vere fantastisk? Og tjaaaaa. Den er jo fin! Veldig, veldig fin. Det kjennest jo nesten litt for privat og intimt å lese så mykje om andre menneske sine liv (det er jo ein sjølvbiografisk roman), men Enger gjer det eigentleg lettare å lese enn det kanskje burde vore.

Boka handler om mora til Cecilie Enger, som no lid av Alzheimer og bur på sjukeheim. Når ho og søskena tømmer barndomsheimen før den skal selgast, finn Cecilie moras lister. Lister over alle julegaver gitt og fått i rundt 40 år. Med utgangspunkt i desse listene fortel Cecilie om moras sjukdom, det som vert huska eller gløymd, minner frå barndommen og ungdomstida si, og korleis ho og familien opplever Alzheimeren.

Det er som sagt ei veldig fin bok, med mange interessante tankar og refleksjonar. Den var litt kjedeleg dei fyrste 50 sidene, når alle menneska vert presentert (og må plasserast mentalt), men når vi er komne litt inn i boka vert den god. Det er fint, trist og ei interessant bok. Litt overvurdert, men ikkje mykje.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av Cecilie Enger finn du HER.

Sitat

«For alltid i ditt hjerte» av Viola Shipman

Boka er sponsa av Cappelen Damm

For alltid i ditt hjerte

For ei utrulig fin bok! Om du leitar etter ei feelgoodbok som ikkje er ei tåredryppande kjærleikshistorie, er dette verkeleg boka for deg. Den handlar om familie, tap, å vere sterk og ikkje minst å leve livet til det ytterste. Den er behageleg skrive med mykje varme, og med akkurat rett mengde klisjear.

Denne historia om Lolly, dottera Arden og barnebarnet Lauren vert fortalt gjennom kvar av dei ulike charmane (dei små tilhenga på smykker) Lolly har på armbandet sitt. Kvar charm fortel ein viktig del av historia til Lolly, mora hennar og bestemora hennar, historier korkje Arden eller Lauren visste om. Arden og Lauren må gå djupt i seg sjølve i løpet av boka, for å finne ut korleis dei vil leve, for hittil har ingen av dei vore særleg lukkelege.

Viola Shipman er eit pseudonym, for memoristen Wade Rouse. Ein mann. What? Ikkje for å vere sexist, men har ein mann verkeleg skrive ei så fin «damebok» som går så djupt inn i tre kvinner? Eg kjenner meg like sjokkert som då eg fann ut at Blomstene i Shanghai var skriven av ein mann. Bare, wow. Då lurer eg berre på kvifor menn ikkje kan steppe up og lese slike bøker sjølv? (Eller innrømme at dei les dei i smug.)

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016