Sitat

«Mudderhund» av Inge Schilperoord

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

Dette var ei bok eg sikkert ikkje ville lest, om det ikkje var for at ein kollega fortalte meg om den. Det er Sidespor-serien til Aschehoug, så du veit jo at du får noko spesielt og lite kommersielt. Og eg kan starte med å seie at eg trur mange vil bli støtt av boka, men at det òg er ei bok så mange som mogleg bør lese. Men ver forberedt på at det tidvis er ganske tøff lesnad.

Jonatan er nettopp sluppen ut av fengsel, på grunn av manglande bevis i saka mot han. Saka han vart tiltalt for var altså pedofili. Han har gått mykje i terapi og er ganske trygg på seg sjølv. Han har strenge rutiner og arbeider mykje for å halde tiltrekkinga si mot barn i sjakk. Han reiser til mora som skal flytte ut av ei blokk klar for riving, berre for å oppdage at ei dame har flytta inn i naboleiligheita, med den vesle dottera si, Elke. Jonatan prøver så hardt å avvise henne, men ho er så einsam. Alt går fint så lenge dei berre kan passe fisken han prøver å friskne til, men det vert vanskelegare og vanskelegare. Og så døyr fisken.

Dette er ei bok ein bør prøve seg på. Den tek opp att ein ganske viktig debatt som var i vår, om pedofili. Mange misforstår både uttrykket, legninga og definisjonen av ordet. Vi må kunne skille mellom pedofile – folk som mot sin vilje har ei legning – og overgrepsmenn (og -kvinner). Det handler om å kontrollere impulsane ein får, begjæret og reaksjonane sine. Veldig mange pedofili skammar seg og arbeider utruleg hardt for å fungere som eit normalt medlem av samfunnet. Schilperoord er kriminalpsykolog, og klarer å skildre denne indre kampen skarpt og sårt, og ikkje minst truverdig. I dette tilfellet er jo Jonatan ein som prøver, og ikkje får det til. Refleksjonane han gjer seg i boka er noko å ta med seg vidare.

Eg vil avslutte med at det er ei ganske velskriven bok. Eg gir den absolutt toppkarakter. Den starter så roleg, vakker, vag og sår, og dess lenger ut i boka vi kjem, dess meir brutal, rå, ekkel og mørk blir den. Og eksplisitt. Det kan vere direkte motbydelig å lese til tider, men det er eit tema vi må tørre å snakke meir om! Schilperoord er ikkje redd for å ta opp eit tema dei fleste ser på som tabu, og som definitivt vil få enkelte lesarar til å rase. Du er advart.

Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2017

Sitat

«Bonita Avenue» av Peter Buwalda

Boka er sponsa av Font forlag

Bonita avenue

Eg har ikkje ytt denne boka rettferd, det kan eg seie med ein gong. Å lese denne midt i eksamenslesinga er noko av det teitaste eg har gjort, for eg har berre fått lest eit kapittel eller to om dagen, og det er rett og slett ikkje nok. Denne boka fortener at du dykker djupt inn i den og sluker sju-åtte-ni kapittel dagleg. For den er knallgod.

Eg har heller ikkje lyst å fortelje kva den handler om, for då vil eg øydeleggje omtrent alle overraskingar for dykk. Men eg kan jo sei at den startar med at Aaron Bever tar eit tog, og på dette toget møter han på den tidlegare svigermor si, som han ikkje har sett på mange år. Faktisk ikkje sidan han fekk eit psykisk samanbrot og omtrent øydela livet sitt. Han får vite at svigerfaren er død. Denne hendinga og opplysninga sender han tilbake i tid, og han kontaktar ekskjærasten sin Joni. Joni har flytta til USA og gjer stor suksess der, og har ingen ynskjer om å møte Aaron igjen. Litt etter litt vert forholdet deira rulla opp, Aarons psykiske helse, historia om Jonis far Siem, og korleis alt gjekk til helvetet. Nøkkelordet her er familiehemmelegheitar som avslørast.

Boka er nesten ufrivilleg morosam, med så mange tragiske (for karakterane) og komiske (for oss lesarar) scener, ting som nesten er for absurde til å vere oppdikta. Eg synest ikkje stikkorda mine for denne omtala er spesielt dekkande, for dei gjev nesten eit slags inntrykk av at det er Fifty Shades det er snakk om, men boka minner eigentleg meir om … tja, Et lite liv, kanskje? Ikkje like storslått, men skrivestilen er litt den same. Det er eigentleg ganske vanskeleg å samanlikne denne boka med noko anna. Den er noko for seg sjølv.

Forlag: Font
Utgivelsesår: 2016 (2010)

Sitat

«Spionen» av Paulo Coelho

Boka er sponsa av Bazar forlag

Spionen

Spionen er ein ganske annleis roman enn dei andre Coelho har skrive, men den typiske poetiske skrivemåten og dei djupe refleksjonane manglar ikkje i denne boka heller. Romanen er skriven i brevform, med unntak av prolog og epilog. Det meste er «skrive» av Mata Hari, eller Margaretha Zelles. Eg hadde jo høyrt namnet Mata Hari før eg starta på boka, men eg ante jo eigentleg ikkje kven ho faktisk var (eller at det var ei ho i det heile tatt). Ho vert rekna som ein av verdas fyrste feministar, og vart tilsynelatande uskuldig henretta for å beskytte mange mektige menn ho hadde kjennskap til.

Mata Hari var altså ei nederlandsk kvinne som, etter å ha rømt frå eit grusomt ekteskap med ein militær i Indonesia, reiste til Paris for å leve eit fritt liv. Ho gjenskapte stripteasen frå noko tarveleg til noko sensuelt og kunstnerisk, og levde som eit sosialt midtpunkt. Strengt tatt var ho prostituert, og levde eit ganske utsvevande liv. Ein kan kanskje samanlikne ho med dagens Kim Kardashian, som til trass for manglande talent har ei evne til å begeistre menn og kvinner, og halde seg i rampelyset?

Uansett, fyrste verdskrig kjem snikande samstundes som Mata Hari aldres og utsjånaden hennar falmar, og ho vert lokka til å reise til Berlin for å opptre der. Etter mykje att og fram vert ho bedt om å fungere som spion for tyskerane, og går rett til franskmenna for å melde seg som dobbeltspion. Til trass for å aldri ha rapportert noko som helst, kun brukt tyskerane som ein minibank, vert ho dømd for spionasje på eit latterleg tynt bevisgrunnlag (eigentleg ikkje-eksisterande). Ho vert deretter henretta ved gevær- og pistolskudd, og begravd i ei anonym massegrav.

Dette er ikkje meint til å fungere som ein slags utdjupande biografi om Mata Hari, og er berre kort oppsummert (med bittelitt kunstnerisk fridom). Det er ei ganske kort bok, på knappe 180 sider med brei marg og stor skrift, så den er raskt utlest. Det er ikkje ein direkte spenningsroman (vi veit jo allereie frå starten at ho døyr), men hennar syn på verda og sitt liv (med litt hjelp frå Coelho) er uhyre interessant lesning. Og om du har lest og likt dei andre bøkene hans, er det ingen grunn til å stoppe her.

Forlag: Bazar
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Paulo Coelho finn du HER.

Sitat

«Stillitsen» av Donna Tartt

Stillitsen

Dette er ei bok om sorg, familie, kunst, å tilgi (eller ikkje), å ikkje passe inn, å ta feil val, ekstensiell angst. Og den gjekk rett inn på mi topp fem (minst) liste over fantastiske bøker.

Når Theo er 12, forlét faren han og mora. Når Theo er 13, døyr mora i eit terrorangrep på museet dei besøker. Theo klarer å kome seg ut av bygninga, og med seg får han Stillitsen, eit kunstverk av Carel Fabritius fra 1654. Dette kunstverket blir starten på mykje glede og smerte for Theo. Han har ein ustabil oppvekst, med ein familie i New York, sin eigen alkoholiserte far og stemor, aleine, hos antikvitetshandlaren Hobie. Og Theo gjer mykje dumt. Han slit med skuldkjensle, med angst for folkemengder, dop, og you name it. Men han oppdager raskt at fortida har ein måte å ta deg att på.

For ein gongs skuld er det legitimt å seie «Skal du berre lese éi bok i år…», og ikkje berre fordi den er så tjukk at ein som ikkje les så mykje gjerne vil bruke et år, men fordi den er så himla fantastisk. Det er ein fantastisk roman, som er så velskriven at du ikkje vil leggje han i frå deg, til tross for mangel på typiske spenningsmoment og lokkeduer ein gjerne får i (mykje kortare) romanar for å lese vidare. Det trengst rett og slett ikkje her.

Forlag: Tiden
Utgivelsesår: 2014

Sitat

«The Fault In Our Stars» av John Green

tfios1

Tårer, tårer og atter tårer. Det er ordet som skildrer boka alle har lest. Eller i alle fall sett filmen. Men uansett, boka er sjølvsagt betre.

Hazel Grace er 17 år, og har uhelbredelig kreft. Livet er ganske enformig og kjedeleg, heilt til ho møter Augustus. Gus er 18, og er i remisjon. Han mista beinet, men er frisk. Dei vert gode vener, og Hazel møter ei ny verd. Gus legg ikkje skjul på at han er forelska i henne, men Hazel er alt for redd til å gjengjelde kjenslene. Ho skal jo trass alt døy, og det kan skje når som helst. Enkelte ting er uunngåelege.

Det er ei veldig annleis bok. Karakterane – som er tenåringar – er veldig modne menneske. Dei diskuterer vaksne emner, men opplever og dei vonde kjenslene som følgjer med ungdomslivet. Den er varm, og den som ikkje græt av boka, burde skamme seg.

Forlag: Penguin
Utgivelsesår: 2013

Fleire bøker av John Green finn du HER.