Boka er sponsa av Cappelen Damm
FOR ei bok! Å herregud, eg veit ikkje kor eg skal gjere av meg!! Denne boka har holdt meg i åndenød sidan det første avsnittet, og vil definitivt vere hos meg lenge. Sjølv om vi er helt i byrjinga av året, vil eg likevel seie at dette vert en av årets beste bøker. For wow, kva kan slå denne?? Eg sluttar meg til absolutt all ros på omslaget.
Boka handlar om Sage (ja, som i salvie). Sage sine foreldre er daude, og ho har ikkje kontakt med systrene sine. Ho har eit svært arr i ansiktet, og dette gjer henne folkesky. Men så vert ho venn med Josef på 95. Sage er glad for å ha ein ven, helt til han fortel henne at han var nazist under andre verdskrig, og vil at Sage skal tilgi han (ho er jødisk) og hjelpe han å dø. Sage, som har ei bestemor som overlevde i Auschwitz, vert rasande og anmelder han til Justisdepartementet.
Historia vekslar mellom Sage, Leo (en føderal agent som «jakter» på nazistar), Josefs historier om kva han gjorde under krigen, og bestemora til Sage som fortel om sine opplevingar under krigen. Eg sluttar meg til Sunday Express: det er passasjer som får deg til å hive etter pusten. Om du ikkje les denne boka, går du glipp av noko STORT.
Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2014
Fleire bøker av Jodi Picoult finn du HER.