Dette er den andre boka om den australske forskeren Don, og kjærasten (no kona) Rosie. Dei har flytta til New York, og vore gift i eitt år. Dons venn Gene annonserer at ekteskapet hans er slutt, og Don inviterer han til New York for å bu med Rosie og han ei stund. Men størst av alt; Rosie er gravid. Og born er ikkje noko Don har erfaring med, og havner i klammeri med politiet når han driv researchen sin.
Som nevnt i omtalen av The Rosie Project er Don ein karakter typ Sheldon Cooper fra Big Bang Theory, han slit litt sosialt. Sarkasme går han over hovudet, alt skal helst planleggast og enkelte normer er ikkje heilt naturlege for han. Til tross for dette har han seks venner, og Rosie, sjølvsagt. Rosie er intelligent, feminist, pesceterianer (vegetarianer som og et fisk) og litt av ei personlegheit. Og ho tviler, som alle andre, på om Don kan takle å vere ein far.
Boka er varm, den er ei laugh-out-loud-bok, og den er intelligent. Det er ei skikkeleg feelgood bok som kjem til å få deg til å smile i timevis.
Forlag: Penguin Books
Utgivelsesår: 2014
Boka er enno ikkje tilgjengeleg på norsk.
Fleire bøker av Graeme Simsion finn du HER.