Denne boka er Morosam. Legg merke til den store M-en. Det fortener denne boka. Janet Evanovich er kanskje ikkje så godt kjend i Noreg, men på engelsk er denne serien allereie på bok nummer 22 (!). Og om berre Bastion ville publisert heile serien (men da må folk berre hamstre denne boka og gjere den megapopulær!!!!). Vær så snill.
Boka handler om Stephanie Plum: arbeidslaus, blakk, og med konfiskert bil. Stephanie er desperat, og med litt utpressing tvinger ho fetteren Vinnie til å ansette henne – som dusørjeger. Stephanie er absolutt ikkje vand med å fange hardbarka kriminelle, spesielt ikkje som prøver å gjere livet hennar eit helvete. Og når mannen ho skal fange, er den utskeia ungdomskjærasten sin, blir det fullstendig kaos. Eller, en herlig røre.
Den er ustyrteleg morosam, og underhaldande som få! Den går raskt unna, og eg vil ha MEIR. Så om det ikkje kjem fleire på norsk, må eg nok gå til innkjøp av alle dei 22 bøkene på engelsk. Den passer forresten også fint for ungdom.
Forlag: Bastion
Utgivelsesår: 2014