Forhåndseksemplar fra Cappelen Damm
Dette er ei underfundig, fin og verkeleg spesiell bok. Den tok si tid å lese ut, og historia snirkla seg rundt sving etter sving – og overraskingane ville ingen ende ta. Når du trudde du hadde forstått alt saman, dukka noko heilt uventa opp og forandra alt. Og så skjedde det igjen.
Boka følger Mathilda, som i rundt eitt år har arbeidd på Instituttet for de siste ønsker. Ho og Ingeborg arbeider døgnet rundt med å oppfylle døyande menneskes siste ynskjer. Folk kjem med alle slags ynskjer, som å få feire jul (sjølv om det er sommar) eller reise i luftballong. Nokon vil høyre ein avdøydd songer synge live éin gong til, og alt går an med litt triksing. Men Mathilda sitt liv blir snudd opp ned når Birger Raavenstein dukker opp og vil finne kjærasten som stakk av for femten år sidan med deira ufødte barn. Det blir ei altoppslukande jakt for Mathilda, som ikkje ender slik ho (eller vi som lesarar) kunne trudd. Ganske raskt får Mathilda ei kjensle av at noko ikkje stemmer, og at noko stemmer alt for godt, og ho klarer ikkje sleppe taket.
Ein kan verkeleg føle humøret sitt stige og synke i takt med Mathildas. Eg fann meg sjølv både smilande og med ei bekymra rynke mellom bryna. Det kjennes litt som om Jojo Moyes og Gert Nygårdshaug har fått eit kjærleiksbarn. Og det fungerer eigentleg ganske godt.
Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016
One thought on “«Instituttet for de siste ønsker» av Antonia Michaelis”
Kommentarfeltet er stengt.