Boka er sponsa av Cappelen Damm
På omslaget er boka kalla båe fortellerkunst på sitt beste, meiningsfull og vakkert skrive, og eg kan ikkje gjere noko anna enn å slutte meg til rosen. For wow, for ei bok; ei bok om familieband, opprinnelse, vennskap, tilgjeving, sorg og lengsel. Ei bok som ikkje lett vil bli gløymt.
Boka vekslar mellom fire synspunkt og på sett og vis eigne historier. Nell, Amy, Lillian (grandtanta til Amy) og Glenn (sonen til Lillian). Amy og Nell møtast i Marokko, på eit matkurs. Nell er der fordi ho fekk kurset i bursdagsgåve av ektemannen etter at mora hennar døydde brått, og etterlot Nell knust. Amy er der for å fotografere, og for å leite etter Glenn, som ingen har sett sidan 1969. Det einaste Lillian har etter han er eit postkort han sendte frå Essouira, utanfor Marrakech. I Marokko vert Nell og Amy venner, og saman oppdager dei kor viktig familie er – men òg kor naudsynt ei eiga styrke er.
Og så vil eg eigentleg ikkje avsløre meir av handlinga, for den er så god!! Måten alle historiene, hemmelegheitane og menneska møtast og går i hop på. For sjølv om eg kanskje såg éi av løysingane kome, kunne eg aldri ha gjetta meg fram til delane og detaljane i historia. Og favorittdelane mine av boka var faktisk Glenn sine skildringar av reisene sine og livet i Marokko. Dette er rett og slett ei rørande, herlig og god bok, så sett den på leselista di med éin gong!
Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016
Fleire bøker av Rosanna Ley finn du HER.
2 thoughts on “«Safranhuset» av Rosanna Ley”
Kommentarfeltet er stengt.