Dette er altså debutboka til Eve Chase, og kom på norsk i år. Og etter utruleg mange anbefalingar om boka, kjøpte eg den – innbunden og til fullpris, ei sjeldan oppleving. Og eg angra eigentleg litt, men mest fordi gullfargen på omslaget smittar og øydela lommeboka mi.
På slutten av sekstitalet, på Black Rabbit Hall, skjedde fleire tragiske ulukker som endra Ambers liv for alltid – både på godt og vondt. Over tredve år seinare kjem Lorna og forloveden til godset for å sjekke om det er brukandes til bryllupsloka. Jon er skeptisk, men Lorna forelskar seg i huset og lar seg lokke til å kome att og bu der ei helg. Og det blir ei helg som kjem til å forandre livet hennar.
Omtalene om boka seier at det er veldig likt Daphne DeMaurier, og det er eg heilt einig i: ein knakandes god slutt, men det skjer ikkje noko i dei første 75% av boka. Så godt som ingenting. Og slutten er litt forutsigbar, litt ikkje. Men den var likevel fin å lese, mest på grunn av det friske og gode språket. Midt på treet, altså.
Forlag: Gyldendal norsk forlag
Utgivelsesår: 2016