Sitat

«Det synger i gresset» av Doris Lessing

Det synger i gresset

For ein roman! Lessing tvingar deg til å tenke for kvar setning du les, og dreg deg inn i eit heilt spesiell univers og inn i ein heilt annan type protagonist enn ein er vant til å lese om.

Vi befinn oss i Sør-Rhodesia (Zimbabwe) på midten av 1950-talet, og rasismen og apartheidismen er stor. Dei svarte er som dyr å rekne, dei kvite er rike, men her veks det fram ein ny type kvit: fattig kvit. Eller white trash, som vi ville sagt. Her møter vi byjenta Mary, som motvillig har gifta seg med farmaren Dick. Mary hatar livet på gården, og byrjar å hate Dick. Betre blir det ikkje når ho blir tvunga til å ansette ein svart mann ho ein gong piska i ansiktet. Mary startar etter kvart å bli alvorleg psykisk sjuk, og Dick fysisk sjuk. Det er rett og slett eit heilt jævleg liv dei har, fylt med hat, rasisme, sjukdom og einsemd.

Det er så utruleg spesielt og unikt å lese ei bok med dette perspektivet, og alle som er interessert i Afrika, menneskehistorie eller som likar Sylvia Plath, bør lese denne boka. Ein kort og som sagt, unik, roman.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2014 (1951)