Sitat

«Calendar Girl: Forført» av Audrey Carlan

Boka er eit førehandseksemplar frå Cappelen Damm

Forført

Eg er heilt ærleg overraska over kor godt eg likte denne boka. Veldig mange bokbloggerar og kritikarar har jo slakta den og skildra den som møl og porno (ja, for porno er så mykje meir «akseptabelt» visuelt enn litterært??). Men hallo, den er jo sååå underhaldande, lettlest og sexy! Greit nok at eg er midt i målgruppa for boka, men det gjer den jo ikkje mindre bra. Den har ei handling med god driv, mindre sex enn ein skulle tru, og karakterane er ganske realistiske. Eg kan forstå at mange voksne vil seie seg ueinig i det, men om du ikkje har vore ungdom dei siste ti åra, så er du kanskje ikkje klar over at det ei tid tilbake var veldig populært å kalle venninne sine for hore og bitch, óg meine det positivt. (Og grunnen til at alle menna er så sexy, er jo fordi tanta berre plukker ut sexy menn til Mia.)

Men det vart veldig mykje introduksjon! Du har sikkert høyrt «vaskelappen» før, men boka handler altså om Mia Saunders. Faren til Mia ligg i koma, etter å ha blitt banka opp av ein lånehai han skuldar 1 million dollar. Fordi Mia pleide å date lånehaien, har ho fått ein betalingsplan over eitt år – og den einaste måten Mia kan tene så mykje pengar på, er ved å ta jobben tanta tilbyr henne som eskorte. Mia hatar ideen, og ser fram til året med gru. Heldigvis for Mia har ho flaks når det gjeld klientane sine. I januar lev ho livet i Malibu, før ho reiser vidare til Seattle og deretter Chicago.

Eg likte Mia utruleg godt. Ho er fyrig, sjølvstendig og har eit enormt bein i nasen. Kort og godt likte eg boka, og gler meg til å starte på neste. Og for dei som synest sexen var kleint skildra: prøv sjølv, då. Det norske språket er utruleg funksjonshemma når det kjem til erotiske ord som ikkje er anten utruleg kliniske, kleine eller direkte vulgære.

Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016

Fleire bøker av Audrey Carlan finn du HER.