Boka er sponsa av Cappelen Damm
Å, for ei flott bok! Etter å ha lest Spielman si debutbok, En liste for livet, var det nesten skummelt å starte på denne. Tenk om den var elendig i forhold? Men til alle som har lest debuten, vil eg berre seie med ein gong at denne er like god!
Hannah Farr er på ein nedtur. Talkshowet hennar har dårlege sjåartal, kjærasten nektar å forlove seg med henne (og han har ei skikkeleg sur dotter), faren er død og ho har ikkje snakka med mora si på tjue år. I tillegg prøver ein kollega å stele showet hennar (bokstaveleg talt!). Hannah er mildt sagt sur, og i tillegg skal ho plutseleg måtte tilgi mora for å ha valgt elskeren over dottera, berre på grunn av nokre teite «tilgivelsessteiner» som mobbaren hennar frå barneskulen har sendt henne? Det kjem ikkje på tale, heilt til ho plutseleg ikkje har noko val. Og då oppdager Hannah at det kanskje er ho, og ikkje mora, som burde be om tilgjeving.
Dette er ei heilt anna historie enn den fyrste boka, men også denne handler mykje om å ta eit grep i livet sitt; å bli kvitt det som er vanskeleg, vere seg sjølv, gjere det ein ynskjer, og ikkje minst gjere opp for seg. Ei varm og sjarmerande bok, med ei historie som vil sitje att ei stund!
Forlag: Cappelen Damm
Utgivelsesår: 2016
Fleire bøker av Lori Nelson Spielman finn du HER.