Okei, dette er kanskje favorittdiktsamlinga mi. Dette er seriøst god lyrikk. Det er moderne, rett på sak og veldig originalt. Brodersen brukar mange typar metaforar, dei fleste heilt nye for meg, og klisjear finn du absolutt ikkje. Det er brukt mykje allusjonar, og det er jo eigentleg veldig kjekt! For kor glupe og beleste kjenner vi oss ikkje når vi ser og kjenner att peik til andre tekstar?
Hovudpersonen i diktsamlinga er på leiting. Etter seg sjølv, etter minner, etter noko å leve for. Med utgangspunkt i dei tusenvis av søkemotorane vi moderne menneske bruker for å finne svar på alt mogleg, prøver hovudpersonen å finne svar på sine. Men dei store spørsmåla i livet finn vi jo ikkje på internett, eller? Det skjer i alle fall ikkje her. Mente du: Drømmeland? Det er morosamt, sårt, og det vil treffe deg.
Dette er faktisk så intrikat og nøyaktig komponert poesi at eg kunne ha skrive ei fem siders litterær analyse om berre eitt av dikta, men det trur eg ikkje nokon av dykk hadde orka å lese. Så difor held vi oss til enkle omtaler, er ikkje det like greitt?
Forlag: Aschehoug
Utgivelsesår: 2016