Sitat

«Max, Mischa og Tetoffensiven» av Johan Harstad

Max, Mischa og tetoffensiven

Ei bok på nesten 1100 sider, som har bortimot dobbelt så mange ord per side som ei vanleg bok. Over eit døgn med lesing. Å vere i det same universet og i dei same, få karakterane så lenge gjer noko med deg. Spesielt når det er snakk om så godt som rein epikk, utan noko stort drama eller mysterium eller problem som skal løysast. Har eg opplevd Vietnamkrigen? Regissert veldig spesielle teaterstykke, eller solgt svindyr kunst? Nei. Men på eit merkeleg vis har eg jo det, via Harstads bok. Og den må jo ha vore ganske bra, sidan eg «orka» å lese ut denne mursteinen.

Romanen handlar hovudsakleg om Max. Som barn på grensa til ungdomslivet vert han tvangsflytta (av foreldra) til USA, frå Stavanger. Han er rasande over å måtte forlate vennane sine. Max er ikkje så utadvent av seg, og får kun éin god venn når han flyttar til Long Island, nemleg Mordecai. Det er Mordecai som seinare introduserer han for Mischa. Vi følger Max i rundt 25-30 år. Innimellom møter vi også Owen, som blir ein viktig person i Max» liv. Owen følgjer vi i veldig ukronologisk rekkefølgje, og får høyre om hans tid i Vietnam, i notida, om forholdet til Martha, forholdet til Seymore og kona og ein del andre ting. (Ærleg: Owen si historie kunne vore si eiga bok, både når det kjem til spenninga og antal sider, og det ville kanskje fungert betre. Ein slags spin-off av MMT.)

Det går ikkje an å nekte for at boka er god (og det gjer eg heller ikkje), og altså godt skriven. Men eg synest det kjem altfor tydeleg til uttrykk kor hardt Harstad har prøvd å lage setningar som skal verke så poetiske, og vere quotable. Det verkar litt vel falskt litt vel ofte, dessverre. Det er verst i starten. Eg vil ikkje anbefale denne boka til kven som helst, ein skal ha tålmodighet for å kome seg gjennom denne. Enkelte av setningane er ei og ei halv side lang, skild med mange semikolon, bindestrekar og nye setningar i parentes. Det kan bli litt vel mykje, og ingen kan påstå at korkje skrivemåten eller historia i seg sjølv er lettleste. (Det er og ganske mange overflødige skildringar, som med fordel kunne vore kutta ned til éin tiandedel.)

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2015

1 thoughts on “«Max, Mischa og Tetoffensiven» av Johan Harstad

Kommentarfeltet er stengt.