Boka er eit leseeksemplar frå Norli
WOW, HOLY SHIT. Okei, ikkje les denne boka om du er interessert i nattesøvn, for det vil det bli lite av. Om du derimot vil få hjerna di vridd rundt, bli sjokkert og henge på stolkanten til siste side, er dette boka du bør lese. Den er latterleg spennande.
Anne og Marco Conti er i eit middagsselskap i nabohuset. Barnevakta meldte avbud, så den seks månader gamle babyen ligg heime og søv, medan dei har på babycallen og sjekkar innom kvar halvtime. Alt ser ut til å gå greit, babyen har det fint. Heilt til dei kjem heim i halv to-tida og oppdager at babyen er borte. Panikken treff, politiet blir tilkalt og mistankane aukar. For kor godt kjenner du eigentleg dine nærmaste?
Denne thrilleren utforskar skuldkjensla rundt eit barns forsvinning, hemmelegheiter i eit ekteskap og andre familierelasjonar og panikken over å ikkje kunne stole på nokon – ikkje ein gong seg sjølv.
Boka er bygd opp meir som ein roman enn ei krimbok, og nye avsløringar og perspektiv dukkar opp konstant; ein ekte pageturner (eller bladvender, hehe). Det er ei pokker så bra bok, så om du likte Bak lukkede dører og Piken på toget vil du like denne òg!
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017
One thought on “«Naboparet» av Shari Lapena”
Kommentarfeltet er stengt.