Sitat

«Den fordømte friheten» av Kaja Melsom

Boka er eit leseeksemplar frå Norli

 photo Den fordmte friheten_zpsdgueeqph.jpg

Dette er ei slags salig blanding av dokumentar, sjølvhjelpsbok (unnskyld, sjølvutvikling) og essay. Den minner meg veldig om Sapiens av Yuval Noah Harari, på måten den er skriven på. Lettlest, forståelig og ganske så konkluderande. Melsom vert til tider litt moraliserande og påståeleg, men det meste ho legg fram er – i alle fall for meg – forståelege og fornuftige argument.

Denne knøttlille boka tek altså for seg «selvrealiseringstyranniet» i dagens samfunn. Altså det at alle skal vere så kreative, jobbe for seg sjølv, finne den store kjærleiken (som skal få blodet til å bruse heile livet), og ikkje minst vere unike. Blir vi nokon gong bra nok? Viktige nok, spesielle nok? Uunnverlige? Svaret er jo ganske enkelt: NEI.

Dama er altså filosof, men ikkje la det skreme deg. Boka går fint an å lese om du aldri har opna ei filosofibok eller teke EXPHIL på universitetet. Ved bruk av kvardagssituasjonar og konkrete eksempel viser Melsom korleis vi sakte, men veldig sikkert øydelegg for oss sjølve. Dette temaet er jo noko eg faktisk tenker ganske mykje over: Kvifor er vi alle så deprimerte for tida? Kva er annleis no? Kvifor blir det ikkje betre? Måten Melsom setter «for mykje fridom» som kjerna for dette er ganske interessant, og har i alle fall gitt meg ein del svar, og eit nytt spørsmål eller to. Og eg anbefaler også deg å lese denne medan du venter på at den nye boka til Harari skal bli omsett til norsk.

Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 2017

Advertisements