Sitat

«Et sted på grensen» av Emilie Edland

Boka er sponsa av Juritzen forlag

Emilie Edland er eit pseudonym for gudveitkven, og blir snakka om som den fyrste til å skrive ein erotisk roman på norsk. (Eller New Adult-roman, men det er eit merkeleg namn på sjangeren. Husmorporno er mykje meir dekkande.) Eg likte jo Calendar Girl (sue me), sjølv om eg ikkje har rukke å lese den siste boka i serien enno, så eg tenkte å gi denne boka ein sjanse. Og for eit val det skulle ende opp som! Eg har så utruleg mange tankar og meiningar rundt både handling, karakterar og moral i boka at eg absolutt ikkje skal plage dykk med alt, men fleire aspekt ved boka må eigentleg takast opp.

Kjapt oppsummert handling: Nora Adler-Ruud er rik, frigjort og kåt. Ho blir veldig tiltrekt av professoren sin, Nicholas West, og bestemmer seg for å forføre han. Det klarer ho ganske så raskt, og så har dei mykje sex. Utanom forholdet deira, bruker Nora tid på vennene sine, mormora si og ei kollokviegruppe. Sånn enkelt og greitt, er det alt som skjer heilt til Nora oppdager at ho er forelska i Nicholas. (Nicholas er forlova med ei anna, men dei har eit ope forhold medan ho har legeturnus i Nord-Noreg.)

Språket som skildrar den faktiske sexen er utvilsamt betre enn hos Calendar Girl-bøkene (men dei er jo oversette, og det engelske «erotiske språket» er ganske annleis enn det norske, så ein god – og ikkje minst moderne – oversettelse er tilnærma umogleg). Sexen er jo – som i alle erotiske romanar – ganske så idealistisk og nesten latterlig vidunderlig. Så mykje stamina og lårmusklar skulle ein hatt, gitt. Men så har det jo seg slik at vi ikkje les erotiske romanar for den litterære kvaliteten eller realismen i skildringane, vi les den for underhaldning (og nokon bruker den vel for å bli opphissa og). Og som lettlest underhaldning fungerer boka veldig godt. Så folkens, for GUDS SKULD ikkje samanlikne sexlivet ditt med dette. Det er fiksjon.

Som karakter er ikkje Nora eit spesielt likandes menneske, men ho slår meg som veldig ærleg og ekte. Ho bannar (eg skal love deg at dei fleste unge jenter – inklusive meg sjølv – ofte bannar «for mykje», i alle slags situasjonar). Ho er kanskje litt vel feminazi: hatar når jenter gifter seg unge og bruker tid på kjøkkenet. Det blir litt vel «sjå på meg så frigjort eg er som ikkje vil ha eit forhold berre mykje sex fordi eg er ei så moderne kvinne og du bør beundre meg for det». Ho er kanskje ikkje det beste førebiletet, men ho er ikkje det verste innan erotisk litteratur, heller. Og så har ho ein del gode vitser, og det er ein ganske fin diskusjon i boka om prestasjonspresset blant unge jenter på side 190.

Men, eg klarer ikkje å la vere å henge meg opp i eit par ting. Ein har ikkje knoker på ryggen. Å analysere Beowulf på vidaregåande er absolutt ikkje pensum. Når nokon i naborommet føner håret, så er det umogleg å sove vidare. Google maps fungerer som kart utan internett. Uttrykk som «han puster tungt mens han ser tungt ned på meg». Når dei ser ein film på Netflix som ikkje er på Netflix. Boka hadde hatt godt av ei solid runde innstramming, korrektur og språkvask, for her er mykje som kunne vore betre.

Ein annan ting som plagar meg, er Edlands udiskret forsøk på å drive seksualundervisning. Spesielt når det ikkje er så vellukka. Joda, fint å ikkje ha sex i berusa tilstand, og å diskutere prevensjon i forkant. Men når dei bare pesa på med analsex uten kondom, men bare vaska seg før dei har vanlig sex igjen, så blir eg frustrert. Eit kjapt Googlesøk ville vore nok til å finne ut at det absolutt ikkje er hygienisk nok. Det norske folk treng absolutt seksualundervisning, og det er eit bra forsøk, men eg håper at den ekte jobben til Edland ikkje er helsesøster på ein ungdoms- eller vidaregåande skule.

Så for å oppsummere! (Takk gud for at innlegget straks er over, tenker du kanskje no?) Har Edland klart å skrive betre husmorporno enn Fifty Shades of Grey – slik målet var? No har eg ikkje lest den berømte SM-trilogien (eg har betre bøker å lese), så utan å samanlikne kan eg seie at det er ei god bok i sin sjanger. Altså, den tek seg veldig opp i siste halvdel, og eg skal driste meg til å slenge ut ein femmer (ikkje at eg eigentleg brukar terningkast, men berre så du får ein peikepinn, liksom). Eg les gjerne bok nummer to dersom den skulle komme.

Forlag: Juritzen
Utgivelsesår: 2017

One thought on “«Et sted på grensen» av Emilie Edland

Kommentarfeltet er stengt.